28. august 2007

Medan eg er i gong:)

Har ikkje vore for ivrig med oppdateringane i det siste. Kan ikkje love at eg blir flinkare, men kan jo prøve:) Skulle det vere noko prekært de lurer på, er det ikkje farleg å sende ei melding eller ein e-post;)

No er eg iallfall godt i gong med tredje veka her på NLA på Breistein. Eg leiger eit kjellarhusvære omtrent 2 km frå skulen, så for det meste anten går eller syklar eg til skulen. Greitt å få røre litt på seg:)

Kjellaren her er romsleg, med omtrent 40 kvm. Kjekt med god plass! Har enno ikkje fått pakka skikkeleg ut, men her er absolutt potensial til å bli riktig koseleg, og skulle nokon av dei kjære lesarane mine ha hug til å stikke innom, må de gi lyd!! Det blir som regel motteke med opne armar:)

Ver velkommen!!!

Biletserie: Ivrig student! :p




Elles har eg begynt å komme inn i skulearbeidet. Har fått tak i mange av bøkene, men ikkje alle. Har kjøpt mykje brukt, og sparer slik ein del. Veldig greitt:)
Vi skal gjennom mykje i løpet av åra i allmennlærarutdanninga. Eg er ikkje sikker på om eg er komme på riktig plass, men det går no framover, og arbeidskrav 1 i pedagogikk er allereie unnagjort. Det var det framlegg av på måndag, der vi presenterte ulike syn på læraren si oppgåve og ulike syn på eleven. Ei relativt enkel oppgåve med få krav i starten. Greitt å starte roleg.

Utanom pedagogikk har eg faga norsk, KRL, kunst og handverk og eit minikurs i drama som fag i år, i tillegg til ein praksisperiode på mellomtrinnet. Har mykje nytt framfor meg, og gleder og gruar meg. Det blir eit spennande år.

Kva driv du med i år?

2 kommentarer:

  1. oisann! Eg vart visst anonym, men trur du veit kven eg er likevel. Det er vel kjedeleg når ingen har skrive kommentar, så då får eg gjere det... Eg har ikkje akkurat lite å gjere i år heller: Eg spelar i førde skulemusikkorps, førde ungdomskorps, sogn og fjordane janitsjarkorps og ensemblet, syng i kora deciding og minigospel, er med på to bibelgrupper og sit i styret til Pitstop, førde ungdomskorps og barne- og ungdomsnemda til nlm. Så er eg leiar på tabu, dirigent i Deciding og sjølvsagt med på Pitstop. I år er eg også med på LIV-kurs (leiar i vekst)arrangert av kfuk/kfum, og neste helg skal eg på LUDVIK (LeiarUtvikling Driven I Villmark som Intensivt Kurs) som er ein del av LIV. Det blir kjempekjekt! skal ha praksis i minigospel og på ein del barneleirar i tillegg til at eg var med på VAKUUM-veka som var i august. Så er det lekser og skule på toppen av det heile... matte, fysikk og kjemi med tor grepperud og leif hestad er supert! er jo russ i år også... og nei, eg veit ikkje korleis eg får tid til alt. Skal forresten ha min første køyretime på onsdag(!), så no håpar eg det ikkje tar så lang tid før eg kan sette meg i bilen åleine, og kanskje ta ein tur innom deg. det hadde vore koselig:)inntil den dagen kjem håpar eg du har det bra, og eg ynskjer deg lukke til med studiet! klem frå meg;)

    SvarSlett
  2. Ja, har ikkje du det travelt, veit sanneleg ikkje eg. Lukke til med alt saman, Ingvild!!! klem

    SvarSlett