7. februar 2011

Utan tittel

Screenshot frå Minecraft

21. januar 2011

Julegåve: Set!

John Eivind gav meg eit kjekt spel til jul! Ikkje alle er heilt samde og kanskje i ulike grad samde, men eg synest det er kjekt. Det er eit kortspel som går ut på å sjå kort som høyrer saman. Ei engelsk forklaring, samt utprøvingar fann eg no på http://www.nytimes.com/ref/crosswords/setpuzzle.html, og eg anbefalar å sjekke det ut! Spelet har visst fått over 25 'beste spel'-prisar, i følgje boksen, mellom anna sitat spelereglane: "MENSA Select Award, Dr. Toy's 10 Best Games Award, Creative Child's Preferred Choice Award, Games Magazine "Games 100 Award" og Teachers' Choice "Best 25 Games of the past 25 years"". Den siste fell jo då spesielt i smak ;)
Det kan vere litt vanskeleg å komme inn i spelet heilt med det same, men øving gjer meister! Spelet er allsidig òg; det passar for alderen 6-99 og med 1-20 spelarar. Det er ganske greitt å spele åleine, men aller kjekkast når ein er mange, og gjerne på same nivå i spelet (sjølv om det kan vere gøy å gruse innimellom;)). John Eivind har spelt det på ungdomsleirar og spelet vart populært hos svigerfamilien, der det kan vere veldig vanskeleg å få gjennom andre spel enn dei som går føre seg på skjerm. Bottom line: Eg liker dette spelet!

16. januar 2011

Godt nytt år og takk for det gamle!

Dette vårsemesteret har eg bestemt meg for å ha det travelt med skulearbeid. Slik kan eg unngå daffeperiodar som ikkje er godt for noko og i tillegg ende opp med både adjunktkompetanse og bachelor i kristendom/religion. Jammen ikkje verst, tenkjer eg. Så viss alt går etter planen, blir det fire eksamenar og ei eksamensoppgåveinnlevering i løpet av våren; norsk 5.-10., kunst og handverk til glede og nytte, examen philosoficum, examen facultatum og ei tipoengs fordjupingsoppgåve i RLE1. Kjekke emne og eg får litt meir fast skule-/forelesingstid. Det er bra for disiplinen;)

Elles har eg og vi det bra i 2011. I dag er det ruskever, men vi kosar oss inne. Med speling, seriar og litt småplukk her og der. Snart arkivering, snart strikking, snart lesing for min del og snart data, snart matlaging, snart rydding for mannen. Mannen min er veldig snill!

Denne veka var det ekstra godt med helg. Trur det kan bli fleire slike. Iallfall etter den oversikta eg no har fått etter å ha fylt almanakken. Er bra når helga blir verdsett! Det betyr at ein har gjort ein god innsats i veka og at ein så kan kvile ut med godt samvit og gjere det ein vil. Fantastisk! Det gler meg!

I radioandakta vi høyrde i dag, snakka predikanten om glede. Glede i Herren. Vi er heldige som har den. Vi kan gle oss sjølv om vi sørgjer eller ikkje har det bra. For vi har Ein som vi kan stole fullt og heilt på, Ein som har gitt oss det beste og som stadig ber for oss. Vi kan gle oss same kva vi måtte komme ut for. Og gleda er stor!

Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus. (Filipparane 4, 4-7)

1. desember 2010

Ferdig med eksamen!!! :D

I går hengte eg opp tinga eg har laga gjennom kreative prosessar dette halvåret i eksamensutstilling. I dag hadde eg framlegg av fagteorioppgåva mi om collage og Picasso sin bruk av teknikken. Førstnemnte talde 60 % av karakteren og sistnemnte då 40 %. Godt nøgd med resultatet! Godt nøgd med å vere ferdig!

Eit lite glimt frå utstillingsrommet
Torsdag er det semesteroppgåva i norsk eg skal ta fatt på. Den skal handle om omgrepsutvikling og korleis vi lærer språk. Det blir spennande å arbeide med, trur eg. Skal skrive saman med Anne, få rettleiing etter kvart og levere seinast 20. desember. Det er siste eksamensdag for JB òg, så etter det er det julefri! Nydeleg skal det bli!

Men først skal vi nyte adventstida og kanskje få tid til å gjere noko som har blitt utsett i lang tid? Det er utruleg kva ein kan få tid til når ein faktisk reiser ut av huset for å arbeide. Då kan ein på ein måte ta seg fri når ein kjem heim att og få gjort andre ting. Det er godt å komme seg ut og få ei reise som kan avgrense jobb og fritid. Det er godt å ha avtaler å halde i eit prosessuelt arbeid. Eg vil arbeide jamnare med semesteroppgåva enn med arbeidskrava i K&H. Det er målet.

Til deg: God advent! Jesus kjem!

Til deg som er student: Lukke til med alle eksamenar, oppgåver og siste innspurt før jul!

11. november 2010

Essay down - under tre veker til K&H-eksamen!

Plutseleg har ein dårleg tid. For helst skulle ein ha fått godkjent arbeidskrav tre veker før eksamen, for å ha sjansen til å kunne forbetre om ein ikkje får arbeidskravet godkjent. Å få noko godkjent betyr vanlegvis å vere ferdig med det, iallfall til ei viss grad. Det er tilfelle med det eine arbeidskravet mitt, men ikkje i noko grad det andre. Eller jo, i noko grad er det det. Iallfall no, etter tre dagar intensivt arbeid. Det dumme er at det igrunn skulle vore noko lunde ferdig for tre dagar sidan. Slik kan det gå.

Når ein ikkje før for seint innser at ein skulle ha hatt det litt meir travelt i løpet av hausten...

Sjølv om ein lova at ein skulle bli betre etter den sommaren...

Det var fint i Israel! Skal fortelje litt om det!

Snart... etter tysdag kanskje... då må alt vere ferdig... mykje iallfall...

Sånn er det!



Tips: Rush av innlegg på kunstbloggen min no ;)