17. mars 2009

Planar

Eg har mange planar. Neste år er det berre 30 studiepoeng som er obligatoriske; resten er valfag. Eg har søkt på matematikk og leiing i skulen. Trur det blir bra. Neste år blir det òg opna for alternativ praksis, og saman med fire venninner har eg søkt om å få reise til Madagaskar og ha praksis der! Så forhåpentlegvis blir det fem veker på Madagaskar til hausten ein gong (fire til praksis og ei til ferie) - store ting!

Men planane mine kan vere vel og bra dei. Christine har skrive litt om kva han snakka om, talaren på Salem på laurdag. Livet mitt er jo eigentleg ikkje mitt, no når eg høyrer til Jesus! Han tok med livet mitt på korset og eg fekk hans! Men lever eg slik? Er alt det eg gjer noko Jesus ville gjort? Gjer eg alt det Jesus ville gjort? Klarer eg å disponere og prioritere tida mi på ein måte som gjer Jesus glad?

Det er noko å streve etter! Eg klarer det ikkje - men kanskje eg kan klare det meir og meir? Dersom eg fokuserer og let meg sjølv bli prega av Hans kjærleik?

Det er godt vi har nåden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar