27. april 2009

Eg ønskjer meg fred

Det nærmar seg 22-årsdagen min, og eg er blitt spurt nokre gongar om kva eg ønskjer meg. Eg har svart med at eg skal legge ut ønskeliste på bloggen min, så her kjem den. Den er ikkje skriven i prioritert rekkefølge.

Eg ønskjer meg:

  • Flaxlodd - for spenning i kvardagen
  • Brettspela Ticket to Ride og Rummy/Rummikub
  • Utviding av kortspelet Bohnanza - NB: Tysk utgåve!
  • Blå boks av kortspelet Ligretto
  • Pengar - alltid greitt å ha!
  • Brev/ kort i posten:D
  • Skrivebordslampe
  • 24-delars sett med bestikket Svaberg, 18/10 rustfritt stål
  • 6 tallerkenar og 6 djupe tallerkenar, samt serveringsfat av sitrondesignet til Ferdinand Finne frå Porsgrund 
  • Verktysett (gjerne lite og nett, som er greitt å flytte med seg og til å skru/hamre oppheng til bilete og andre ting som skal på veggen)
  • Boka Fra Hellas til Happening (kjekk bok om teaterhistorie)
  • Boka Hva i all verden? av Jan Rantrud (om skaping, skrive av KRL-læraren min frå NLA)
  • Boka Tidebønn frå Efrem forlag (opplegg til typisk morgonmesser og kveldsbøner, lik dei som er her på Sta. Sunniva)
  • Musikk (gjerne Shawn McDonald (albuma Ripen og Roots), Michael W. Smith (albuma I 2 Eye og The first decade), Rebecca St. James (albuma 2 for 1- God/Transform, The Early Years og Worship God),  Vamp (albuma Horisonter, 13 humler, Folken, En annen sol, Siste stikk, Flua på veggen og St. Mandag), David Phelps (albumet The Voice), Secret Garden (albuma Once In A Red Moon, Earthsongs, Songs From A Secret Garden, White Stones og Inside I'm Singing) og elles anna musikk med gode tekstar og melodiøs komposisjon, gjerne med meir uvanlege instrument som fløyte, fele, kontrabass, sekkepipe, trompet, klarinett, obo, fagott og anna digg)
  • Abonnement på magasinet Strek
  • Innramming til BiG-biletssamlinga og måleriet eg kjøpte i Ecuador, samt eit måleri eg og JB kjøpte av ein dørseljar (høyrte eg nokon nemne gåvekort? gjerne det!)

Dette er det eg førebels har på denne lista, men eg blir glad for det meste:)

14. april 2009

The show must go on!

Noko av det eg har lært her i livet, er at det går vidare. Ein kjem seg gjennom ting. Om ein har mykje på agendaen, og eigentleg ikkje ser enden på alt ein har å gjere, og eigentleg ikkje vil anna enn å legge seg ned og sove, då kan det gå trått. Men ein får gjort ting, om ikkje anna så iallfall smått om senn.

I dag hadde vi forprøve i norsk, om setningsanalyse og elevtekstanalyse og grammatikkundervising i eit didaktisk perspektiv. Eg var litt uroleg for at eg kanskje hadde teke litt for lett på lesinga i påska, men det var ikkje nødvendig. Eg trur prøva gjekk heilt greitt, og meir har eg igrunn ikkje forventingar om.

Vi har fått att vurdering på aksjonsforskingrapporten, og for dei som ikkje har fått med seg det, var det verkeleg eit herk å skrive den oppgåva. Opplegget rundt var ganske frustrerande, og der var mykje som mangla på at vi hadde den informasjonen vi syntest vi trengte for å skrive ein god rapport. I det store og det heile eit lite motiverande prosjekt. Eg vurderte å ta dette prosjektet eit seinare år fordi eg var utslitt av alt vi hadde å gjere, men kom meg no gjennom. Og heldig var det, for tilbakemeldinga vart slett ikkje så verst:)

Og som tidlegare nemnt fekk vi gjennomført samproduksjon til gode kritikkar:)

No er våren her, og eg har kost meg i påska, først i Vik og deretter på Kråkenes med besøk av bestemor, onkel Bergsvein og døtrene hans. Vi fekk ut båten og var på stranda og grilla og brente boss og riktig koste oss. Kjempekjekt!

Livet er herleg!

Biletet har eigentleg ikkje så stor samanheng til teksten, men viser litt korleis eg har det for tida. Som desse klarer eg å nyte livet midt i alt eg har å gjere;)

5. april 2009

Påske!

Eg må berre få uttrykke mi lukke over at ferien endeleg er her!
Fantastisk!

Vi er ferdige med samproduksjonen, ein stormande suksess! Eg spelte dokka (tankeverdenen) til hovudpersonen i stykket. Spennande:)


Elles har eg levert inn siste arbeidskravet i estetiske fag, så no er det faktisk berre eksamen att. Den skal vere 21.-24.april, altså ei veke etter at påska er ferdig. Før den tid skal eg ha forprøve i norsk om elevtekstanalyse og setningsanalyse, samt siste samling med KRL med framføring av gruppesamarbeidet om Egil Hovland sitt verk Bli hos oss, som saman med praksisrapporten frå undervisninga eg hadde i RLE på sjette trinn (som eg òg må skrive i løpet av påska) er dei to siste arbeidskrava i det faget. (Det blir altså ikkje berre ferie på meg denne påska...) Deretter er det berre eksamen att i KRL 2 òg; ein fem dagars heimeeksamen frå 13.-19.mai. Etter det er det norsk- og matematikkundervisning att av året før eksamenane i dei faga på skulen høvesvis 29. mai og 5. juni. Då er tida inne for sommarferie!!! Det skal bli fantastisk godt!