20. februar 2013

What if...?

Kva om...?

Det kan mange gode, refleksjonsinviterande spørsmål starte med. Kva om vi går til jobb i morgon? Ok, kanskje ikkje det beste dømet. Lat meg prøve igjen: Kva om vi smiler litt meir til kvarandre i kvardagen? Kva om eg spør naboen om han treng hjelp med noko? Kva om eg går tidleg frå jobben i dag for å overraske min kjære mann med middag når han kjem heim?

Som sagt mange gode spørsmål. Men "kva om..?" kan òg vere starten på mange unyttige, om enn kreative og til dels interessante spørsmål. Det tek denne engelskspråklege bloggen opp: http://what-if.xkcd.com/ - liker spesielt denne som handlar om korleis det hadde vore om kvar og ein faktisk hadde hatt berre ein "den rette".

Som dei ville sagt i England: Check it out! =D

Til sist, eit lite rim, når vi først er inne på den rette:
Elles er det underleg korleis livet ruslar og går.
Plutseleg har det gått fleire år.
Om ein månad har eg til dømes treårsdag som kone.
Mange fleire år blir det nok, får vi vone.

Påska 2010
Åh! Endå ein ting: Kickstarter er eit fenomen som siste tida har teke av. På kickstarter.com kan ein legge ut skildringar av ulike prosjekt ein vil ha finansiert. Så kan folk som er interesserte i prosjekta, velje å støtte prosjektet, gjerne mot å få eit eksemplar av produktet når det er ferdig. For at prosjektet skal bli gjennomført og få pengane det er lovt, må det samle nok støtte. Ein genial måte å prøve ut interessa for spesifikke prosjekt på. I fjor var det ein del prosjekt frå denne sida som verkeleg fekk stor interesse, og gjennom det har fenomenet nådd langt ut, heilt inn i stova her i Florø. I dag har eg og min kjære mann gitt vårt støtte til 3Doodler, ein penn som kan skrive i 3D. Utruleg nok! Så mot slutten av 2013 vil vi vere i stand til å teikne ulike gjenstandar. Blir spennande å sjå korleis det fungerer og kor mykje dei ferdige gjenstandane vil tåle. Bilete vil kanskje kome, så følg med! =D