29. april 2013

Å slappe av

Kva gjer du for å slappe av?

Laurdag var eg på kino. Såg Iron Man 3. Saman med mannen min og ein kamerat. I Florø. Etterpå vart ektemaken spurt om korleis det var med jern mann. Joda, var liv i han. Grei skuring og underhaldning. A no-brainer. Avslapping?

Fredag fekk eg tak i tre nye potter og ti stemorsplanter. Pottene var til dei tre siste pelargonia-stiklingane mine. Eg fekk to potter med raude og kvite pelargonia av mamma for ei stund sidan. Dei var litt store og dominerande, så vi klipte dei ned ein del. Dei største stilkane vi klipte av, sette vi i krus med vatn i påvente av at dei skulle røte seg. Fire stilkar gjorde det ganske raskt, og eg fekk planta dei i potter for seg. Den eine vart framleis litt stor då eg planta den, så den klipte eg av endå ein gong, og sette den avklipte stilken i koppen saman med dei to siste stilkane, som då ikkje hadde fått røter enno. For nokre dagar sidan hadde desse tre òg fått røter, så no har eg plutseleg ni pelargonia-potter! Kjekt å sjå at det spirer og gror. To av pottene har begynt å blomstre. Ei av dei eg fekk frå mamma og ei av dei eg planta første gongen. Begge desse har kvite blomar. Spennande å følgje med på kva som vil dukke opp av dei andre. Avslapping?

Kvit Pelargonia i vindaugskarmen min
Den gule stemorsblomsten heilt til høgre, som overvintra frå i fjor, har fått selskap av mange nye fargar
Førre helg var eg med på Florø Maraton Rett Vest. Men nei, eg sprang ikkje maraton. Eg gjekk og delvis jogga mosjonsklasse 5 km. Det vil seie fem km utan tidtaking frå arrangørane si side. Eg tok tida sjølv. I veka før var eg ute og gjekk meir eller mindre lange turar omtrent kvar dag. Eine dagen var eg ute i to timar. Fint å vere ute sjølv om veret var surt. Avslapping?

Deltakarmedaljen min frå Rett Vest 5 km mosjonsklasse
Kva gjer du for å slappe av?

27. april 2013

Ønskeliste

Så er tida her igjen, tida for spørsmål om ønskeliste. Koseleg at det framleis er eit emne som dukkar opp innimellom. Tusen takk for all merksemd!

Eg ønskjer meg (ikkje i prioritert rekkefølgje):
- brev/kort i posten
- utstillingsstativ til serveringsfat
- steinmortar
- lokk til steikepanne 28 cm
- lysestakar i glas frå Tilbords (Silence, trur eg dei heiter)
- speilreflekskamera
- tjukkesokkar
- kvardagsskjerf
- 12 Nora biffknivar
- 24-delars sett med bestikket Svaberg, 18/10 rustfritt stål
- 6 Drage sølvteskeier
- brettspelet Blokus
- spelet Mastermind
- spelet Othello
- PC-spelet om Flåklypa Grand Prix (caprino.no)
- Caprinos filmsamling (caprino.no)
- biletboka Du er unik av Max Lucado
- nyaste utgåve av nynorsk ordbok frå Escolas forlag
- boka Fra Hellas til Happening (kjekk bok om teaterhistorie)
- cdar: I 2 Eye og The first decade av Michael W. Smith
- cdar: God, Transform, The Early Years og Worship God av Rebecca St. James
- cden Camomile av Vamp
- cdar: Once In A Red Moon, Earthsongs, Songs From A Secret Garden, White Stones og Inside I'm Singing av Secret Garden

Dette er det eg førebels har på denne lista, men eg blir glad for det meste. Overraskelsar er kjekt;)