13. mars 2008

Ferdig med kunst og handverk for i år

Jepp, det er eit faktum at eg no er den einaste i mitt kull som fullførte kurset i kunst og handverk. Litt trist på ein måte, men veldig godt å vere ferdig med eksamen!!!

Var veldig heldig med spørsmålet frå fagpensum eg trakk; det gjekk på fargesirkelen til Itten og fargekontrastane og -harmoniane hans. I tillegg fekk eg spørsmål om kva additative og subtraktive fargar er. Dette var vel i grunn noko av det siste eg las på og repeterte før eg gjekk heimefrå i dag føremiddag;) Nydeligt:)

Det som ikkje var fullt så bra var eit uhell eg gjorde meg skuldig i i går.. Men det får no vere så si sak. Det som er gjort er gjort, det viktige er å lære av feila ein gjer... og prøve å ikkje tenke for mykje etterpåklokt; det fører ingen stad...

I alle høve: No er det påskeferie og eg har tenkt å nyte den! Planen er først leir på Fjordly og deretter familietur til Nord-Møre og bestemor. Håpar det blir bra:)

Vil ønske alle mine lesarar ei hyggeleg og fredfull påske, men òg oppmuntre til ettertanke og refleksjon over det som er grunnen til at vi feirar påske; det faktum at Jesus døydde og stod opp for at alle menneske, òg du, skulle kunne få evig liv i Han! AMEN!!!

Korset er tomt, grava er tom, Jesus stod opp og Han lever!!!

2. mars 2008

Gode barnebøker og illustratørar

Då var eg ferdig med oppgåva i norsk. Omsider. Det gjorde godt. Håpar den blir godkjent og at eg slepp å rette på den etterpå.

Men i løpet av arbeidet fann eg ut at eg ville lage ein blogg om gode barnebøker og illustratørar eg "vart kjend med" i løpet av barneåra mine. Det starta med at eg skulle lese gjennom ein versjon av eventyret "Askepott" frå ei barnebok eg las mykje i som liten. Eg var, og er framleis, veldig fascinert av teikningane i denne boka, og fann ut at eg ville heidre illustratøren av boka, Rie Cramer. Men i det eg bestemte meg for det, kom eg på andre bøker eg òg likte og liker godt. Dermed tek eg med dei òg:)

Så, her er lista:

1. RIE CRAMER; denne dama som eigentleg heitte Marie, vart fødd i Indonesia 10. oktober 1887, men var nederlandsk og døde der 18. juli 1977. Ho illutrerte boka mi med åtte kjende eventyr. Vakkert! Her kjem nokre døme på teikningane hennar, etter eit portrett av henne:






2. PHILIPPE FIX; Vart fødd i 1937 nordaust i Frankrike, og for min del vart eg kjend med han gjennom boka mi "Serafin og hans makelause meisterverk". Det er bøkene om Serafin han er mest kjend for. Sprudlande fantasi!!! I boka bygger Serafin, saman med venen sin Plym, det perfekte huset. Det einaste dei manglar til slutt er musikk, og etter ei stor innsamling av mykje forskjellig får Serafin bygd dette instrumentet, som òg prydar framsida på boka mi:



3. SVEN NORDQVIST; Fødd 30. april 1946 i Helsingborg og er for meg mest kjent som illustratøren av bøkene om Gubben og Katten og bøkene om Mamma Mø og Kråka. Livlege og detaljerte teikningar, gjerne med små vesen, som ikkje har nokon ting som helst med handlinga å gjere;)





4. ELSA BESKOW; var svensk og levde frå 11. februar 1874 til 30. juni 1953. Henne kjenner eg best gjennom boka mi "Puttes eventyr i blåbærskogen". Heile boka går på vers og teikningane er flotte! Putte går i skogen for å plukke bær i fødselsdagspresang til mora si, men finn ingen bær, heilt til blåbærkongen kjem og hjelper han. Her er eit bilete der Putte blir servert, saman med blåbærgutane og tyttebærjentene, tyttebærmat av tyttebærmor:



5. JEAN DE BRUNHOFF; levde frå 9. desember 1899 til 16. oktober 1937 og var ein fransk forfattar og illustratør. Det han er mest kjend for, òg for meg, er bøkene om Babar, som først kom i 1931. Dette var opprinneleg historier kona hans fortalte til sonen deira. Brunhoff døde tidleg av tuberkulose, i ein alder av berre 37 år. Då hadde han forfatta sju bøker om Babar, men ikkje fått gjort ferdig illustrasjonane til alle bøkene. Dette verket fullførte sonen hans. Her er døme på teikningar:





Jepp. Dette er lista mi. Skulle du få lyst til å lese eller sjå i nokre av desse bøkene, er det berre å ta kontakt, så skal vi sjå om det kan ordne seg;) Kom gjerne med kommentarar til lista:)