24. august 2014

Fascinasjon for kaleidoskop

Kaleidoskop er ganske fascinerande, etter mi meining. I dag hjelpte StumbleUpon meg til å oppdage eit kaleidoskopverkty på nettet. Der kan ein lage sitt eige kaleidoskopkunstverk. Kjekk aktivitet!

Mitt forsøk på kaleidoskopkunst. Biletutsnitt frå sida eg har lenkja til over. Ein plasserer ulike element i det svarte rektangelet. Den lyse sirkelsektoren snurrar rundt og rundt og utgjer "synsfeltet" i kaleidoskopet.