21. januar 2014

Husvære

I sommar investerte eg og mannen i eit husvære, med stort behov for oppussing. Kjekt å få seg noko eige! Vi fekk i fjor vår beskjed frå utleigar om at vi måtte flytte ut frå sokkelhusværet vi leigde, fordi dei trengte å ta det i bruk sjølve. Så då stod vi der då, med valet; skulle vi finne noko nytt å leige, eller ta steget inn i bustadmarknaden?

Vi gjekk på ein del visingar og deltok i nokre færre bodrunder. Men landa på eit husvære det var lite konkurranse om. Då vi overtok, var det berre å slenge arbeidstøyet på. Her var nok å ta tak i.

No har vi måla taket og veggane, lagt nytt golv, fornya innvendige dørblad og -karmar, lista på nytt, fornya veggar, belegg, toalett, dusj og møblar på badet, rive det gamle og sett opp nytt kjøkken, sett opp skyvedørsgarderobe, sett inn nye lysarmatur og fått det riktig fint! Snart i mål med heile sulamitten. Og det skal bli godt. Då kan vi slappe av i eigen heim (og banken sin, enn så lenge).