Kor mykje Daily Zen List har å gjere med zen, skal vere usagt. Det er ei side der ein Johnny Webber legg ut lister i fleng, som gir tips om litt av kvart, både generelle tips og lenkjer til andre nettsider med spennande ting.
Her er nokre av mine favorittar:
- 13 Interactive Links to Teach You Science - ulike lenkjer for å lære naturfag
- 7 Quiz Websites to Keep Your Brain Sharp - lenkjer til quiz-sider
- 8 Websites to Help You Learn a New Instrument - lenkjer til sider der du kan lære å spele gitar, trommer, bass, piano, ukulele og fiolin
- 20 TED Talks Everyone Should Watch - lenkjer til korte talar om ulike tema
Ein kan finne mykje informasjon på nettet. Ikkje alt er bra, så kjekt med slike sider som gjer det lettare å finne ting ein liker.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar