25. oktober 2007

Riiiight!!! Ny helg!

Ei ny helg står for døra, og eg skal ikkje på skulen resten av veka. Ei herleg kjensle!

Fredagane er som regel studiedag på NLA, så då kan ein tillate seg å sove litt lenger og ikkje dukke opp på skulen. Ganske grei ordning, må eg seie;) Denne veka hadde vi i tillegg fri onsdagen, altså i går. Til vanleg har vi lærarforum på onsdagane, det vil seie lærardannande aktivitetar, altså ikkje noko bestemt fag, men diverse andre ting ein lærar treng å kunne. Neste veke skal vi ha eit praksisseminar, som varer heile onsdagen, og neste veke har vi heller ikkje fri på fredagen; der er dramaundervisning dei tre første timane for min del.

Vik

I morgon reiser eg til Vik saman med John Bjarne, for å vere der i helga. Trur det blir kjekt:) Skal òg mest sannsynleg ein tur til Balestrand i løpet av laurdagen, altså rett over fjorden, for å vere med på haustfest på Sygna VGS, der broren min, Per Kristian går på skule. Mamma og pappa kjem nedover og skal vere med på festen dei òg, så det blir reine familiegjensynet:D Det blir bra:)

Elles kan eg jo informere lesarane mine om at bokmeldingsframlegget på måndag gjekk fint:) Eg las "Rut" av Helga Eriksen, og fekk berre gode kommentarar til framlegget mitt. Kjekt! For den som skulle vere interessert i å lese boka, kan eg i grunn anbefale den. Det var ikkje alt i den eg likte, til dømes situasjonar som vart altfor inngåande skildra, men sjølve handlinga var god. Personane var levande, og ein fekk eit godt innblikk i tankane deira. Det er ei bok som er inspirert av boka Rut i Bibelen, så ein kan finne visse likskapstrekk mellom handlinga i boka eg las og bibelboka.


Etter at alle i læringsgruppa mi hadde lagt fram si bok, var det så meininga at vi skulle velje ei bok å arbeide vidare med. Det gjorde vi ikkje før i dag, men no har vi valt "Det som aldri skjer" av Anne Holt.

Eg kjenner ikkje til verken forfattaren eller boka frå før, så dette kan bli spennande:) Ulempa er at vi skal jobbe vidare med denne boka gjennom å jobbe med den ut frå ei pensumrelatert problemstilling... altså anten med eit analytisk eller eit didaktisk fokus, eller ein kombinasjon av dei to. Kjenner at det kan bli ei utfordring... Og vi har ikkje så lang tid på oss. Måndag 5. november skal vi ha framføring... Den skal vare i 20 min, dvs. omtrent fire minutt på kvar av oss, og både presentasjon og innhald blir vurdert. Kan ikkje seie at eg gler meg vilt.. eller jo, forresten; eg gler meg vilt til å bli ferdig!

18. oktober 2007

Trallalalalalabom

Hei og hopp, alle saman ute i den store, vide verda! Her kjem ei lita oppdatering, eller iallfall nokre tankar frå min avkrok av Tellus.

På Breistein går dagane. Siste oppdatering frå mi side omhandla rakubrenninga i slutten av valfagsperioden på skulen. No har vi lenge vore inne i ein periode med norsk og pedagogikk, men frå og med neste veke skiftar vi pedagogikken ut med KRL. Det blir første perioden vår med KRL, noko som kan bli spennande:)

I pedagogikk har vi nyleg gjennomført framføring av arbeidskrav 2, oppgåva om Ida som har vanskar på skulen. Gruppa eg er med i hadde om læringsmiljø ut frå ulike pedagogiske retningar. For den som har greie på det, kan eg seie at eg for min del vart utruleg lei behaviorismen. Trur eg kan den teorien rimeleg godt no...

Dagen etter framføringa, på tysdag, fekk vi innføring i arbeidskrav 3, så der er ingen grunn til å ligge på latsida. Det nye arbeidskravet er eit feltarbeid, der vi skal finne ut om barn og unge sine fritidsvanar og kva for ei rolle dei har i sosialiseringsprosessen... (var der nokon som gjespa??? kan eg aldri tru...) Feltarbeid går ut på at vi skal ut til barna og observere og/eller intervjue dei. Kjenner at det er noko eg ikkje gleder meg overmåte til... Men ein må gjennom arbeidskrava for å kunne gå opp til eksamen... (hmm.. vil eg eigentleg det? viss eg tenkjer meg om...?)

10 poeng til den som klarer gjette kvifor eg tok dette biletet!

I dag har eg vore i observasjonspraksis. Eg skal ha praksis på Ostereidet Barneskule i 6. klasse, og i dag møtte eg klassen for første gong. Spennande:) Der skal eg vere i morgon, i tillegg til nokre veker i november, saman med ein medstudent, Lillian. Ho og eg dannar ei praksisgruppe, og det er kjekt:) Observasjonspraksisen går ut på å bli litt kjend med klassen og læraren, og å sjå litt på klasseleiing og motivasjon. Greitt å kunne erfare litt i praksis:)

I norsk blir haugen av ulest, men gjennomgått, pensum større og større. I næraste framtid er det sjølvvalt pensum som står på menyen. Kvar student skal framføre ei slags bokmelding på boka dei les no på måndag, i dei ulike læringsgruppene (mi er på fem personar). Kvar student skal ha ein opponent som vurderer framlegget, og etter framlegget skal ei side med disposisjon, eiga vurdering av framlegg og refleksjon rundt opponent sine kommentarar, leverast inn.

Som den merksame leser vil forstå; Livet er travelt, og her er nok å ta tak i. Det kan bli vel travelt innimellom, og ein kan miste litt motet, men som regel går det greitt når ein bit tennene saman, og får nok søvn.

Det siste der, nok søvn, er nok det mest vesentlege... Difor vil eg oppfordre alle som ein til å sove lenge nok. Tips: det er betre å legge seg tidleg og stå opp tidleg enn å legge seg seint og stå opp seint! Ikkje det at eg alltid klarer å etterleve det tipset, men eit ærleg forsøk er jo neppe å forakte;)