25. oktober 2007

Riiiight!!! Ny helg!

Ei ny helg står for døra, og eg skal ikkje på skulen resten av veka. Ei herleg kjensle!

Fredagane er som regel studiedag på NLA, så då kan ein tillate seg å sove litt lenger og ikkje dukke opp på skulen. Ganske grei ordning, må eg seie;) Denne veka hadde vi i tillegg fri onsdagen, altså i går. Til vanleg har vi lærarforum på onsdagane, det vil seie lærardannande aktivitetar, altså ikkje noko bestemt fag, men diverse andre ting ein lærar treng å kunne. Neste veke skal vi ha eit praksisseminar, som varer heile onsdagen, og neste veke har vi heller ikkje fri på fredagen; der er dramaundervisning dei tre første timane for min del.

Vik

I morgon reiser eg til Vik saman med John Bjarne, for å vere der i helga. Trur det blir kjekt:) Skal òg mest sannsynleg ein tur til Balestrand i løpet av laurdagen, altså rett over fjorden, for å vere med på haustfest på Sygna VGS, der broren min, Per Kristian går på skule. Mamma og pappa kjem nedover og skal vere med på festen dei òg, så det blir reine familiegjensynet:D Det blir bra:)

Elles kan eg jo informere lesarane mine om at bokmeldingsframlegget på måndag gjekk fint:) Eg las "Rut" av Helga Eriksen, og fekk berre gode kommentarar til framlegget mitt. Kjekt! For den som skulle vere interessert i å lese boka, kan eg i grunn anbefale den. Det var ikkje alt i den eg likte, til dømes situasjonar som vart altfor inngåande skildra, men sjølve handlinga var god. Personane var levande, og ein fekk eit godt innblikk i tankane deira. Det er ei bok som er inspirert av boka Rut i Bibelen, så ein kan finne visse likskapstrekk mellom handlinga i boka eg las og bibelboka.


Etter at alle i læringsgruppa mi hadde lagt fram si bok, var det så meininga at vi skulle velje ei bok å arbeide vidare med. Det gjorde vi ikkje før i dag, men no har vi valt "Det som aldri skjer" av Anne Holt.

Eg kjenner ikkje til verken forfattaren eller boka frå før, så dette kan bli spennande:) Ulempa er at vi skal jobbe vidare med denne boka gjennom å jobbe med den ut frå ei pensumrelatert problemstilling... altså anten med eit analytisk eller eit didaktisk fokus, eller ein kombinasjon av dei to. Kjenner at det kan bli ei utfordring... Og vi har ikkje så lang tid på oss. Måndag 5. november skal vi ha framføring... Den skal vare i 20 min, dvs. omtrent fire minutt på kvar av oss, og både presentasjon og innhald blir vurdert. Kan ikkje seie at eg gler meg vilt.. eller jo, forresten; eg gler meg vilt til å bli ferdig!

4 kommentarer:

  1. Helu Solveig!
    Må innrømme at eg er inne på bloggen din med jamne mellomrom og kikkar på det du vel å presentere frå livet ditt på NLA, men har liksom aldri somla meg til å skrive kommentar. Takk for sist, forresten! Tek til å bli nokre månadar sidan, men eg har i alle fall veka/helga i lyst og friskt minne!
    Men no vart det såpass sjelsetjande lesing her at eg måtte inn og kommentere. Kan opplyse deg om at Anne Holt er ein lesbisk forfattar, har vore justisminister og skriv i den evinnelege krimsjangeren, som eg personleg kan styre meg for. Ei venninne av meg gjekk inn på ein bokhandel her nyleg og spurte etter ei bok av ein norsk forfattar som var komt ut i løpet av året - og som IKKJE var krim. Ekspeditøren vart ståande å tenkje lenge, men oppg. vart umogleg, og ho enda opp med å bli anbefalt ei bok av ein fransk forfattar. Skulle liksom tru at det var nok elende i verda om ein ikkje skulle grave seg ned i groteske skildringar av elendet i bokverda og! Tenkte bare dette kunne vere interessant å vite, i og med at du skal jobbe med boka så lenge.

    SvarSlett
  2. Hei, hei, Kjersti, og takk for sist, ja! Det var kjekt:)

    Tusen takk for kommentar:) Alltid kjekt når folk legg igjen eit skriv om kva dei synest!

    Skal ikkje jobbe så mykje med boka.. Men må gjere det, sidan dette er ei oppgåve vi må gjere for å kunne gå opp til eksamen seinare. Og då er det jo greitt å velje ei bok å gjennomanalysere, og på den måten øydeleggje, som ein ikkje har noko spesielt forhold til. Det gjer ikkje noko for meg om ei bok av Anne Holt blir øydelagt gjennom analysearbeid, for eg kjem mest sannsynleg ikkje til å lese av bøkene hennar att.

    Les i grunnen ikkje så mykje krim; må innrømme det. Men det var for så vidt greitt å lese boka. Den er til dels spennande og underhaldande, noko den bør vere, sidan det er noko av grunnen til at Anne Holt skriv bøker; at ho vil underhalde folk.

    Temaet i boka er for så vidt òg aktuelt; det at folk har eit kjedeleg og rutinemessig liv, kan "forklare" dei mest ekstreme handlingar...

    Likevel, du har rett i det, finnast det mange andre bøker, som er greiare og kjekkare å lese:)

    SvarSlett
  3. Hehe... Eg likte den med å "gjennomanalysere, og på den måten øydeleggje" ei bok...
    Heldigvis føler eg meg rimeleg trygg på at norsklæraren min ikkje er inne på bloggen din til dagen;)
    Lukke til med arbeidet!

    SvarSlett
  4. Takk for det:)

    Kanskje eg skal gi han/ho eit tips ;P

    Ha det godt så lenge:)

    SvarSlett