7. november 2007

Edderkopp på badet!!!

I går, då eg kom heim etter å ha vore på besøk hos John Bjarne, gjekk eg ganske snart på badet, for klokka var over 22, og etter rangling i helga, kjende eg at senga kalla. Det skulle bli godt å legge seg...

Etter fletting av håret og skifting til nattklede, snur eg meg og legg merke til ein svær edderkopp, som sit på veggen under vindauget!

Edderkoppar er for så vidt greie dyr, men kan ikkje seie at eg liker å finne dei rundt om i huset, og ikkje på badet... Denne var i tillegg ganske stor, så kan ikkje noko særleg for at eg begynte å lure på korleis den hadde klart å komme seg dit...

Medan eg nærast stod og klødde meg i hovudet i undring og fortviling, med tankar om korleis eg skulle kvitte meg med den uønska gjesten, kom eg på naturfagsundervisninga og -læraren mine gode vener, Anne og Christine, har fortalt så varmt om. Den læraren, John, er nemleg særs fascinert av insekt og småkryp, såkalla "bugs"... Og kom i løpet av undervisninga dei hadde i valfagsperioden opp med idé til ein ny måte å ta livet av småkryp på. Ein skal nemleg ikkje klistre dei, men heller få dei opp i eit glas eller ein boks og legge dei i frysaren. Etter ei tid der vil dei dø, men dei er framleis like heile, og kan settast på nål i ein liten boks til studering ved seinare høve.

Eg tenkte: -Javel.. Lat meg prøve det!

Som sagt så gjort: Eg gjekk på kjøkenet og henta glaset det tidlegare har vore pesto i, og klarte ved hjelp av ein q-tip å pirke ein nokså motvillig edderkopp ned i glaset. Deretter la eg glaset i frysaren, og der ligg det enno. Så Anne og Christine, om evt. når de les dette: Eg har studieobjekt til dykk!!! :P

Biletserie:

Så stor...




I glaset...


I frysaren...

2 kommentarer:

  1. JA Solveig=)=) Eg vil studera ann.....hehe....
    Dataen vart fiksa=)=) Full i virus, men eg rette ein stor takk te Helge på IT-avdeling på jobben te ann pappa:D:D:D

    SvarSlett
  2. Så bra!!!

    Kjekt når ting går slik vi gjerne vil:)

    SvarSlett