13. september 2014

Musikk til avslapping og mimring

Ja, eg har funne nettsider til begge deler! For å seie det slik: StumbleUpon er ganske ok innimellom! :)

Www.jazzandrain.com er perfekt til stunder du vil ha roleg musikk på øyret, men utan tekst. Kanskje treng du merksemda di til andre ting enn å lytte til kva artisten har å seie? Ein kan velje mellom ulike typar jazz og om ein vil ha regn eller ikkje i bakgrunnen. Ganske så koseleg. :)


Mimring kan vere spennande å gjere gjennom musikk. Eg har til dømes enkelte låtar eg alltid høyrde på hos naboen, medan vi spelte Mario, i hine hårde dagar. Høyrer eg dei att, er det som eg er tilbake då. The Nostalgia Machine er ei side der ein kan finne musikk knytt til bestemte årstal. Er du nysgjerrig på kva som var mykje høyrt på eitt eller anna år frå 1960 til no, er dette sida for deg!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar