31. januar 2010

Helga som gjekk

Du verda, kor godt det er med helg!

Helga har vore flott! Etter ei hektisk veke (skuleopplegg kvar dag!) var det godt å få komme heim og slappe av! Rett og slett.

Etter helgevask på etasjen fredag, sette eg og JB oss i bilen og retta kursen mot Kråkenes. Der vart vi tekne i mot med opne armar og ein god og varm kopp kakao. Aldeles nydeleg! Før sengetid fekk vi òg helse på Bergsvein, som kom litt etter oss, i tillegg til å fortære varme rundstykker, med tunfisk og majones på, for min del. Nam! :)

Tunfisk, òg kjent som makrellstørje, er ein fascinerande skapning.
Den er som ein gigantisk makrell (kan bli opp mot 500 kg tung),
som, som alle andre makrellar, er avhengig av kontinuerleg symjing
for å få nok oksygenrikt vatn over gjellene.
Blir den stoppa, blir den kvelt.
Foto og delar av informasjonen er henta herfrå

Laurdags morgon var roleg og fin. Fredag var PK sin bursdag (GRATULERER så mykje!!! :D), men han var på Skjergardsheimen og kosa seg der. Men mamma og pappa hadde så lyst å gi presangar at dei hadde ein eg fekk:D Det vart kalla ein tidleg bursdagspresang:) Og lukkeleg pakka eg opp ein ny mobil! Tidlegare knuste eg skjermen på den gamle mobilen min (ei bitter affære med klappstolane i auditoriet på NLA!), og i etter det har eg fått bruke JB sin gamle. Men på den har navigasjonsjoysticken slutta å fungere, så den var mildt sagt ikkje så enkel å bruke. Slik sett var det veldig greitt med ein tidleg bursdagspresang;) Når den i tillegg har sju spel, og der eitt av dei er Uno (!), då er det omtrent toppen på kransekaka:D

Ein tur til Førde vart det òg tid til; mest for å prøve og plukke ut eit servise som vi vil ønske oss til bryllaupet. Mamma var med som konsulent. Vi såg på mykje, men det er merkeleg kor mykje rart som blir selt i butikkane, og kor vanskeleg det er å finne noko ein verkeleg liker. *sukk* Får prøve litt til; ønskeliste er altså under produksjon.

Eg fekk òg strikka krage til babykjolen eg heldt på å avslutte. No er der berre hekling av fastmasker i splitten bak, påsying av tre knappar, to ermer, femti kronblad og ti blomeknoppar. Og det er jo igrunn ikkje berre, berre, men er no ferdig med strikkinga iallfall.

Laurdags kveld vart avvikla på tradisjonelt vis; med heimelaga pizza:) Noko som ikkje er så vanleg ein laurdags kveld, utanom ein gong i januar, er knusing av peparkakehus. Men det gjorde vi denne kvelden, eller rettare sagt; vi braut av bitar og åt. Utruleg godt; eit høgdepunkt!

Søndag vart ein god frukost, gudsteneste, avskjed, lite besøk hos onkelfamilien til JB og eit litt lengre besøk hos broren til JB, Tryggve, med film, pizza og tur tilbake til Bergen. No skal det bli godt å sove. Kanskje klar til ei ny veke?

16. januar 2010

Takk for jula!

Ja, det er ei stund sidan jul. Eit par veker. Aktivitetsnivået tilseier meir. Eg er litt sliten. Denne helga var det matematikktimar på NLA, i valfaget mitt, MA3. Frå 16 til 20 i går, og frå 10 til 16 i dag. Men no er det helg!

Jula var flott! Ferie og familietid. Gåver, både på den eine og den andre måten. Kjekt! Takk for jula!

For det første var juleferien lang og god! Eg hadde siste skuledag den 15. desember, med eit veldig interessant og utfordrande foredrag med Terje Forsberg, forfattaren av boka Aldri for sent å bli et lykkelig barn. Etter nokre rolege første feriedagar i Bergen, kom mamma, pappa og John Eivind til Bergen for å hente meg og PK, som kom frå Voss, heim. Koseleg:)

Vel heime var det tid for dei siste juleførebuingane i huset. Det vart kakebaking, pynting av peparkakehus, litt vasking, pynting av juletre og det som elles høyrer med. Sjokoladestenger og kanelkjeks kom på plass, og for første gong har eg laga peparkakedeig og risbollar. Kjekt:)

Adventskalendarar fortener òg eit avsnitt. Då eg var heime i byrjinga av desember, hjelpte eg mamma med å pakke inn kalendarane til JE og AM. Mamma og pappa fekk òg kaledar, frå meg og JB til jul. Den inneheldt mellom anna ei julekrubbe frå Madagaskar (fann ut at å gi den som kalendar var fint, for då hadde eg allereie 12 av 24 gåver, og figurane kunne få stå framme og vere fulltallige på julaftan:)). Då eg kom heim, hadde mamma ordna til adventskalendar for dei gjenverande dagane til meg og PK. Koseleg, og praktisk med sokkar, tannbørste, lypsyl, tanntråd, eit stort, flott glansbilete og sjølvsagt ein dose snop kvar dag;)

Jula kom med pynte marker, hus og menneske. På julaftan nytta heile familien kulden, den frosne jorda og snøen til å ta med kjelke og akebrett og ake nokre timar, før det var inn til julemiddag. Kjekt! Årets gavedryss var òg eit høgdepunkt. Eg fekk ein del av det eg ønska meg og òg mange andre fine ting; to fat og to skåler av sitronserviset, ryggsekktrekk, kalendarar (både frå skulemusikken og munn- og fotmalendes forbund:D), nokre bøker, låge støvlar til regnvåte Bergen, to Vamp-cdar, ein lysestake og lys, eit teppe, ein porsjon Real Turmat, multibestikk (skei, kniv og gaffel i eitt), eit skrapelodd (som eg vann på!), sjokolade, toalettveske, ein krem, ei turveske og alle ungane fekk Ticket to Ride Europe! Tusen takk!

2. juledag kom John Bjarne på besøk. Det er alltid koseleg og populært:) Vi henta han i Førde, og tok likesågodt ein tur opp til Bekkjavatnet før vi reiste heim att. Det er ein laang oppoverbakke, men nok sunt. Det vart òg tid til spel og anna kjekt medan JB var på besøk. Han reiste att 4. juledag.

Elles gjekk no dagane. På nyttårsaftan var det romjulstrening i gymsalen på folkehøgskulen i Førde. Det var kjekt; vi samlast ein vennegjeng og spelte innefotball, innebandy og volleyball. Kos:)

Første nyttårsdag var det julefest på bedehuset. Der var eg spurt om å spele litt og fortelje litt om Madagaskar-opphaldet mitt. Det var kjekt! Då eg var ferdig med opptredenen min, var pappa og PK snille og køyrde meg til Vadheim, slik at eg kunne rekke ein buss til Dragsvik, for så å ta ferja over fjorden, til Vangsnes, der JB kom og henta meg. Etter nokre rolege dagar i Vik, reiste vi så tilbake til Bergen måndag 4. januar.

Ganske enkelt.

Hin dagen var vi på busstasjonen og kjøpte hovudpute til meg. Julegåve frå JB - eg fekk eigentleg eit regntrekk til sekken, men det hadde PK tenkt på òg, så då sa JB at han kunne bytte det og heller få tak i noko anna. Hovudputa var veldig god:)