18. oktober 2007

Trallalalalalabom

Hei og hopp, alle saman ute i den store, vide verda! Her kjem ei lita oppdatering, eller iallfall nokre tankar frå min avkrok av Tellus.

På Breistein går dagane. Siste oppdatering frå mi side omhandla rakubrenninga i slutten av valfagsperioden på skulen. No har vi lenge vore inne i ein periode med norsk og pedagogikk, men frå og med neste veke skiftar vi pedagogikken ut med KRL. Det blir første perioden vår med KRL, noko som kan bli spennande:)

I pedagogikk har vi nyleg gjennomført framføring av arbeidskrav 2, oppgåva om Ida som har vanskar på skulen. Gruppa eg er med i hadde om læringsmiljø ut frå ulike pedagogiske retningar. For den som har greie på det, kan eg seie at eg for min del vart utruleg lei behaviorismen. Trur eg kan den teorien rimeleg godt no...

Dagen etter framføringa, på tysdag, fekk vi innføring i arbeidskrav 3, så der er ingen grunn til å ligge på latsida. Det nye arbeidskravet er eit feltarbeid, der vi skal finne ut om barn og unge sine fritidsvanar og kva for ei rolle dei har i sosialiseringsprosessen... (var der nokon som gjespa??? kan eg aldri tru...) Feltarbeid går ut på at vi skal ut til barna og observere og/eller intervjue dei. Kjenner at det er noko eg ikkje gleder meg overmåte til... Men ein må gjennom arbeidskrava for å kunne gå opp til eksamen... (hmm.. vil eg eigentleg det? viss eg tenkjer meg om...?)

10 poeng til den som klarer gjette kvifor eg tok dette biletet!

I dag har eg vore i observasjonspraksis. Eg skal ha praksis på Ostereidet Barneskule i 6. klasse, og i dag møtte eg klassen for første gong. Spennande:) Der skal eg vere i morgon, i tillegg til nokre veker i november, saman med ein medstudent, Lillian. Ho og eg dannar ei praksisgruppe, og det er kjekt:) Observasjonspraksisen går ut på å bli litt kjend med klassen og læraren, og å sjå litt på klasseleiing og motivasjon. Greitt å kunne erfare litt i praksis:)

I norsk blir haugen av ulest, men gjennomgått, pensum større og større. I næraste framtid er det sjølvvalt pensum som står på menyen. Kvar student skal framføre ei slags bokmelding på boka dei les no på måndag, i dei ulike læringsgruppene (mi er på fem personar). Kvar student skal ha ein opponent som vurderer framlegget, og etter framlegget skal ei side med disposisjon, eiga vurdering av framlegg og refleksjon rundt opponent sine kommentarar, leverast inn.

Som den merksame leser vil forstå; Livet er travelt, og her er nok å ta tak i. Det kan bli vel travelt innimellom, og ein kan miste litt motet, men som regel går det greitt når ein bit tennene saman, og får nok søvn.

Det siste der, nok søvn, er nok det mest vesentlege... Difor vil eg oppfordre alle som ein til å sove lenge nok. Tips: det er betre å legge seg tidleg og stå opp tidleg enn å legge seg seint og stå opp seint! Ikkje det at eg alltid klarer å etterleve det tipset, men eit ærleg forsøk er jo neppe å forakte;)

5 kommentarer:

  1. Hei på deg Solveig. Kjekt å lese om ditt "gjøren og laden". No er klokka 22.05 og eg skal følgje tipset ditt. :-)

    SvarSlett
  2. Heisann Solveig!?! Behaviorismen...e detta nåke eg har gått glipp av:P:P hehe....artigt å lesa d du skrive...og ja...haugen me ulest men gjennomgått pensum blir bare større og større og større....*sukk* og om d e detta eg vil gjera resten av livet...d e eg no enå ikkje seker på....menmen...
    Eg takke for at me har kvarandre te å halda motet og humøret oppe...du e goe og ha Solveig...
    Goe klem fra jentå di;)

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarar!

    Pappa: Ja, du veit kven eg har det frå;)

    Christine: Du gjekk absolutt glipp av noko der ja, du kunne fått behaviorismen opp og ned og i mente! Synd du gjekk glipp av det... (eller noko..)
    Glad for at eg har deg òg!!! Du er super!!! Glad i deg! :)

    SvarSlett
  4. Hei Solveig :) Gøy å lese ka som skjer i din verden - stilige bilda! Ane ikkje koffer du tok bilde av brødskiva di. Men men...

    SvarSlett
  5. Nei, d e jo ikkje så godt å vite... :P

    SvarSlett