27. april 2008

Ønskeliste

Ja, då nærmar tida seg; tida for at eg blir gammalmyndig.. 21 år.

Og for å gjere eventuelle spørsmål om kva eg ønskjer meg lette å svare på, tenkte eg at det kunne vere greitt å lage til ei liste; ein oppdatert versjon av julelista mi:D

Dette er ikkje ei liste med ønske i prioritert rekkefølge, men ei samling ønske eg har;)

 - Isskei
 - Brettspelet "Ticket to Ride"


 - Utviding av kortspelet Bohnanza - NB: MÅ vere i tysk utgåve!!!
 - Kortspelet Ligretto
 - Pengar - alltid greitt å ha!
 - Brev/ kort i posten:D
 - Boka av Ingrid Espelid Hovig: "365 sunne middager på en halv time"



Framhald følgjer kanskje... :D

23. april 2008

Dagens tips!

Dersom du føler trangen til å kræsje i ein garasje og øydelegge ei skinne på ein garasjeport, og du helst vil komme unna det ganske greitt økonomisk; kræsj i ein ny!

Då blir der kanskje enno produsert ekstra delar, slik at du ikkje treng å betale for fullstendig ny garasjeport.....

6. april 2008

DUA og interessante punkt frå KRL-undervisninga

Jepp, fredag var det klart for DUA-undervisning igjen; undervisning i Drama som Utrykksmåte og Arbeidsform. Fredag var det biletteater som stod på programmet; arbeid med tablå og innføring i litt om ein kjende teatermann, Augusto Boal, og metodane hans, dei undertrykte sitt teater. Greitt nok; for så vidt ein fin metode å bruke i arbeid mot til dømes mobbing og andre konfliktar der nokre blir undertrykte, så vidt eg har forstått det.

Elles vil eg nemne nokre ting eg har lært i dei siste KRL-timane:

→ Vi kan ikkje vite at det var eit eple Eva og Adam åt i Eden. Bibelen seier berre at det var ei frukt. Den beste gjettinga på kva frukt dei åt, er fiken. Det er fordi det er det einaste artsnamnet som blir nemnt i denne forteljinga. Dessutan blir fikentreet elles i Bibelen brukt som eit visdomssymbol, noko denne frukta gav.


Frukta fiken

→ Grunnen til at det er sagt at det var eit eple, kan vere at opphavet til dette ordet, det gammalgermanske ordet "appel", vart brukt om frukt, noko som har gått over i moderne språk som eple; dessutan blir dette ordet òg i dag brukt om andre frukter (i norske dialektar om potet, pineapple er det engelske ordet for ananas).

→ Adam levde i 930 år; dette kan vere forklart med at familienamnet Adam overlevde i 930 år.

→ Bøndene i første Mosebok går det gale for.

→ Søndagen blir dei fleste stadar i verda sett på som den første dagen. Gud såg at det var godt to gongar den tredje dagen – difor blir tysdag sett på som ein ekstra god dag, og var tradisjonelt bryllaupsdagen hos israelittane.

→ Det står ingenting i bibelteksten om at Adam og Eva var dei første menneska på jorda.

→ Storflaumen i Noa si tid kan, om ein oversetter eit ord i grunnteksten på ein annan mogleg måte enn den tradisjonelle, vere ein flaum i eit avgrensa område.

→ Forteljinga om Noa som drikk seg full og forbanninga hans over Kanaan, sonen til Kam, i 1. Mosebok 9, 20-27, er blitt brukt til grunngiving for slavehandelen, i og med at Kam (betyr "varm") er rekna som forfaderen til folk som bur i varme land (afrikanarar og indarar t.d.).

→ Det bibelske folket samaritanarane lever enno; dei er 648 i talet og har teke vare på slektsforhold heilt sidan Adam. Dei er eit konservativt folk, og er dei einaste frå det gamle Nordriket, som vart styrta av assyrarane i 722 f. Kr. (tradisjonell tidsrekning), som vi i dag veit noko sikkert om.

→ Jesus er både frå Juda og Levi stamme; både konge og prest.

→ Den brennande buska i 2. Mosebok 3; Det var vanleg at busker begynte å brenne, pga at sollyset vart reflektert i kalkstein og flint, som fantest i store mengder. Nokre buskartar i dette området må òg brenne for å formeire seg. Men denne buska heldt fram å brenne; det var det som gjorde at Moses måtte bort å sjå.

→ Farao vart rekna som den egyptiske guden. Difor var ikkje farao viljug til å høyre på det Moses og Aron sa, for kven var Herren? Korleis kunne han vere mektigare enn farao?

→ Stokken som vart til slange; det er mogleg å gjere. Om natta er slangen stiv, pga kulden. Om dagen kan dei røre seg på seg. Til kvelden blir slangen stiv att. Ein må likevel vite kva ein gjer.

→ Manna – betyr ”kva er det?” – mykje av det vi les om i Det gamle testamentet er der forklaringar på, men hittil har ingen klart å finne ei god forklaring på kva manna er/ var.


Innsamling av manna

→Det hebraisk språket er eit ordfattig språk, utan verbtider. Difor kan dei ulike hebraiske orda som den originale teksten i Det gamle testamentet er skrive med, oversettast med mange ulike norske ord, og vi kan ikkje vere sikre på tida verba er meinte å stå i.

→ Den lidande tenaren i Jesaja 53 har av jødane blitt tolka som Holocaust; det jødiske folket leid for noko andre gjorde.

Elles har helga gått med til sløving og baking av nyyydelege kjeks:D

1. april 2008

Forelesning om barnebøker

→ Yey, fekk til å lage pil. Gøy!

→ Ja, ja... Barn og gleder og sånt...

→ Elles går jo livet sin gang.

→ Påskeferien: Leiren var kjekk; 28 deltakarar og seks leiarar. Fekk tid til å besøke bestefar, der vi møtte eine onkelen min òg, og tanta til JB, så det var òg kjekt:) Då leiren var ferdig, i 12-13-tida tysdagen, reiste eg og JB til Kråkenes att etter å ha vore innom aldersbustadane og helst på bestefar og tanta til JB (som arbeider der) endå ein gong. Kjekt.

Onsdagen slappa vi av, for det meste. JB reiste til Vik att om kvelden, og eg pakka. Torsdag morgon reiste vi til bestemor, og kom fram dit rundt 17. Fredagen reiste mamma, pappa, PK, JE og AM på skitur. Eg, bestemor og Bergsvein reiste til Øre Kyrkje og gudsteneste der. Då vi kom heim att skreiv eg litt på dramaoppgåva vi skal skrive etter barneteaterførestellinga "Hjalmar" (sjå tidlegare innlegg), før eg hjelpte bestemor med middagen; Kalkun. Det var veldig godt og eg åt det for første gong:)

På laurdagen kom to av søskenbarna frå pappa på besøk, med fire av tremenningane mine. Kjekt å få helse på dei òg. Søndagen gjekk med til gudsteneste i Øre Kyrkje, der eg møtte ei av kjenningane mine frå kullet som gjekk før meg på BiG, aure til middag, litt pakking og speling av Flåklypa Grand Prix på pcen (noko det for så vidt var ein del av tidlegare i helga òg:D).

Måndagen var det store reisedagen. Vi reiste frå bestemor 9.20 og rundt midnatt var eg tilbake på Breistein, etter å ha vore innom Stryn, Kråkenes, Balestrand og Vik. Litt av ein rundtur!

→ Etter ferien har no dagane gått.. undervisning om Det Gamle Testamentet; skapingsforteljinga, syndefallet, storflaumen, tårnet i Babel og fedrehistoria... og undervisning om biletbøker

→ Yey!