21. januar 2011

Julegåve: Set!

John Eivind gav meg eit kjekt spel til jul! Ikkje alle er heilt samde og kanskje i ulike grad samde, men eg synest det er kjekt. Det er eit kortspel som går ut på å sjå kort som høyrer saman. Ei engelsk forklaring, samt utprøvingar fann eg no på http://www.nytimes.com/ref/crosswords/setpuzzle.html, og eg anbefalar å sjekke det ut! Spelet har visst fått over 25 'beste spel'-prisar, i følgje boksen, mellom anna sitat spelereglane: "MENSA Select Award, Dr. Toy's 10 Best Games Award, Creative Child's Preferred Choice Award, Games Magazine "Games 100 Award" og Teachers' Choice "Best 25 Games of the past 25 years"". Den siste fell jo då spesielt i smak ;)
Det kan vere litt vanskeleg å komme inn i spelet heilt med det same, men øving gjer meister! Spelet er allsidig òg; det passar for alderen 6-99 og med 1-20 spelarar. Det er ganske greitt å spele åleine, men aller kjekkast når ein er mange, og gjerne på same nivå i spelet (sjølv om det kan vere gøy å gruse innimellom;)). John Eivind har spelt det på ungdomsleirar og spelet vart populært hos svigerfamilien, der det kan vere veldig vanskeleg å få gjennom andre spel enn dei som går føre seg på skjerm. Bottom line: Eg liker dette spelet!

2 kommentarer:

  1. Har høyrd om d spelet der, høyrast frykteleg stress ut, litt a la ligretto! =P

    SvarSlett
  2. Det kan vere litt stress, men eg trur dette spelet har ei raskare læringskurve, kanskje. Ein blir betre og betre til meir ein speler det, og ser setta lettare på ein annan måte enn ein blir betre til å spele Ligretto. Og så samlar ein inn sett i staden for å legge ut;)

    Du må komme på besøk og prøve det ein gong!

    SvarSlett