13. mars 2008

Ferdig med kunst og handverk for i år

Jepp, det er eit faktum at eg no er den einaste i mitt kull som fullførte kurset i kunst og handverk. Litt trist på ein måte, men veldig godt å vere ferdig med eksamen!!!

Var veldig heldig med spørsmålet frå fagpensum eg trakk; det gjekk på fargesirkelen til Itten og fargekontrastane og -harmoniane hans. I tillegg fekk eg spørsmål om kva additative og subtraktive fargar er. Dette var vel i grunn noko av det siste eg las på og repeterte før eg gjekk heimefrå i dag føremiddag;) Nydeligt:)

Det som ikkje var fullt så bra var eit uhell eg gjorde meg skuldig i i går.. Men det får no vere så si sak. Det som er gjort er gjort, det viktige er å lære av feila ein gjer... og prøve å ikkje tenke for mykje etterpåklokt; det fører ingen stad...

I alle høve: No er det påskeferie og eg har tenkt å nyte den! Planen er først leir på Fjordly og deretter familietur til Nord-Møre og bestemor. Håpar det blir bra:)

Vil ønske alle mine lesarar ei hyggeleg og fredfull påske, men òg oppmuntre til ettertanke og refleksjon over det som er grunnen til at vi feirar påske; det faktum at Jesus døydde og stod opp for at alle menneske, òg du, skulle kunne få evig liv i Han! AMEN!!!

Korset er tomt, grava er tom, Jesus stod opp og Han lever!!!

4 kommentarer:

  1. Vel øvestått eksamen:) Du har vore kjempeflinke og d gjekk jo så bra=) du bør jo vara stolte øve å i d heila tatt å ha fullført når du tenke på dei andre i kalssen din..hehe=) Men ha ein rektig gode påske Solveig...;) Låv ju ....stooooore klem=)=)

    SvarSlett
  2. god påske solveig! nyt den =)

    klem fra stine

    SvarSlett
  3. Gratulerer med overstått eksamen, Solveig! Eg hugsar framleis innføringa i Ittensirkelen vi fekk av vår kjære multigeni-lærar på barneskulen. Komplementærfargar, kontrast...ahh...

    Sjølv sit eg og kjempar med eit stort, stygt og tilsynelatande ubesigrande særemne. Fysj!

    SvarSlett
  4. Christine: Takketakk:D Gla i deg òg:D Klem, klem

    Stine: Takk for det! Det vart ei fin påske; leir og besøk hos bestemor på Nord-Møre. Kos:D Håpar det står godt til med deg og din kjære! :)

    Kjersti: Takk for det! Joda, Ittensirkelen er vakker den;) Kva du har særemne om då? Hugs at arbeidet ikkje er større enn du gjer det til..:)

    SvarSlett