28. september 2008

Haustferie er digg!!!
(spesielt når ein er ferdig med oppgåve i pedagogikk)

Men når det er sagt, har eg tenkt å jobbe med skulearbeid òg i kommande veke, studieveka dette haustsemesteret, populært kalla haustferien:)

Uansett er det godt å vere ferdig med endå eitt av dei ørten arbeidskrava vi må gjennom i ulike fag for å kunne gå opp til eksamen. Tenk å måtte gå gjennom så mykje slit, berre for å få lov til å gå opp til eksamen... Nesten litt skuffa... Men, men.. Vi får iallfall lært mykje meir, noko som kan vere positivt;)

Elles har eg flytta inn på ein studentheim her i Bergen, og liker meg godt! Det har begynt å flakse seg på rommet, etter mykje om og men, og folka som bur her er skikkeleg greie! Sjølv om det ikkje skulle så mykje til for at eg skulle like meg, har eg verkeleg fått i overmål! Har framleis litt kasser ståande på rommet, men satsa på å få rydda skikkeleg her snart.. Kanskje i løpet av "ferien"?

Skulen går det greitt med, sjølv om det har vore travelt. Det vart nok litt sommarjobbing for tett inn til skulestart, så får notere meg det bak øyret til neste år:) Hadde vore greitt å komme i orden før skulestart, slik at ein då kunne konsentrere seg først og fremst om skulearbeid, og ikkje rydding...

Helg er fint.

4. august 2008

Sommarferie er digg!! (..iallfall når en har fri...)

Jepp, jepp:) Akkurat no har eg fri og nyyyte det! Etter munnleg eksamen i KRL den 2. juni reiste eg (4.juni) saman med lisjesystera mi, Ane Marte, på besøk til nokre vener av oss i nærleiken av Vadsø. Der var vi ei veke, med mellom anna besøk til Karasjok og Vardø. Kjekt!!! Spesielt det å få sjå familien att, etter at dei flytta frå Førde for to år sidan (då utan barn):)

Etter ferien i nord, var det tid for leir på Skilbrei, før opplading til sommarjobb. Fredag, den 20. juni, var eg oppe på sjukehuset her i Førde og fekk så smått litt opplæring og omvising på kjøkenet der og i kantina, der eg skulle jobbe resten av "ferien". Eg fekk henta meg arbeidsklede og fekk nøkkel og ID-kort.

Måndagen etterpå starta eg i jobben, som ferievikar i kantina på psykiatrisk klinikk ved Sentralsjukehuset i Førde. No har eg jobba der i seks veker, noko som har gått bra, for det meste; med unntak av såre føter etter jobb og travle dagar når eg er åleine. Her tenkte eg å vise fram arbeidsplassen min:

Her ser de sjukehusklossen og omgivnadene; ligg vakkert til på Vie


..og vi zoomar inn og ser frå ein anna vinkel.. Bakerst, i øvre høgre hjørnet, ser de litt av det kvite bygget som utgjer psykiatrisk klinikk.


Her er den o, store parkeringsplassen, der bilen min står, dersom eg ikkje er så heldig å ha min kjære John Bjarne på besøk og han køyrer meg:D


..og her er inngangen der eg går inn når eg skal på jobb, helst litt før 7...


Lenger kjem eg ikkje i forsøket mitt på å gi bilete frå arbeidsplassen, for det har ikkje lukkast meg å finne bilete av sjølve kantina.. Men ein klarer seg vel:) Om ein likevel har lyst å finne ut meir, kan eg informere om at vi har kantinesal mellom 11.30 og 12.00 på kvardagar, som er ope for alle (spesielt for personalet eigentleg.. men du kan sikkert komme du òg, om du har tid og lyst og om det er mogleg for deg:D). Akkurat no har eg som sagt fri, men på fredag skal eg på jobb att, deretter er det jobb i helga (utan kantinesal), samt måndag, onsdag, torsdag og fredag (med kantinesal), før eg avsluttar sommarjobben for i år og dreg min kos til Bergen:)

24. mai 2008

Lille Eyolf var en liten kar som åt av Ibsens ripsbusker og vart lam, til og med utan å ha vore sau på førehand

Jaudå, no er eg gammalmyndig; like gammal som den strengaste fengselsstraffa i Noreg, og kjenner eg har livet føre meg. Har vel eigentleg funne ut at der ikkje er så stor forskjell på før og etter, samt at det kanskje er på tide med eit nytt innlegg på bloggen min:D

Her er mobilen eg fekk åt bursdagen min:) Veldig greitt å ha ein mobil ein faktisk kan snakke i, i meir enn ti minutt før den ladar ut... Elles rettar eg ein takk til alle som gav meg merksemd i høve 21-årsdagen min!! Av mine tidlegare utlagde ønskjer her, kan eg nemne at eg fekk meg kokebok frå gojentene i Bergen; Christine, Anne og Cathrine. Tusen takk^^,

Den siste veka har eg drive og skrive om skodespelet "Lille Eyolf" av Henrik Ibsen; heimeeksamen i norsk 1 på NLA. Glad for ENDELEG å vere ferdig me den!

See ya!

27. april 2008

Ønskeliste

Ja, då nærmar tida seg; tida for at eg blir gammalmyndig.. 21 år.

Og for å gjere eventuelle spørsmål om kva eg ønskjer meg lette å svare på, tenkte eg at det kunne vere greitt å lage til ei liste; ein oppdatert versjon av julelista mi:D

Dette er ikkje ei liste med ønske i prioritert rekkefølge, men ei samling ønske eg har;)

 - Isskei
 - Brettspelet "Ticket to Ride"


 - Utviding av kortspelet Bohnanza - NB: MÅ vere i tysk utgåve!!!
 - Kortspelet Ligretto
 - Pengar - alltid greitt å ha!
 - Brev/ kort i posten:D
 - Boka av Ingrid Espelid Hovig: "365 sunne middager på en halv time"



Framhald følgjer kanskje... :D

23. april 2008

Dagens tips!

Dersom du føler trangen til å kræsje i ein garasje og øydelegge ei skinne på ein garasjeport, og du helst vil komme unna det ganske greitt økonomisk; kræsj i ein ny!

Då blir der kanskje enno produsert ekstra delar, slik at du ikkje treng å betale for fullstendig ny garasjeport.....