15. desember 2008

JULEFERIE!!!!!!!

No er det verkeleg juleferie!

Eksamen er unnagjort, og resultatet kjem i morgon. Kan bli spennande, men satsa på bestått. Greitt når det berre er to karakterar å velje mellom:)

I dag går nok resten av dagen med til å sose, handle julepresangar, pakke dei inn, slappe av, ete graut på adventsfest her på huset, rett og slett kooose meg:D Blir bra:)

Ønskar alle som ikkje har teke eksamen enno all mogleg lukke til!!!

8. desember 2008

Juleferie!!!

...om ei veke....

Jau, no kan du tru eg gler meg til å sleppe og tenke meir på skule på ei stund. Riktignok blir vi slengt rett ut i valfagsperiode rett etter jul, 5. januar, men før det håpar eg at eg rekk å til og med kjede meg litt. Det skal visstnok vere sunt, har eg høyrt.

Kanskje eg får investert litt tid på å reflektere over det som verkeleg er jula sin bodskap?


PS: Skal nok tenke litt på Josef òg, stakkar, som ikkje vart teken med på dette biletet, som for øvrig er frå eit australsk frimerke. Den merksame lesar, vil sjå at i nedste høgre hjørnet står der eit tal, som seier kva for eit år nettopp dette motivet var på julefrimerka down under:)

7. desember 2008

Fortvilt

Kva skal ein gjere på ein grå dag?

Kva skal ein gjere om ting virkar meiningslaust og ein ikkje har verken motivasjon eller vilje til å gjere det ein må?

Kvifor er alt så tungt akkurat no?

Generelle råd, vink og praktiske løysingar blir mottekne med takk!

6. desember 2008

ØNSKELISTE

Kva skal ein ønske seg då? Når ein har alt, bortsett frå nok tid (til å gjere både det ein bør og det ein vil) og nok motivasjon til skulearbeid og andre ting ein helst vil sleppe å gjere?
Finst det noko som kan rette på det? Tek med glede imot råd for det!

Elles kan det jo vere greitt å tenke litt over kva ein ønskjer seg, slik at ein kanksje får noko ein sjølv har tenkt gjennom kan vere kjekt og nyttig.


Eg gjer eit forsøk, og understrekar at ønska ikkje nødvendigvis kjem i prioritert rekkefølge:

- hårstrikk tynne som vanlege gummistrikk (har for tida mange som er slitne eller berre forsvinn, så treng ei påfylling)
- skrivebordslampe (for å få godt arbeidslys på min o, store skrivepult som eg henta på gjenvinningsstasjonen)
- brettspelet Ticket to Ride (gir meg ikkje)
- Utviding av kortspelet Bohnanza (NB: MÅ vere i tysk utgåve!!!)
- Kortspelet Ligretto (kjekkaste kortspelet! Gjerne grøn boks)
- Pengar (alltid greitt å ha, sjølv om det kanskje ikkje er det som er mest vanleg å gi vekk til jul..)
- 24-delars sett med bestikket Svaberg, 18/10 rustfritt stål (for å få 48 delar til saman..)
- 6 tallerkenar og 6 djupe tallerkenar av sitrondesignet til Ferdinand Finne frå Porsgrund (for å få 12 av kvar..)
- vasskokar (til te, kaffe, kakao - enkelt og greitt)
- krokodulle (kul, kulare, kulast)
- ullefant (søt, søtare, søtast)
- Brev/ kort i posten (det er så koooseleg! og så får eg frimerke til samlinga mi;))
- verktysett (gjerne lite og nett, som er greitt å flytte med seg og til å skru/hamre oppheng til bilete og andre ting som skal på veggen)
- ark til skrivar (har tenkt å ta med ein gammal skrivar heimefrå og nytte meg av den; så treng berre arka)
- kalendar frå Førde Skulemusikkorps (trufast tilhengjar)
- Bøkene Spektro/Musikal. Om tverrfaglige prosjekt i skolen med utgangspunkt i musikk, kreativitet og estetikk. og Fra Hellas til Happening. (pensumbøker til estetiske fag som eg ikkje har fått tak i enno)
- boka Hva i all verden? av Jan Rantrud (om skaping, skrive av KRL-læraren min frå NLA - bra kar! - få innblikk her)
- den nye boka Tidebønn frå Efrem forlag (opplegg til typisk morgonmesser og kveldsbøner, lik dei som er her på Sta. Sunniva)
- musikk (gjerne Michal W. Smith, Rebecca St. James, Shawn McDonald, Vamp, David Phelps, Secret Garden, musikk med gode tekstar og melodiøs komposisjon, gjerne med meir uvanlege instrument som fløyte, fele, kontrabass, sekkepipe og anna digg)
- heftet Sanger fra Taizè og cden Tillit på jorden, med songar frå Taizè (det blir arrangert Taizè-messer her kvar tysdag 21.30 - den er open for alle, så ver velkommen!
- abonnement på magasinet Strek (virkar interessant)
- innramming til BiG-biletssamlinga og måleriet eg kjøpte i Ecuador, samt eit måleri eg og JB kjøpte av ein dørseljar (høyrte eg nokon nemne gåvekort? gjerne det!)

Wow.. Vart jo faktisk ein del dette... Fantastisk!

Telefonsamtale

Omtrentleg gjengitt

Mamma: Ka du ønska deg t jul då, Solveig?
Solveig: Nei, veitsje eg.. Har du sjekka ønskelista på bloggen min; den frå bursdagen?
Mamma: Ja.. Men d va ikkje så mykje igjen på den..
Solveig (sjekkar ut): Hmm.. D har du rett i.. Kanskje eg burde oppdatere den litt?
*pause*
Mamma: Jo, d e jo kanskje en idè...
Solveig: Du har rett.. Men d e jammen ikkje enkelt.. Veit liksom ikkje ka eg ska ønske meg. Har jo igrunn alt eg trenge og vel så d... Får sjå..