6. april 2008

DUA og interessante punkt frå KRL-undervisninga

Jepp, fredag var det klart for DUA-undervisning igjen; undervisning i Drama som Utrykksmåte og Arbeidsform. Fredag var det biletteater som stod på programmet; arbeid med tablå og innføring i litt om ein kjende teatermann, Augusto Boal, og metodane hans, dei undertrykte sitt teater. Greitt nok; for så vidt ein fin metode å bruke i arbeid mot til dømes mobbing og andre konfliktar der nokre blir undertrykte, så vidt eg har forstått det.

Elles vil eg nemne nokre ting eg har lært i dei siste KRL-timane:

→ Vi kan ikkje vite at det var eit eple Eva og Adam åt i Eden. Bibelen seier berre at det var ei frukt. Den beste gjettinga på kva frukt dei åt, er fiken. Det er fordi det er det einaste artsnamnet som blir nemnt i denne forteljinga. Dessutan blir fikentreet elles i Bibelen brukt som eit visdomssymbol, noko denne frukta gav.


Frukta fiken

→ Grunnen til at det er sagt at det var eit eple, kan vere at opphavet til dette ordet, det gammalgermanske ordet "appel", vart brukt om frukt, noko som har gått over i moderne språk som eple; dessutan blir dette ordet òg i dag brukt om andre frukter (i norske dialektar om potet, pineapple er det engelske ordet for ananas).

→ Adam levde i 930 år; dette kan vere forklart med at familienamnet Adam overlevde i 930 år.

→ Bøndene i første Mosebok går det gale for.

→ Søndagen blir dei fleste stadar i verda sett på som den første dagen. Gud såg at det var godt to gongar den tredje dagen – difor blir tysdag sett på som ein ekstra god dag, og var tradisjonelt bryllaupsdagen hos israelittane.

→ Det står ingenting i bibelteksten om at Adam og Eva var dei første menneska på jorda.

→ Storflaumen i Noa si tid kan, om ein oversetter eit ord i grunnteksten på ein annan mogleg måte enn den tradisjonelle, vere ein flaum i eit avgrensa område.

→ Forteljinga om Noa som drikk seg full og forbanninga hans over Kanaan, sonen til Kam, i 1. Mosebok 9, 20-27, er blitt brukt til grunngiving for slavehandelen, i og med at Kam (betyr "varm") er rekna som forfaderen til folk som bur i varme land (afrikanarar og indarar t.d.).

→ Det bibelske folket samaritanarane lever enno; dei er 648 i talet og har teke vare på slektsforhold heilt sidan Adam. Dei er eit konservativt folk, og er dei einaste frå det gamle Nordriket, som vart styrta av assyrarane i 722 f. Kr. (tradisjonell tidsrekning), som vi i dag veit noko sikkert om.

→ Jesus er både frå Juda og Levi stamme; både konge og prest.

→ Den brennande buska i 2. Mosebok 3; Det var vanleg at busker begynte å brenne, pga at sollyset vart reflektert i kalkstein og flint, som fantest i store mengder. Nokre buskartar i dette området må òg brenne for å formeire seg. Men denne buska heldt fram å brenne; det var det som gjorde at Moses måtte bort å sjå.

→ Farao vart rekna som den egyptiske guden. Difor var ikkje farao viljug til å høyre på det Moses og Aron sa, for kven var Herren? Korleis kunne han vere mektigare enn farao?

→ Stokken som vart til slange; det er mogleg å gjere. Om natta er slangen stiv, pga kulden. Om dagen kan dei røre seg på seg. Til kvelden blir slangen stiv att. Ein må likevel vite kva ein gjer.

→ Manna – betyr ”kva er det?” – mykje av det vi les om i Det gamle testamentet er der forklaringar på, men hittil har ingen klart å finne ei god forklaring på kva manna er/ var.


Innsamling av manna

→Det hebraisk språket er eit ordfattig språk, utan verbtider. Difor kan dei ulike hebraiske orda som den originale teksten i Det gamle testamentet er skrive med, oversettast med mange ulike norske ord, og vi kan ikkje vere sikre på tida verba er meinte å stå i.

→ Den lidande tenaren i Jesaja 53 har av jødane blitt tolka som Holocaust; det jødiske folket leid for noko andre gjorde.

Elles har helga gått med til sløving og baking av nyyydelege kjeks:D

1 kommentar:

  1. Eg kjenne at de godt at Dua nerme seg slutten;) hehe...Men me har jo ein dyktig...meget dyktig KRL lærar då...den mannen like eg....:)
    Ha ei finfin helg Solveig..koos deg i Vik..nå e eg på ferjå heim=) Klem te GOjentå=)

    SvarSlett