25. juli 2009

Kort oppdatering og visdomsord #5 og #6

Etter herlege dagar i Vik etter konserten med 3MA, reiste vi onsdag tilbake til Kråkenes, slik at vi kunne vere litt der og eg kunne få pakke skikkeleg, før vi reiste vidare. Vi kom heim seint og gjekk difor raskt til ro. Torsdagen brukte vi mellom anna til å reinske litt av jordbæråkeren for bær og rusk, JB hjelpte pappa med å rake unna gras medan han slo og eg rydda inne og fiksa og pakka. Den kvelden kom foreldra til JB på besøk og vi hadde kaffeslabberas i hagen, med rabarbrapai og is. Kos:)

Fredagen ordna vi oss og vende nasa sørover. Pausa i Bergen vart litt lengre enn planlagt (sjå forrige innlegg). Etter ein time var NAF på plass og etter litt om og men, fann han fram sikringa til alarmanlegget og drog den ut. Så no er det problemet ute av verda. Grunnen til alarmutløysinga meinte NAF-mannen kunne vere dårleg batteri i bilen eller ein anna fjernkontroll slik vi trudde, men det er ikkje sikkert kva som eigentleg gjorde det. Det viktigaste er at vi ikkje treng å tenke meir på det no:)

Då vi omsider kom oss vidare, reiste vi til Leirvik på Stord og besøkte ein kompis av JB der. Vi bestilte oss kinamat saman med han, og fekk sjå korleis han budde. Kjekt:)

Etter nokre timar der, reiste vi vidare til det endelege målet for turen denne dagen: heimen til Christine på Fjellhaug i Frakkagjerd i Tysvær. Der var vi i helga, før vi søndagen reiste vidare til Grimstad, bibelskulen, Sommar i Sør og Amigosfestivalen!

Den neste veka fekk vi bli kjende og fornya vennskapet med mange kjekke vaksne, tenåringar og barn i løpet av det som vart eit vellukka førsteforsøk av eit relativt nytt barneopplegg på Sommar i Sør; Amigosfestival!

Måndagskvelden, då vi hadde møtt tenåringane vi skulle vere leiarar saman med i løpet av festivalen og blitt litt kjende med dei, hadde eg ansvaret for ei andeleg fellesskapsavslutning av dagen. Det førte mellom anna fram til det femte visdomsordet i serien min:

Visdomsord #5: Ein høyrer best i stilla.

Då vi var ferdige med festivalen, bestemte vi oss for å reise same veg tilbake, og Christine og familien hennar tilbydde oss overnatting frå søndag til måndag som vi slo til på:) Kos! Her oppdaga eg ei utgåve av Anne Franks dagbok i bokhylla, og spurte om eg kunne få låne den. Det fekk eg:) Denne utgåva var usensurert og inneheldt alle nedtegningane hennar. Eg har ikkje lest den før, så det var interessant å få lest den! Noko av det som gjorde at Anne Frank skreiv dagbok, var at ho trengte nokon å fortelle om kjenslene sine til, og som ho nemner i boka:

Visdomsord #6: Papir er tolmodig.

Med Anne Franks dagbok og mange gode minne i bagasjen, reiste vi tilbake til Vik og slappar no av her:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar