26. februar 2008

Panikken sprer seg....... ikkje

Vel, det er ei stund att til månadsskiftet.. men då bør eg vere ferdig med oppgåva mi i norsk... har litt igjen..

Jepp..

I morgon kjem mamma og pappa til Noreg att. På torsdag kjem dei hit. Det blir kjekt å høyre korleis dei har hatt det! Og for så vidt å få fleire å dele ansvar med:)

Glimt frå "Hjalmar"

Eg skal framleis vere heime i nesten to veker til.
9. mars reiser eg til Bergen att.
10. mars skal eg på barneteaterførestellinga "Hjalmar".
12. mars skal eg sette fram tinga eg har laga, som skal leggast fram til eksamen.
13. mars er det eksamen; framvising av det eg har laga i K&H-periodane, samt eit spørsmål frå tekstpensum.

Så er det påskeferie!!!!!!!

23. februar 2008

Je, je, je, pretty cool...

Er heime for tida. Kult det:)

Mamma og pappa er i Israel. Vi søskena er heime åleine på vinterferie:) Kult det.

I dag har vi vaska heile huset. Kult det...

Eg har ei åtte siders norskoppgåve om eventyr eg må levere inn i løpet av neste fredag... kult det...

Det bles her! Kult det...

Kuling;)

11. februar 2008

Nøtter og visdomsord

John Bjarne tipsa meg om eit morosamt, interessant, ulogisk, frustrerande, fantastisk spel her om dagen, og no vil eg tipse deg:)

Spelet er eigentleg ein quiz, og er kalla The Impossible Quiz. Enjoy!

Hovudmenyen

NB: Der er ei lita fare for å bli hekta, iallfall for folk som meg... :D
(JB-uttrykk: "sta og egen";))

Vil òg ta med eit lite visdomsord, noko ein type ved namn Bill Swanson så finurleg har påpeikt:

"An amateur built an ark that survived a flood while a large group of professionals built the Titanic."


7. februar 2008

Første veke med valfag etter jul

Jepp, då er eg (snart) halvvegs med valfagsperioden denne gongen. Vi starta måndag og har to veker no før vinterferien. Etterpå har vi så to veker med undervisningsfri til å lese til eksamenen i veka før påskeferien. Så er det påske, og ikkje før etter den startar vi med vanlege førelesningar att. Kjenner at det er litt godt, ja!!!

Men i mellomtida har vi ørten oppgåver vi må gjennom òg... Først og fremst er det praksisoppgåvene; ein grupperapport, ein individuell rapport og eit praksisrelatert arbeidskrav i KRL. Er faktisk snart ferdig med alle desse! Ikkje verst, om eg må få lov til å seie det sjølv. Men den verste oppgåva er att; den i norsk... Den skal vere på heile 8 sider, +/- 10%... Grøss og gru. Gler meg ikkje akkurat til å arbeide med den, nei... Men det må vel til... Ja, ja...

Iallfall; veka så langt har eigentleg vore grei. Vi starta opp må måndag med å lage sjølvportrett med kolstift og knettgummi. Litt vanskeleg, men spennande. Veit ikkje heilt om det likna, men det gjekk iallfall fint å sjå at det var eit menneske;)

Tysdagen hadde vi først førelesning om kunstteori; korleis ein skal sjå på kunst og litt idemyldring over korleis ein kan jobbe med kunst saman med barn i skulen. Deretter starta vi på ei oppgåve i linosnitt. Vi skulle velje oss ut eit dyr vi ville arbeide vidare med. Eg valde eit dyr som fascinerer meg; sjiraffen. Morosamt, men litt vanskeleg dette òg. Det er vel ikkje meininga at det skal vere heilt lett heller...

Biletet eg tek utgangspunkt i i linosnittoppgåva

Onsdag var undervisningsfri, men arbeidssomme som vi er samla vi oss vi som var i praksis på Ostereidet Barneskule. Vi fekk skrive ferdig og levert grupperapporten, samt at vi som skulle det nesten fekk skrive ferdig KRL-oppgåva. Veldig bra! Då var vi nøgde med dagens innsats:)

I dag heldt vi fram med linosnittoppgåva, og starta å trykke. I tillegg laga vi til lerretet vi skal måle på i neste veke. Veldig kjekt! Både oppmåling, saging, liming, spikring, hamring, klipping, stifting, måling, skjering og trykking i løpet av dei same timane! Ikkje verst:)

I morgon er det Picassoutstilling som står på programmet. Vi skal på guiding kl. 13 på museet utstillinga er i i sentrum. Kan bli spennande eller utruleg kjedeleg. Håpar på det beste:)

Eitt av Picasso sine heller vakre kunstverk

Etter utstillinga reiser eg og JB forhåpentlegvis, dersom Vikafjellet er ope, til Vik for å vere der i helga. Trur det blir bra:)

2. februar 2008

Desember, jul, nyttår, januar, forprøve i pedagogikk og praksis, stort sett :)

Jepp, stort sett er det det som har skjedd sidan sist. Resten av desember, juleferie og -feiring, nyttårsfeiring med faklar og utsikt over Naustdal, besøk i Vik, tilbakereise til Breistein, lesing av pedagogikk, forprøve i pedagogikk, praksisplanlegging og -gjennomføring, jubel over å vere ferdig med pedagogikk for dette skuleåret og no er eg heime på Kråkenes for (hovudsakleg) å feire bursdagen til Per Kristian (vart 19 sist tysdag) og ete peparkakehus. Gler meg!!!


Peparkakehuset denne jula,
forma med hjelp av JB og sett saman ved hjelp av PK:)