27. oktober 2010

Kunstnar-Solveig

Det er tittelen min for tida - bør vere tittelen min for tida.
To nettbaserte fag - norsk og kunst og handverk - to kunstfag.
Utfordring.

Essay og kunstuttrykk.
Mykje arbeid!
Lite tid... att...

20. oktober 2010

Siste nytt: SNØ i Bergen

Ja, du leste riktig. Her er bilete frå utanfor huset der eg bur, teke for rundt ein halvtime sidan:



12. oktober 2010

Rydding i CD-hylla

Ein kjem over mykje når ein startar å rydde. Når eg no har henta resten av CD-samlinga mi heime, for å prøve å samle den på ein plass, fann eg Blood, Sweat & Tears Greatest Hits. Låtane deira er musikalsk sett tøffe! Dei kastar seg ut i ulike toneartar, men rundar alltid opp nice and easy:) Det er denne gruppa som skreiv Spinning Wheel, ein låt kjend spesielt frå Cubusreklamar frå ei tid tilbake her i landet. På heimesida deira kan du høyre den mellom anna.

Her er link til ein vakker kjærleiksvise:
You've Made Me So Very Happy av Blood, Sweat & Tears

Enjoy! :D

11. oktober 2010

Eit lite pip

For ei tid tilbake fekk eg eit lite pip om at det ville vore fint med oppdateringar. Det forstår eg godt. Det har vore skralt med oppdateringar den siste tida her, men litt fleire på den nye bloggen min om det eine faget eg tek i år. Der skriv eg om tanke og handling i høve arbeidet i faget. Ta gjerne ein titt og kommenter:)

Likevel har det skjedd andre ting i livet enn kunst og handverk i Sogndal. Utanom dette faget tek eg norsk 5.-10. klasse på Breistein. At eg no studerer ved to ulike høgskular, skapte ein del komplikasjonar i høve stipend og lån, men no har det omsider komme på plass. Godt å ha ein reserve å ta av.

Turen til Israel var flott! Vi fekk oppleve mykje, og i og med at vi var der så lenge, i ein heil månad, og ikkje budde på fleire enn tre plassar, fekk vi litt tid til å slappe av og nyte livet på kvar plass òg, i staden for å farte rundt for å rekke og sjå alt. Det var frigjerande. Las ein del, spesielt på siste delen av turen, då vi budde på Ma'agan Holiday Village, eit ferieområde sør for Galilea-sjøen (òg kjend som Tiberias-sjøen, Genesaretsjøen og Søndagsskulesjøen). Eksamenane gjekk fint, både skuleeksamenen vi hadde siste dagen i Israel, heimeeksamenen ei veke etter vi kom heim og den munnlege eksamenen i slutten av veka deretter, som òg var i starten av siste helga før skulestart. Ikkje verst! Etter siste eksamen vart sommarsemesteret avslutta med ein flott eksamensfest hos Else, ei av dei andre som var med. Veldig koseleg!

Ei av dei andre som var med på turen til Israel, bur i same hus som meg og JB. Kjekt å vite kven nokre av naboane er i alle fall - kunne byttelåne filmar og sukker og kva det måtte vere - fint liv:) Til dags dato har ikkje naboskapet gjort så stort utslag, men vissa om tilstanden er like verdifull som faktisk handling i ein del tilfelle. Sjølv om tanken ikkje alltid tel.

I helga som nettopp er over, var eg og mannen min (alltid like morsomt å seie d;)) på tur heim til familien min. Eg har vakse opp på eit lite gardsbruk, og der er det som regel alltid noko å gjere. Vi har ein stor hage rundt huset med mellom anna frukttre. Plommehausten i år var fenomenal. Vi har berre tre plommetre, men dei bar så mykje i år at vi ikkje fekk nytta alt. No er sesongen omtrent over, og tida er inne for å rake vekk lauvet som ligg rundt på marka. Dette er viktig å gjere for at dei ikkje skal vere berarar for sopp til neste års avling. Lauvraking var difor det vi heldt på med ein del av laurdagen. Det var mykje å rake saman og litt vanskeleg grunna langt gras. Likevel var bakken under trea strigla då kvelden kom:)

Søndagen var heile gjengen ute i marka for å hjelpe naboen med å sanke resten av saueflokken hans. Det var flott haustver, og om det var det som var grunnen eller ikkje, var i alle fall sauene ikkje så greie å ha med å gjere. For det første var dei spreidde over eit stort område, og då vi prøvde å samle dei, var det ikkje alle som var så gira på å følgje flokken. Det vart mykje vandring, springing, klatring, kliving, lytting, kommunikasjon over jaktradio og mobil, litt sopplukking og mange slitne føter. Eg kjenner framleis omtreng i heile kroppen at eg brukte den i går. Men vi fekk med oss kantarell til byen igjen; nok til å dekke alle treskjærefjølene vi har, inkludert den som er inkludert i kjøkenet. Jammen ikkje verst:)

For sauebønder må det vere spesielt å lese i Johannesevangeliet, kapittel 10, vers 11 (omvendt av datoen i dag): "Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene." Eg vil nok tru at sauehaldet og sauene i Israel er litt annleis enn i Noreg, men noko står fast; sauer er noko for seg sjølv. Det er menneska òg. Kor mykje lenger ein skal trekke parallellen er eg usikker på, men vi kan fare vill. Jesus vil føre oss på den rette vegen!