6. desember 2008

ØNSKELISTE

Kva skal ein ønske seg då? Når ein har alt, bortsett frå nok tid (til å gjere både det ein bør og det ein vil) og nok motivasjon til skulearbeid og andre ting ein helst vil sleppe å gjere?
Finst det noko som kan rette på det? Tek med glede imot råd for det!

Elles kan det jo vere greitt å tenke litt over kva ein ønskjer seg, slik at ein kanksje får noko ein sjølv har tenkt gjennom kan vere kjekt og nyttig.


Eg gjer eit forsøk, og understrekar at ønska ikkje nødvendigvis kjem i prioritert rekkefølge:

- hårstrikk tynne som vanlege gummistrikk (har for tida mange som er slitne eller berre forsvinn, så treng ei påfylling)
- skrivebordslampe (for å få godt arbeidslys på min o, store skrivepult som eg henta på gjenvinningsstasjonen)
- brettspelet Ticket to Ride (gir meg ikkje)
- Utviding av kortspelet Bohnanza (NB: MÅ vere i tysk utgåve!!!)
- Kortspelet Ligretto (kjekkaste kortspelet! Gjerne grøn boks)
- Pengar (alltid greitt å ha, sjølv om det kanskje ikkje er det som er mest vanleg å gi vekk til jul..)
- 24-delars sett med bestikket Svaberg, 18/10 rustfritt stål (for å få 48 delar til saman..)
- 6 tallerkenar og 6 djupe tallerkenar av sitrondesignet til Ferdinand Finne frå Porsgrund (for å få 12 av kvar..)
- vasskokar (til te, kaffe, kakao - enkelt og greitt)
- krokodulle (kul, kulare, kulast)
- ullefant (søt, søtare, søtast)
- Brev/ kort i posten (det er så koooseleg! og så får eg frimerke til samlinga mi;))
- verktysett (gjerne lite og nett, som er greitt å flytte med seg og til å skru/hamre oppheng til bilete og andre ting som skal på veggen)
- ark til skrivar (har tenkt å ta med ein gammal skrivar heimefrå og nytte meg av den; så treng berre arka)
- kalendar frå Førde Skulemusikkorps (trufast tilhengjar)
- Bøkene Spektro/Musikal. Om tverrfaglige prosjekt i skolen med utgangspunkt i musikk, kreativitet og estetikk. og Fra Hellas til Happening. (pensumbøker til estetiske fag som eg ikkje har fått tak i enno)
- boka Hva i all verden? av Jan Rantrud (om skaping, skrive av KRL-læraren min frå NLA - bra kar! - få innblikk her)
- den nye boka Tidebønn frå Efrem forlag (opplegg til typisk morgonmesser og kveldsbøner, lik dei som er her på Sta. Sunniva)
- musikk (gjerne Michal W. Smith, Rebecca St. James, Shawn McDonald, Vamp, David Phelps, Secret Garden, musikk med gode tekstar og melodiøs komposisjon, gjerne med meir uvanlege instrument som fløyte, fele, kontrabass, sekkepipe og anna digg)
- heftet Sanger fra Taizè og cden Tillit på jorden, med songar frå Taizè (det blir arrangert Taizè-messer her kvar tysdag 21.30 - den er open for alle, så ver velkommen!
- abonnement på magasinet Strek (virkar interessant)
- innramming til BiG-biletssamlinga og måleriet eg kjøpte i Ecuador, samt eit måleri eg og JB kjøpte av ein dørseljar (høyrte eg nokon nemne gåvekort? gjerne det!)

Wow.. Vart jo faktisk ein del dette... Fantastisk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar