15. september 2014

Tilrådd: Daily Zen List

Zen er ei form for buddhisme. Såleis trur eg ikkje alt som har med det å gjere skal slukast rått. Mange zen-idear har likevel blitt populære, og det er eit ord som ikkje nødvendigvis alltid peiker tilbake til den buddhistiske tradisjonen. Nokre gongar blir det nesten brukt i motsetnad til ideane det eigentleg er henta frå. Ein kan nesten seie 'zen' er blitt eit kvardagsord.

Kor mykje Daily Zen List har å gjere med zen, skal vere usagt. Det er ei side der ein Johnny Webber legg ut lister i fleng, som gir tips om litt av kvart, både generelle tips og lenkjer til andre nettsider med spennande ting.

Her er nokre av mine favorittar:

Ein kan finne mykje informasjon på nettet. Ikkje alt er bra, så kjekt med slike sider som gjer det lettare å finne ting ein liker.

13. september 2014

Musikk til avslapping og mimring

Ja, eg har funne nettsider til begge deler! For å seie det slik: StumbleUpon er ganske ok innimellom! :)

Www.jazzandrain.com er perfekt til stunder du vil ha roleg musikk på øyret, men utan tekst. Kanskje treng du merksemda di til andre ting enn å lytte til kva artisten har å seie? Ein kan velje mellom ulike typar jazz og om ein vil ha regn eller ikkje i bakgrunnen. Ganske så koseleg. :)


Mimring kan vere spennande å gjere gjennom musikk. Eg har til dømes enkelte låtar eg alltid høyrde på hos naboen, medan vi spelte Mario, i hine hårde dagar. Høyrer eg dei att, er det som eg er tilbake då. The Nostalgia Machine er ei side der ein kan finne musikk knytt til bestemte årstal. Er du nysgjerrig på kva som var mykje høyrt på eitt eller anna år frå 1960 til no, er dette sida for deg!


12. september 2014

Ny gøy side!

Prøv weavesilk.com! Ulike fargar og symmetrifunksjonar gir spennande kombinasjonar. Verkeleg fascinerande :) To av mine kreasjonar:



11. september 2014

Origami

'Ori' er eit japansk ord som betyr 'å brette' og 'kami' betyr 'papir'. 'Origami' betyr altså 'å brette papir'. Eit enkelt biletsøk på nettet gir tusenvis av døme på kunsten. Her kan ein finne både ulike oppskrifter og historie til temaet. Tilrådd på det sterkaste!

For min del er det eldste broren min som har gjort meg merksam på opplegget. Han var særs ivrig ei stund, og gav til dømes vekk femtilappar bretta som skjorter i ulike bursdagar.

Eit anna klart minne knytt til origami er eit teikna fjernsynsprogram. Det var ei forteljing spunne rundt den japanske myten om at om ein brettar 1000 papirtraner, vil ein få eit ønske oppfylt. Heilt sikkert inspirert av historia om jenta Sadako som fekk leukemi etter atombomba i Hiroshima og døydde av det, etter å ha bretta over 1300 traner. Hennar høgste ønske var å bli frisk og å få fred i verda. Ho fekk ikkje vekse opp, men har blitt ei av mange historier som inspirerer til fred. Vi kan alle vere med på å gjere den til ein realitet!

Eg finn mykje fred i naturen - prøv du òg!

7. september 2014

Haustprosjekt i Kinn Kyrkjekor: Requiem av Gabriel Fauré

Rundt februar i år starta eg å synge i Kinn Kyrkjekor. I vår hadde vi eit morosamt og variert repertoar frå både klassisk og meir moderne musikk. Det var kjekt å vere med på! Kjente på stor meistringskjensle kvar gong vi fullførte eit stykke med suksess.

I haust har vi starta på eit stort prosjekt. Saman med Førde Kyrkjekor skal vi øve inn og framføre Gabriel Fauré sitt Requiem. Det er eit vakkert musikkstykke på til saman sju satsar og ei lengde på rundt 35 minutt.

Dirigenten vår, Sebastian Ryll, har gitt oss ei YouTube-lenkje til stykket med notar å følgje med på. Sjekk det gjerne Sjekk det gjerne ut!

Kan du lese notar, er denne YouTube-versjonen veldig grei!
Eg syng alt. Sjekk gjerne ut sats 5 - ganske tricky!
Kinn Kyrkjekor og Førde Kyrkjekor skal framføre verket i Florø 8. november og i Førde 9. november. Kom gjerne og høyr!