28. september 2008

Haustferie er digg!!!
(spesielt når ein er ferdig med oppgåve i pedagogikk)

Men når det er sagt, har eg tenkt å jobbe med skulearbeid òg i kommande veke, studieveka dette haustsemesteret, populært kalla haustferien:)

Uansett er det godt å vere ferdig med endå eitt av dei ørten arbeidskrava vi må gjennom i ulike fag for å kunne gå opp til eksamen. Tenk å måtte gå gjennom så mykje slit, berre for å få lov til å gå opp til eksamen... Nesten litt skuffa... Men, men.. Vi får iallfall lært mykje meir, noko som kan vere positivt;)

Elles har eg flytta inn på ein studentheim her i Bergen, og liker meg godt! Det har begynt å flakse seg på rommet, etter mykje om og men, og folka som bur her er skikkeleg greie! Sjølv om det ikkje skulle så mykje til for at eg skulle like meg, har eg verkeleg fått i overmål! Har framleis litt kasser ståande på rommet, men satsa på å få rydda skikkeleg her snart.. Kanskje i løpet av "ferien"?

Skulen går det greitt med, sjølv om det har vore travelt. Det vart nok litt sommarjobbing for tett inn til skulestart, så får notere meg det bak øyret til neste år:) Hadde vore greitt å komme i orden før skulestart, slik at ein då kunne konsentrere seg først og fremst om skulearbeid, og ikkje rydding...

Helg er fint.