23. oktober 2009

Tilbake i Antsirabe

med norsk tastatur!!! Fantastisk!

No er vi tilbake på den norske skulen i Antsirabe, som no blir drive som eit gjestehus. Om litt skal vi rundt om her i byen og sjå/oppleve landbruksskulen, døveskulen og blindeskulen som er starta av misjonen her. Det blir spennande!

Veka i Fandriana har vore flott. Vi har vore travlare i høve praksis, og kjenner at barna er begynt å bli varme i trøya. Det er kjekt! Det skal bli kjekt å komme heim til Noreg, men på ein måte har ein lyst å vere lenger her òg, for å sjå meir på utviklinga til elevane.

No er det faktisk berre ei veke att av praksisen i Fandriana. Neste laurdag reiser vi derfrå og på ferie til ein by på vestkysten, Tolear. Det blir fint, sjølv om det hadde vore kjekt og vore lenger i Fandriana òg. Eg er veldig glad for at det er der vi har hatt praksis! Mange kjekke folk, både vaksne og barn!

So long:)

19. oktober 2009

Madagassisk nettkafè er ikkje lett

men det gaar, naar ein tek tida til hjelp. Det er stikkord for mykje her nede. Har ikkje sjekka, men tviler litt paa at dei har eit ord for effektivitet paa gassisk. Eigentleg er det ganske behageleg! Trur ikkje det er saa mange stressjukdommar her nede.

Denne helga har vi hatt ein effektiv miniferie! Vi sa fraa om at vi ville ut og sjaa litt av landet, og daa var det ikkje noko problem aa faa fri fredag og i dag. Vi reiste rundt 8 fredag morgon, lokal tid, til regnskogen. Paa vegen var vi innom ein silkefabrikk og fekk sjaa arbeidet deira der. Interessant! Vel framme i regnskogen la vi oss inn paa hotell, og laurdag gjekk vi guida turar baade paa dagen og tre av oss paa kvelden i moerket. Vi fekk sjaa lemurar, kameleonar, froskar, gekkoar og edderkoppar. Trur vi fekk ein del bra bilete òg, kanskje spesielt paa kvelden, faktisk.

I gaar var vi paa ein papirfabrikk og i ein lemurpark. Vi fekk sjaa korleis dei lagar papir av bark paa eit spesielt tre, og eg fekk tak i invitasjonar, bordkort, takkekort og album til bryllupet til under tusenlappen! Det tok litt tid, men det var kjempemykje fint, og absolutt verdt det! I lemurparken fekk vi sjaa den typen lemur som vi oftast forbinder med lemur; ringhalelemuren. Mange av dei var saa tamme at vi kunne vere saa lite som ein meter fraa dei!

Mette av inntrykk reiste vi til byen vi er i no; Fianarantsoa. Her er det ei dame, Hasina, som driv eit gjestehus. Ho har studert i Noreg og kan godt norsk. Ho tok oss i mot med opne armar i gaar, og laga god middag og ordna gode senger. Fantastisk! Huset ho har er òg elegant og har god standard. Vi kjente oss velkomne og tekne vare paa fraa foerste stund. Kjekt!

Helga har vore straalande, baade opplevingane og sjaafoeren vaar. Han, Njafy heiter han, kan òg norsk, og er ein morsom kar! I regnskogen lurte dei paa korleis han klarte aa faa med seg saa mange fine jenter. Sist helg hadde han nemleg med seg fem andre norske jenter (studentar) til regnskogen, og no kom han med oss. Joda, sa han at han svarte; han er supermann:D

Elles har vi gjennomfoert ein del timar paa EPLAF, skulen vi har praksis paa, no. Det er ganske frustrerande aa ikkje kunne spraaket og difor ikkje faa formidla alt ein vil. Det er godt vi har kroppen vaar aa vise med! Men ja, det er ikkje enkelt aa laere vekk eit spraak elevane og laerarane har liten kunnskap i, utan aa kunne spraaket deira! Men vi proever som best vi kan. Har proevd oss med nokre gassiske ord og faatt litt undervising i det, saa det humpar og gaar. Det skortar ikkje paa interessante erfaringar iallfall!

No lurer eg paa kor lang tid eg har brukt. Hadde vore interessant aa vite. Men trur eg naermar meg ei avslutning. Vi har det stort sett bra og liker oss godt i Fandriana der vi har praksisen vaar. Det er ein roleg og akkurat passe stor plass. Kos!

2. oktober 2009

Vel framme på Madagaskar

Hei alle saman!

Etter å ha vore på Madagaskar snart halvanna døgn, har vi hatt mange opplevingar! Vi starta godt med kansellering av flyet frå Bergen til Oslo, men kom oss vel fram til slutt, med bagasje! Veldig fint:) Litt spennande prosedyre på visumsøknad, men alt gjekk fint i hamn.

Vi vart henta på flyplassen av Tanteli (betyr honning;)), og han køyrde oss dit vi ville, både for å kjøpe vatn, mat, gå på do og sjølvsagt då fram til Antsirabe, her vi bur no, på eit gjestehus som tidlegare var norsk skule. Vi har truffe mange kjekke folk her, som har gitt oss gode tips til livet her nede. Her på gjestehuset har dei ei dame, Astrid, som er her for å snakke med gjestar og vere behjelpeleg på tunet. Ho har vore misjonær her nede tidlegare (mellom 1961 og 1982), og er kjempekoseleg! Ho var med oss på butikk i går og på marknad i dag, og vi har òg fått høre om misjonsarbeidet her nede av ho. Veldig kjekt!

Elles har eg til no skrive fire sider (A4) i dagboka/loggen min, så dei som er interesserte kan få lese den når eg kjem att:)

Sjå òg Christine (christineaahansen.blogspot.com), Solveig (solveighaukaas.blogspot.com) og Janne (janneibergen.blogspot.com) sine bloggar for å lese om korleis vi har det.

So long:)