30. juni 2009

Stor dag!

Dei som har sete i same klasserom som meg dei tre siste åra, veit at eg har halde på med eit broderi (!) av det kjende barnerombiletet av ein engel som våkar over ei jente og ein gut som går over ei lite solid bru. Starta på dette broderiet i påska før bibelskuleåret, altså påska -06, så vidt eg hugsar. I dag er dagen eg endeleg har blitt ferdig med korsstinga på dette broderiet!!!

Du får sjå ein større versjon av biletet om du trykker på det.
Nyt synet;)


Då var det "berre" atterstinga att... Og dei er det mange av!!! Det er nesten slik at eg berre er halvvegs no; slik ser det iallfall ut.. Kanskje bortimot 2/3 ferdig. Litt meir arbeid med korssting enn attersting, men det er mange av dei, ja...

24. juni 2009

Vi har fått oss vaktlam!






Dei jagar ikkje akkurat vekk nokon...
Men dei veit iallfall å seie frå når der er nokon i nærleiken!
*masekoppar!*
Godt vi har dei inne i fjøset om natta:)

16. juni 2009

Visdomsord #4

Denne gongen inspirert av ordtøka i Bibelen. Veit ikkje om du kan finne dette der, men det lyder iallfall som noko som kunne vore skrive der, og er noko erfaring viser.

Visdomsord #4: Harde ord avlar harde ord, men den vise tøymer tunga.







Det er
ikkje
berre eg
som er tankefull:)

15. juni 2009

Oppdatering og visdomsord #3

Eg hadde store planer om å feire bursdagen min i Bergen òg, etter å ha vore heime og feira den.. Men så var det undervising og eksamenslesing og konfirmasjonen til John Eivind, broren min, og eksamen i norsk og matematikk. Og så vart det liksom ikkje tid... Fekk avslutta året på Sta Sunniva med lunsj på etasjen, og då hadde eg det som ei lita markering saman med dei. Det var kjekt!

Sjølv om feiringa ikkje var til å skryte av i Bergen (tek det kanskje att til hausetn?), hadde vi, eg og Ane Marte, lisjesystera mi, som òg har bursdag 1.mai (ho vart fødd på 11-årsdagen min:)), venneselskap med familien her heime. Det var kjekt!

Eg fekk meg mykje fint og kult!
  • sandalar og finsko av mamma og pappa
  • ein Vamp-cd, "Flua på veggen", av Bente, ei venninne av familien
  • ein plysj-radio av ein vennefamilie av oss (ja, du leste riktig;))
  • 200 kr av tanta mi
  • ein blå Ligretto-boks av etasjefolka mine (Ingrid, Maria P., Maria H. og Anja), ein frå Per Kristian og ein frå Ane Marte og John Eivind, saman med ein pakke porsjonsstykke av Stratos - ikkje verst å få tre stk av ein pakke!! Fekk bytta to av dei - i bøker:D
  • Rummy og to pakkar snop, ein med saltsild og ein med bubblizzflasker, av Anne, Cathrine og Christine
  • handsfree til mobilen (som diverre ikkje fungerte så bra med mobilen min - dei vart uvener) og filmen "Drageløperen" av John Bjarne

Tusen takk, alle saman!!!

Eg hadde eksamen i norsk 29.mai og i matematikk 5.juni. Etter det har eg hatt ferie! Heilt fantastisk!!! Den første veka var eg og JB i Bergen. Kjekt å berre vere og slappe av og sortere arka frå året i perm og sånt. På onsdagen skulle JB på augesjekk - det såg glimrande ut i følgje legen:) Elles var vi på besøk hos kvarandre og naut det fine veret. Vart òg eit par kuleisar med melkesjokoladeis med browniesbitar i i løpet av veka:D Rett og slett veldig godt!

Sist fredag fekk eg somla meg til å rydde og pakke for sommaren, og så snudde vi nasa mot Vik. Der koste vi oss til morgonen i går. Då var vi tidleg oppe (kvart på sju for min del!) og tok ferja frå Vangsnes 07.35. Rundt 10 møtte vi mamma, pappa og Ane Marte i Lavik. Der sette JB att bilen og så reiste vi til Hyllestad og Lekva, der vi registrerte oss for og deretter utførte Lihest-klyvet! Strabasiøs ferd! Strålande sol, men enorme mengder fluer, bratte sti og litt kald vind mot toppen. Akkurat det var for så vidt fantastisk, når alternativet var 40 fluer per kvadratcentimeter hud (hugsa ikkje om talet var 40, men det var slik JB uttrykte det;)). Halvvegs kom vi til 3L-stølane (dvs. stølane til tre lokale bygder på L). Der fekk vi servert ei lokal energidrikk; Gygreskvetten. På toppen av Gygrekjeften fekk vi ein pin som takk for innsatsen, og der åt vi òg nista vår. Skal sei det smakte med ein nektarin då!!!

På veg ned att var JB så uheldig å miste mobilen sin. Pappa snudde halvvegs og gjekk opp på toppen att for å leite, men fann den ikkje. Det og diverse såre bein la ein dempar på stemninga, men vi var stolte over å ha gjennomført turen! Etter å ha fått av skoa, køyrt tilbake til Lavik, slukt tørsten med vatn vi hadde i bilen til JB, samt ete is, vende vi snuten kvar vår veg. JB køyrde til Bergen for siste skuleopplegg på ei stund og vi andre reiste heim att. På vegen stoppa vi i Vadheim og åt kveldsmat og plukka opp John Eivind i Førde då han kom frå Nordfjord med buss, etter å ha vore på leir på Fjordly i helga.

Vel heime fekk eg helse på dei to lamma vi har fått tak i! Dei var søte! Eg gjekk òg ein tur i hagen saman med mamma og fekk oppdatering på kva som har skjedd sidan sist. Jordbærplantene står i full blom, og det ser ut som vi kjem til å få mykje eple:) Ei herleg årstid vi er inne i!

I dag rådde eg grunnen åleine, i og med at både mamma og pappa var på jobb, og JE og AM var på skulen. Eg låg ei stund, laga meg fruktsalat (eit eple, ei appelsin, ein del av ei banan dekt med melonyoghurt og pynta med valnøttstrø) til frukost, fekk sett på og rydda ut av oppvaskemaskina, teke oppvasken av tinga som skal vaskast "manuelt" og vaska tre maskiner med klede, i tillegg til å ha laga fiskesuppe (!) til middag. Ein aktiv dag med andre ord, der eg brukte mykje tid på kjøkkenet. Der har vi ein cd-spelar ståande, og i dag høyrde eg litt på plata til Sølvi Helen Hopland som heiter "Ein løvetann". På den er det mange flotte både melodiar og tekstar. I ein av dei syng ho om det eg har plukka ut som denne gongens visdomsord, fritt sitert.

Visdomsord #3: Ein kan ikkje kladde i livsens bok.

12. juni 2009

Om aforismar og visdomsord #2

I tidande klasse hadde vi om aforismar, og eg hugsar det som om det var i går. I følge ordboka mi, Escolas ordbok (den blå:)), er ein aforisme ei "setning som kort og treffande uttrykkjer eit poeng". Grunnen til at eg hugsar denne hendinga, var at eg ikkje heilt forstod vitsen med å ha om dette, medan venninna mi kom på den eine aforismen etter den andre. Har tenkt litt på dette gjennom åra, og komme på nokre sjølv òg etter kvart:)

Den første venninna mi fortalte meg var

Visdomsord #2 (omtrentleg gjengitt): Det er lite lurt å klø seg i andre auget med same finger ein brukte i auget ein har augebetennelse i.

Læraren stod der med oss, og han utbraut: "Den var djup!" Eg tok han ikkje med det same må eg innrømme; men den var ganske glup når eg fekk tenkt meg om. Tok du den?

11. juni 2009

Visdomsord #1

Dette er det 75. innlegget på denne bloggen, og det vil eg feire ved å innføre ein ny serie: Visdomsord! Det gjenstår å sjå kor lang serien blir, men dette er iallfall ein start:)

#1: Livet er samansett av bagatellar.

Eg kan ikkje garantere at visdomsorda utelukkande kjem frå hovudet mitt. Men dette har eg inga anna kjelde på. Kjem til å oppgi kjelde om eg har det. Veit du om andre som har sagt noko liknande kan du jo kommentere det:) Denne gongen var det i ein konkret situasjon/samtale med truloveden min som utløyste visdomsordet:D

Til slutt, på tampen; eit tips til interessant teikneprogram på nettet:
http://www.butterflystation.net/arcade/exotic/Grappa.html



My own SWIRLS :D