26. februar 2007

Travle tider

Dei siste vekene har vore hektiske. Mykje har skjedd. Rett og slett.

2. februar kom vi tilbake til BiG att, etter ei flott teamtenesteveke. Same dag starta den o store barneleiarkonferansen for barneleiarar i Agder-fylka, som eg var med på, i høve praksisplassen min i Elle Melle Frivoll, eit barnekor i Fjære kyrkjelyd. På konferansen var der med omkring 150 barneleiarar i ulike lag, og der var i høve denne konferansen ei utstilling av barnekunst. MYKJE fint å sjå! Elles var eg med på eit seminar med Tore Thomassen om barnesongar og meininga med dei. Spennande! Konferansen vart avslutta med ei flott bønnevandring laurdagen, og dei BiG-studentane som var på skulen denne helga, kunne endeleg slappe av og lade opp til ny skuleveke.

Skuledagane gjekk fort, og helga etterpå var der faktisk endå ei frihelg for studentane dette året. Då var det nemleg studentane som gjekk BiG for tre år sidan, som skulle treffast att. Det vart ei koseleg og stressfri helg. Mykje god mat med gjestar på besøk;)

Så var det duka for ei ny skuleveke, der ein del tid gjekk med til å rydde til og planlegge BiG-weekend som vi arrangerte 16.-18. februar. Det vart ei feiande flott helg, med mykje godt program. Bra jobba, folkens!

Etter helga oppdaga vi at jammen sant var det berre ei veke att før vinterferien. Måndagen kl. 15 var eg på innleiande teori til langkøyring. Onsdagen var eg på praksis på Elle Melle, og denne gongen var det karneval!!! Eg kledde meg som prinsesse og hadde på meg tiaraen eg kjøpte i Ecuador:) Vi song litt, spelte rytmeinstrument, leika stolleiken og danseleiken (sett deg eller frys når musikken stoppar), hadde fingerbingo, blåste opp ballongar og laga ballongdyr. Kjempekjekt!!! :D

Snø i haug og dungar

Siste undervisningsdag hadde vi torsdagen, og den dagen vart ekstra kort, i og med at vi fekk fri dei to siste timane fordi Arnold Børud, vår kjære dirigent, var innesnødd etter all nedbøren som har komme på Sørlandet siste tida. Den snøen gjorde òg at mange av dei rogalendingane som hadde tenkt å reise heim i løpet av torsdagen, overnatta til fredagen. Det var koseleg for oss som har så lang veg, at vi i alle fall måtte vente til dagen etterpå med å reise.

Fredagen gjekk med i bilen for min del. Etter å ha venta på telefon frå halv åtte og motteke den kvart på åtte, der fått vite av køyrelæraren min at ja, eg skulle ha langkøyring denne dagen, trass veret, begynte eg langkøyringa ca. kl. 9. Eg køyrde og køyrde og kom til slutt til Åmli, der vi hadde ei lita pause før vi køyrde tilbake til BiG att. Då eg kom dit inn, var klokka halv to, og etter ein liten prat med husmor gjekk eg ned på internatet og fann meg mat, snakka litt med John Bjarne, pakka ferdig og så reiste vi, eg og John Bjarne denne gongen, frå BiG kl. 15. Etter bensinfylling og kontorbesøk i Grimstad, tok vi endeleg heimvegen fatt 15.40.

Heimvegen vår er lang, og denne dagen vart den ekstra lang på grunn av snøveret. Vi hadde snø som knivar mot frontruta, omtrent heilt til vi køyrde over grensa til Sogn og Fjordane. Over Hemsedalsfjellet var det kolonnekøyring eit stykke. På grunn av dette, og seinare start frå Grimstad enn kva vi hadde rekna med, enda turen i Kaupanger for natta. Der fekk vi overnatte hos tanta til John Bjarne. Det var godt å få legge seg i ferdig oppreidd seng, då vi endeleg kom fram dit tanta budde kl. 4 den natta.

På laurdagen fekk eg helse på dei vi hadde fått husrom hos; koselege folk. Vi fekk oss litt mat i livet, og fann ut at det ikkje gjekk buss frå Sogndal (like i nærleiken av der vi overnatta) før litt over fire. Då bestemte vi oss for at i staden for å gå rundt i Sogndal heilt til då, kunne eg vere med John Bjarne heim og helse på meir av familien:) Vi reiste altså til Vik, og eg fekk helse på heile familien; mora og faren og alle dei fem syskena, samt farmora. Ikkje verst, etter mi meining; det verka som ein kjekk familie. Vi fekk graut til middag og spelte Mastermind etterpå:) Det vart ei kjekk stund, før John Bjarne køyrde meg til Vangsnes der eg tok ferja over til Dragsvik og buss derifrå til Førde. Måtte vente ein halvtime i Vadheim, men 20.10 var eg endeleg framme på Firda Billag, der pappa og John Eivind kom og henta meg og køyrde meg heim. Der fekk eg herleg heimelaga pizza, og det gjorde godt i magen:) Kjekt å komme heim!!!

Heime denne dagen var òg Jenny, ei ni år gammal jente med Down's syndrom, som vi er besøksheim for. Ho skulle overnatte til søndagen, og før ho reiste i går hadde vi oss ein tur oppover vegen der røyrgata til det nye kraftverket ligg. Det er heilt veldig bratt der, og oppover der ryggar dei med svære lastebilar. Utruleg, men sant.
Mamma og Jenny på veg opp lia

I dag har dagen gått med til å bere ved inn i låven og til å lage til fiskepudding til middag. Herleg å vere heime og gjere litt nevenyttig arbeid! :D