25. februar 2009

Liv

Liv kjem og liv går.

Gud gav oss tida for at ikkje alt skulle skje samstundes.

23. februar 2009

Underenes tid er ikke forbi!

Klok av skade (sist måndag på datarommet var så og seie kaos) klarte eg i dag å bli samd med 23 sjetteklassingar om fire reglar, som skulle gjelde når vi var på datarommet:

1. Ikkje snakke med sidemannen
2. Ikkje bråke og berre hviske når ein skal ha hjelp
3. Rette opp handa når ein lurer på noko
4. Ikkje gå inn på ikkje-relevante sider

Er nesten litt stolt her eg sit:D Beste dataromtime eg har hatt:)

17. februar 2009

Cristóbal Moreno Toledo

Obs, obs! Her kjem mimring frå langt tilbake. Håpar det går greitt:)

Den gong (for veldig lenge sidan :p) eg enno budde heime, dekorerte eg rommet mitt med alt mogleg. Eg var så lite glad i tapetet som "pryda" veggen på rommet mitt at eg hengte opp teikningar, plakatar, bilete og meir for å skjule mest mogleg av den. Noko av det eg vart spesielt glad i å henge opp, var dei små biletkopiane frå kalendarane frå Munn- og Fotmalende Kunstneres Forlag. Etter kvart begynte eg å ønske meg desse kalendarane til jul, og kan no seie at eg har ei ganske respektabel samling av 12,5x13 cm små bilete med mangfoldige motiv - og nokre er finare enn andre. Kalendaren frå 2007 fekk eg ikkje til jul året før - den vart gløymt. Men eg fekk den seinare, då den plutseleg dukka opp att. Då tok eg den ikkje i bruk, men hadde den med.

I dag bestemte eg meg for å klippe vekk kalendaren og gjere bileta klar til opphenging (sjølv om eg ikkje kjem til å henge dei opp på ei stund, kjenner eg meg sjølv rett). To av bileta i denne kalendaren likte eg særskilt godt - bileta frå september (Gylden høst av Boonhome Kotchompoo) og desember (Et barn er født av Cristóbal Moreno Toledo). Begge desse bileta var malte med munnen, og imponert som eg blir av slike bragder, bestemte eg meg for at eg ville prøve å søke dei fram på nettet for å kunne vise dei fram her på bloggen min. Det klarte eg ikkje, men fann dette biletet du ser her for å vise litt av måleteknikken til Toledo, og òg eit vakkert motiv.

Som ei oppfølging av forrige post - eit engelsk ord: Enjoy! ;)

16. februar 2009

Yeah, yeah!

Det er eit mykje brukt uttrykk i lydboka eg høyrer på for tida: Lærer'n av Frank McCourt. Ord brukt til å uttrykke både glede og svar på læraren sine spørsmål. Kan for så vidt anbefale boka - spennande og fengande om ein lærar sitt virke.

Yeah, yeah, kan òg skildre kjensla eg no sit med; det å vite at eg ikkje skal på praksisskulen i morgon, men ut på NLA. Og eg er ikkje nøydd til å stå opp halv sju for å nå skulen, men kan faktisk sove til nærare åtte! Fantastisk:D Vi skal riktignok arbeide med aksjonsforsking og skrive rapport, men det er likevel anstrengande på ein heilt anna måte enn å vere på praksisskulen.

Yeah, yeah!

15. februar 2009

Pust og pes


Dette ordparet kan uttrykke den nødvendige balansen mellom arbeid og kvile, som er så viktig for alle menneske. Vi treng alle å kvile innimellom, til og med Jesus trengte det - Han var eit menneske Han òg.

Og vi treng å arbeide. Vi treng å vite at vi gjer noko viktig, noko som betyr ein skilnad - vi treng å vite at vi duger til noko, at vi får til noko, og at nokon ser oss. Under arbeid kan vi la tankane vandre, eller bli så oppslukt at vi slepp tankespinnet. Begge deler kan vere ei velsigning.

For min del har livet vore mykje pes i det siste. Eg har vore kraftig forkjøla, og hatt fleire ballar i lufta enn kva eg strengt teke burde ha for å halde meg over vatnet. Det har ført meg ned i ein dal, men òg inn i ei erkjenning av at det ikkje er mogleg å gjere alt perfekt heile tida. Fantastisk. Og eg er på veg oppover att.