30. august 2009

Til inspirasjon

Noko kan få ein til å reflektere over livet.
Her er visdomsord #7 og #8:

Etter tekst av Linda Helen Haukland på baksida av DagenMagazinet: Slik to bekkar blir ei større og kraftigare elv når dei møtest, blir to menneske sterkare når dei står i lag.

Albert Einstein: Prøv ikke å bli vellykket, prøv heller å bli et verdifullt menneske.

PS: No er billettane til Madagaskar i boks! Tur/retur Bergen-Madagaskar vart ein sum på nette 9179,30! Litt skummelt; no er der ingen veg tilbake:O Men det blir knallbra:D

25. august 2009

Madagaskar!!!

No er det endeleg bestemt: I oktober skal eg og fire venninner i utanlandspraksis til Madagaskar!!! Hurra!

Her er nokre bilete eg fann på nettet:

Vi skal til byen Fandriana og ha praksis på ein skule der

Madagaskar er det einaste landet i verda der ein finn lemurar naturleg

Madagaskar er òg kjent for desse uvanlege trea; baobab-trea
(ser ut som dei veks opp ned)

21. august 2009

God fiskemiddag!

Biletet er henta frå kundeavisa til Ica Supermarked, veke 34, -09

I går laga eg ein av dei beste fiskemiddagane eg har smakt, etter oppskrift frå eit middagstips i kundeavisa til Ica Supermarked denne veka; Foliebakt torskefilet med grønsaker. Fisken eg brukte var ikkje heilt tint, og måtte difor stå i omnen ganske lenge, men om den er tint skulle det etter oppskrifta ta 15 min i 200 grader. Middagen er ferdig når grønsakene er møyrna og fisken begynner å skive seg litt.

Eg modifiserte oppskrifta litt og brukte squash, løk og paprika i stavar, strøydde desse med salt og pepar, la fiskestykka oppå dette og strøydde desse òg med salt og pepar, før eg plasserte ein smørklatt på kvart av fiskestykka. Dette pakka eg inn i aluminiumsfolie og plasserte det i omnen. Serverte med poteter og hollandaisesaus frå Toro til:) Nydeleg!

Fisk er i utgangspunktet dyrt, men med torskefilet i First Price-pakkar blir det ikkje så verst pris. Eg kjøpte ein 800 g pakke til kr 39,90 og brukte seks av elleve stykker i pakken. Det, saman med 3/4 squash, ein løk og ein paprika, vart nok til middag til tre, samt ein miniporsjon til. Som oppskrifta seier (kan lastast ned på Ica sine sider denne veka) kan ein bruke purre og brokkoli som grønsaker òg. Gulrot og kålerabi og andre grønsaker kan òg brukast, men tek kanskje lenger tid å steike.

16. august 2009

Gran Torino

Dette biletet er henta frå IMDB (The Internet Movie Database) og viser coveret på ein bra film eg har sett i dag; Gran Torino! Den rår eg dykk til å sjå; språket er voldsomt, men historia er nydeleg!

Etter ei flott halvanna veke i Vik reiste eg heim til ei flott halvanna veke heime. Eg reiste med bussen ein onsdag, og torsdag kveld reiste vi, heile familien, til Åheimsfjellet og Kvilehytta, der vi hadde leigt oss tak over hovudet for eit par netter. Fredagen kl. 12 var det gravferd for oldemor på Larsneset. Ho hadde blitt 100 år i oktober, men det gjekk raskt heilt på slutten, så det var nok godt for ho å sleppe. Trist likevel, for oss som er att. Eg spelte fløyte i gravferda. Det var flott å kunne trøyste meg sjølv og andre med tonane, og fint å gjere ære på oldemor!

Laurdagen reiste PK tilbake til Bergen, i og med at han skulle på jobb, medan vi andre drog til Hagevik og var med på open dag på tønnefabrikken (sjå gjerne info og bilete om fabrikken og staden her). Vi var der og hjelpte til ei stund, men då det meste såg ut til å gå på skinner, bestemte eg, JE og pappa oss etter litt om og men for å gå oss ein tur på Skolma, eit fjell i nærleiken. Eg hadde ikkje heilt trudd at vi kom oss heilt opp, men jammen gjorde vi det (trass i at eg var med.. JE og pappa er flinke til å oppmuntre;)). På toppen fann vi ei postkasse (!) der det låg ei bok til å notere når ein hadde vore på toppen og kven ein var. Vi skreiv oss inn, og bestemte oss for å gå ein annan veg ned att. Vi gjekk først på ein sti, men måtte gå av den for å komme oss nedover. Så vi skrådde av stien og gjekk nedover ei bratt li med steinar og lyng. Eg var ikkje så høg i hatten der eg gjekk; trur eg har litt høgdeskrekk... Eg anstrengte meg for å finne trygg landing for beina, og det var mest sannsynleg det som gjorde til at eg fekk frykteleg vondt i knea i løpet av nedoverturen. Men vi kom oss no ned til slutt og tilbake til Hagevika og tønnefabrikken.

Då vi kom tilbake dit var eg ganske sliten. Men det var tid for mat, og dei som ikkje var med på tur hadde ordna med mykje god grillmat, salat og melon. Det vart eit herremåltid for 18 personar og ein hund på buda den kvelden:) Ei stund etterpå reiste gjengen med unge vaksne, dvs. meg, tre av søskenbarna mine og forloveden til eine søskenbarnet mitt, ut til Skjærbuda pub på øya Silda (sjå bileta, henta frå vivest.no sine sider om Silda). Vi sat ute i den fine kvelden og prata om laust og fast. Kos:)

Vi fekk overnatte i hytta til onkelen min i Hagevik, og reiste heimover ganske tidleg neste dag. Slik fekk vi slappe litt av heime òg, siste feriedagen til mamma og pappa.

Resten av veka gjekk slag i slag. Det vart ein del bærplukking, sylting og safting. No er mykje av vinterlageret sikra:) Flott å vere heime! Fekk til og med lært vekk Bohnanza til mamma og AM, og det er ikkje verst. Kos:)

Tysdag var tida komen for å reise tilbake til Bergen. Ville ha nokre dagar å ordne meg på før skulestart no på onsdag. Fekk stemt på kyrkjelydsråd og bispedømmeråd før eg sette meg på bussen. I Bergen møtte eg min kjære, og vi åt middag og hadde ein fin kveld. Fredag reiste vi med tog og buss til Vik, og har hatt ei fin helg her. Så er det tilbake til Bergen no, til skulestart for JB i morgon og eit par dagar med førebuingstid for meg før onsdag. Blir bra:D