24. desember 2011

Årets peparkakebygg på Kråkenes

Det siste halve året har livet vore særs levande, nærast på grensa til uleveleg ved nokre høve. Men no er det jul og ferie og ei fredeleg tid. Dette året feirer eg og mannen jul i Vik, hos hans familie. For min del blir det første jul heimefrå. Det er spennande på sin måte:)

Men før vi reiste til Vik, var vi heime på Kråkenes nokre dagar og fekk med oss peparkakebaking og juletrepynting. Stas! Eg og Per Kristian, eldstebroren min, har i mange år no vore ansvarlege for peparkakehuset heime. Det har blitt revidert nokre gongar, frå det originale til ein kopi av huset vårt på Kråkenes til dette året, dette;


Under konstruksjon
Ny teknikk og morsomt resultat! Godt jobba, PK, JB og AM :)

Med dette vil eg ønskje alle ei riktig god og fredeleg jul!

14. mai 2011

Bevis

I desse tider har eg mange vener som førebur seg til eksamen i matematikk. Då fann eg det passande å presentere og preservere denne adressa:

http://home.online.no/~ertorkil/diverse/Chau-pei-Suan-ching/Pytagoras.htm

Spørsmål?

10. mai 2011

Ein nydeleg dag i Bergen og minner frå ein tur

Målet for turen var å sjå på arkitekturen i Bergen - her er bygd mykje rart

I toppen av Skivebakken fann eg dette måleriet

Litt lenger nord kom eg over ei gammal dør - eller iallfall eit gammalt skilt

Oppi åssida mot Fløyen er der trangt om plassen - dette må vere den minste verandaen i byen

Nød lærer naken kvinne å spinne

9. mai 2011

Innkommande oppringing: 37408560

Usikker på om eg vil ta den - dette er mest sannsynleg ein seljar.
Tek den likevel.

Opptattsignal..
Sjekkar statusen - det er ikkje lagt på
Hallo?
Hei?
Hallo!
Heisann! Er det Solveig jeg snakker med?
Jada, det er det.
Hei! Dette er Robin fra damebladet Det nye som ringer.
Jaha?
Er du interessert i mote, Solveig?
Eh.. Nei. Er veldig lite interessert i det, eigentleg.
Akkurat, ja.. Da er det vel ikke så fristende med et abonnement på et moteblad..?
Nei, det er igrunn ikkje det.
Nei.. Ja, ja, da får du ha en god dag videre!
Jo, takk for det og det samme til deg!
Takk, takk! Ha det bra!
Ha det bra!

14. april 2011

Teikneseriar om nynorsk grammatikk

Læraren i meg dukkar fram frå tid til anna. I løpet av norskfaget eg tek dette skuleåret, har vi fått tilbod om å starte å abonnere på bladet Nynorskopplæring frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Det har eg begynt å gjere og no har eg fått første bladet.

Der var det mykje interessant. Temaet denne gongen var litteratur i skulen, og bladet gav ein del tips til arbeidsmåtar og bøker. Bladet er gratis å motta og kan bestillast på ror@hivolda.no - gjer det gjerne, spesielt om du er eller vil bli norsklærar;)

Noko anna det stod om i bladet var teikneseriar dei har fått laga. Her kan du lese dei:
http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/123nynorsk.html

9. februar 2011

Salemsauer!

Den 29. januar (gratulerer med overstått, Per Kristian!) var det møteverkstad i Salem. Sidan eg var på gruppa som skulle ha ansvaret for søndagsskulen søndagen etterpå, og det ikkje skulle vere søndagsskule fordi barna skulle delta på planlegging av gudstenesta på møteverkstaden og på gjennomføringa på søndagen, stilte eg, saman med storparten av gruppa mi, på møteverkstaden og tok ansvaret for å lage sauer. Eller rettare sagt; kjøleskapsmagnetar i saueform. Eg synest dei vart veldig fine, og dei var enkle å lage. Herved er ideen formidla:)


7. februar 2011

Utan tittel

Screenshot frå Minecraft

21. januar 2011

Julegåve: Set!

John Eivind gav meg eit kjekt spel til jul! Ikkje alle er heilt samde og kanskje i ulike grad samde, men eg synest det er kjekt. Det er eit kortspel som går ut på å sjå kort som høyrer saman. Ei engelsk forklaring, samt utprøvingar fann eg no på http://www.nytimes.com/ref/crosswords/setpuzzle.html, og eg anbefalar å sjekke det ut! Spelet har visst fått over 25 'beste spel'-prisar, i følgje boksen, mellom anna sitat spelereglane: "MENSA Select Award, Dr. Toy's 10 Best Games Award, Creative Child's Preferred Choice Award, Games Magazine "Games 100 Award" og Teachers' Choice "Best 25 Games of the past 25 years"". Den siste fell jo då spesielt i smak ;)
Det kan vere litt vanskeleg å komme inn i spelet heilt med det same, men øving gjer meister! Spelet er allsidig òg; det passar for alderen 6-99 og med 1-20 spelarar. Det er ganske greitt å spele åleine, men aller kjekkast når ein er mange, og gjerne på same nivå i spelet (sjølv om det kan vere gøy å gruse innimellom;)). John Eivind har spelt det på ungdomsleirar og spelet vart populært hos svigerfamilien, der det kan vere veldig vanskeleg å få gjennom andre spel enn dei som går føre seg på skjerm. Bottom line: Eg liker dette spelet!

16. januar 2011

Godt nytt år og takk for det gamle!

Dette vårsemesteret har eg bestemt meg for å ha det travelt med skulearbeid. Slik kan eg unngå daffeperiodar som ikkje er godt for noko og i tillegg ende opp med både adjunktkompetanse og bachelor i kristendom/religion. Jammen ikkje verst, tenkjer eg. Så viss alt går etter planen, blir det fire eksamenar og ei eksamensoppgåveinnlevering i løpet av våren; norsk 5.-10., kunst og handverk til glede og nytte, examen philosoficum, examen facultatum og ei tipoengs fordjupingsoppgåve i RLE1. Kjekke emne og eg får litt meir fast skule-/forelesingstid. Det er bra for disiplinen;)

Elles har eg og vi det bra i 2011. I dag er det ruskever, men vi kosar oss inne. Med speling, seriar og litt småplukk her og der. Snart arkivering, snart strikking, snart lesing for min del og snart data, snart matlaging, snart rydding for mannen. Mannen min er veldig snill!

Denne veka var det ekstra godt med helg. Trur det kan bli fleire slike. Iallfall etter den oversikta eg no har fått etter å ha fylt almanakken. Er bra når helga blir verdsett! Det betyr at ein har gjort ein god innsats i veka og at ein så kan kvile ut med godt samvit og gjere det ein vil. Fantastisk! Det gler meg!

I radioandakta vi høyrde i dag, snakka predikanten om glede. Glede i Herren. Vi er heldige som har den. Vi kan gle oss sjølv om vi sørgjer eller ikkje har det bra. For vi har Ein som vi kan stole fullt og heilt på, Ein som har gitt oss det beste og som stadig ber for oss. Vi kan gle oss same kva vi måtte komme ut for. Og gleda er stor!

Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus. (Filipparane 4, 4-7)