19. april 2006

Skrivedag

I dag hadde vi skrivedag i sidemål, for min del bokmål, på skulen. Vi hadde på førehand fått utlevert eit ressurshefte vi skulle lese gjennom. Det handla for det meste om globalisering, og bar tittelen "En verden". Særs interessant lesning... i alle fall delvis:) Oppgåva eg valde i dag gjekk ut på å vurdere denne påstanden: "Masseturismen og ryggsekkturismen er en industri som i likhet med sexindustrien stadig overskrider grenser og blir skitnere." Vel, kor spennande denne stilen vart, kan sikkert diskuterast, men eg er no ferdig med den, den vart på nesten 3 1/2 side, og eg er nøgd! Jepp... og etter skulen skal eg mest sannsynleg på kammergruppeøving på Kulturskulen, og i mellomtida får eg prøve å gjere eitt eller anna vettugt...:) Etterpå skal eg heim og halde fram med det eg snart skal begynne med. Kva det blir? Vel, i morgon er det utsett prøve i historie, så det er vel ein idè å sjå litt på det, og på tysdag er det heildagsprøve i fysikk, og det bør eg òg arbeide litt med. Så då er det vel berre å sette igong:)

Ha ein fin dag!!

2 kommentarer:

  1. åh, me åg hadde akkurat di same oppgavane og ressurshefte på fagstilen våras...grusomt! æg valgte dn om 17 mai å sånn...blei ikkje fornøyde, mnmn:P hehe.

    SvarSlett
  2. ja, skikkeli teite oppgåve.. men trur det gjekk greit..:) når eg først fekk valgt meg ei oppgåve gjekk det relativt greitt å skrive:) synest d e passe greitt å skrive artiklar... men taler e liksom litt meir styr me etter mi meining:) men den oppgåva va vel litt meir fri...? jaja.. vi får no sjå kossen d går:)

    SvarSlett