16. januar 2011

Godt nytt år og takk for det gamle!

Dette vårsemesteret har eg bestemt meg for å ha det travelt med skulearbeid. Slik kan eg unngå daffeperiodar som ikkje er godt for noko og i tillegg ende opp med både adjunktkompetanse og bachelor i kristendom/religion. Jammen ikkje verst, tenkjer eg. Så viss alt går etter planen, blir det fire eksamenar og ei eksamensoppgåveinnlevering i løpet av våren; norsk 5.-10., kunst og handverk til glede og nytte, examen philosoficum, examen facultatum og ei tipoengs fordjupingsoppgåve i RLE1. Kjekke emne og eg får litt meir fast skule-/forelesingstid. Det er bra for disiplinen;)

Elles har eg og vi det bra i 2011. I dag er det ruskever, men vi kosar oss inne. Med speling, seriar og litt småplukk her og der. Snart arkivering, snart strikking, snart lesing for min del og snart data, snart matlaging, snart rydding for mannen. Mannen min er veldig snill!

Denne veka var det ekstra godt med helg. Trur det kan bli fleire slike. Iallfall etter den oversikta eg no har fått etter å ha fylt almanakken. Er bra når helga blir verdsett! Det betyr at ein har gjort ein god innsats i veka og at ein så kan kvile ut med godt samvit og gjere det ein vil. Fantastisk! Det gler meg!

I radioandakta vi høyrde i dag, snakka predikanten om glede. Glede i Herren. Vi er heldige som har den. Vi kan gle oss sjølv om vi sørgjer eller ikkje har det bra. For vi har Ein som vi kan stole fullt og heilt på, Ein som har gitt oss det beste og som stadig ber for oss. Vi kan gle oss same kva vi måtte komme ut for. Og gleda er stor!

Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær! Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus. (Filipparane 4, 4-7)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar