30. januar 2007

Velkommen til 2007!!!

Kvart nytt år og kvar ny dag er nye sjansar! Ved slike tidsskiller kan ein velje å halde fram i samme spor, men ein kan òg velje å starte på noko nytt, utan at det burde forskrekke så mange. Det er opp til ein sjølv korleis ein vil nytte livet og åra og dagane sine, og eg trur det er viktig å vere obs på korleis ein nyttar tida si.

Som ungdom trur eg ein er meir impulsiv, nettopp fordi ein er klar over at ein er inne i ei viktig tid, som vil avgjere korleis ein kjem til å få det vidare i livet. Ein gjer ting som ein trur vil komme til å bli vanskelegare å gjere etter kvart. Men sjølv som ungdom, og endå meir som vaksen, trur eg, er det lett at livet blir vanleg, at dagane berre går og ein veit ikkje heilt kva det er som skjer. Plutseleg er eit år gått...

Nokre gonger går tida frå oss...

I livet mitt skjedde det utruleg mykje i 2006. Og no er vi allereie ein tolvdels ferdig med 2007. Skummelt!!! Det er nesten ei slik kjensle eg sit inne med. Tida går fort!

Hittil i 2007 har det òg skjedd mykje. Året starta med slutten av juleferien, ei veke heime. Det var fantastisk herleg å ha så god tid heime! Juleferien var på heile tre veker, og eg naut kvar dag!!! Familien min og heimen min er den beste!!!

Mitt kjære Kråkenes

I løpet av søndag den 7. januar susa ein blå bil med ein nordfjording, ein sunnfjording og ein sogning nedover landet. Turid, eg og John Bjarne reiste då, sjølv om opplegget på bibelskulen ikkje starta før kvelden den 8. januar. Grunnen var at eg skulle på glattkøyring på måndagen. Reisa nedover gjekk greitt, sjølv om den vart langdryg... Og kvart over ti dagen etter, reiste eg og Ingrid saman med Harald, vår kjære køyrelærar, til glattkøyringsbana ved Sørlandssenteret. Der hadde vi ein innhaldsrik og morosam dag, før vi reiste tilbake att til bibelskulen, møtte resten av gjengen som kom etter kvart, og òg skuleovertakarane som styrte skulen dei tre første dagane etter ferien.

Det kjekke med skuleovertakinga var at eg kjende 4 av 8 som var der! Ein, Olaf, frå CompACT 2004 og så tre frå BiG-teamet 04/05; Anna, Bjørnar og Odd Magnus. Kjekt å møte dei att!!! Gode folk! Det var forsåvidt dei andre skuleovertakarane òg, så det vart flotte dagar med dei. Leitt nok fekk eg ikkje med meg onsdagen, for den gjekk med til reising.

Her er nokre av leiarane frå CompACT 2004, og i midten Olaf

Då gjekk nemleg turen til Ecuador!!! Kvart på ni møtte 13 studentar og Anne Mari opp i hallen, ferdig pakka og klare til å putte alt i bilar og køyre til sentrum for å ta flybussen til Kjevik, og derfrå fly til først Amsterdam og deretter vidare til mellomlanding i Bon Aire, Nederlandske Antillene og endeleg framme i Guayaquil, Ecuador i 7-tida om morgonen, ecuadoriansk tid, på torsdagen. Det skulle vise seg å bli ein veldig kjekk, opplevingsrik og travel tur, som eg kjem til å hugse resten av livet!

Utsikta frå huset vi budde i i Guayaquil, Ecuador

Vi kom heim att frå Ecuador måndag 22. januar omtrent midt på dagen, godt solbrente, og dei fleste med ein mage som ikkje var heilt samarbeidsvillig. Vi vart mottekne med ein fantastisk velkomst av resten av bibelskulefamilien! Det var utruleg kjekt!!! Mange klemmar, smil og godord. Slikt set eg STOR pris på! Tusen takk skal de ha!!!

Så var det ei veke med skule og slikt. TT-studentane var òg på skulen, så eg fekk vere mykje saman med Maria, noko eg sette stor pris på! God jente!!! Onsdagen var det fotografering, til stor ergrelse for nokre av Ecuador-fararane, som var solbrente i ansiktet... Men trur det gjekk greitt. Vi fekk òg skulegensarane våre denne veka, noko som var stor stas! Dei vart flotte! Applaus til Jon og resten av skulegensarkomiteen!!!

Helga som gjekk var god! Det var Impuls for mange av folka på BiG, og nokre reiste heim, så det gjorde at att på skulen vart berre 16 sjeler. Det betydde graut på bordet vi sat ved på laurdagen, i staden for på anretningsbordet, og god plass til å boltre seg med det ein ville. Det vart nesten plass til alle på datarommet;)

Eg, Anette og John Bjarne nytta laurdagen til tur til sentrum, bollebaking og tacoeting. Så no er det bollar i frysaren, klare til å takast ut og fram når det skulle vere behov for litt ekstra stas:) Søndagen brukte eg og Anette til å rydde rommet vårt på BiG, samt pakke til teamtenesten, som begynte i går.

Anette og John Bjarne i full gang med bollebaking i stova på 2aren;)

No er eg tilbake att på Birkeland Folkehøgskule, til andre teamtenesteveke. Så langt har alt vore fint. I går kveld hadde vi litt leiking og spel og synging i peisestova og i dag hadde Kaare og Ingrid morgonord om "hvem kan ligne Jesus?". Veldig bra! Og etterpå var det herleg å legge seg og sove nokre timar til;)