21. april 2014

Vår heime



Ønskeliste

Eg har eit rikt liv! Jesus har døydd for meg! Eg har jobb eg prøver å finne meg til rette i, eg har ein nyoppussa heim eg liker meg betre og betre i og framfor alt har eg ein fantastisk ektemann, familie og vener eg set stor pris på! Eg har eigentleg alt eg treng og meir til. Eg liker likevel å få gåver. Og for dei som spør og lurer, er her mi ganske oppdaterte ønskeliste. :)

- brev/kort i posten
- ny ringeklokkelyd
- utstillingsstativ til serveringsfat
- steinmortar
- lysestakar i glas frå Tilbords (Silence, trur eg dei heiter)
- høg versjon av dei tre vise menn frå Hadeland Glassverk
- 8 Nora biffknivar
- 24-delars sett med bestikket Svaberg, 18/10 rustfritt stål
- Drage sølvteskeier
- tjukkesokkar
- kvardagsskjerf
- spel frå tenketing.no: kinasjakk, mikado, escape, hanoi tårn
- bøker:
     - Du er unik av Max Lucado
     - Ett ord. Bilder i kampen mot særskrivingsfeil av André Ulveseter
     - Langt fra stammen av Andrew Solomon
- filmar:
     - Caprinos filmsamling (caprino.no)
     - samleboks med Shrek-filmane
- cdar:
     - Glory, I 2 Eye og The first decade av Michael W. Smith
     - Camomile av Vamp
     - Once In A Red Moon, Earthsongs, Songs From A Secret Garden, White Stones og Inside I'm Singing av Secret Garden

Elles er overraskelsar kjekt! ;)