4. november 2014

Foccaciasmørbrød


Kan verkeleg tilrå denne kombinasjonen: nybakt foccacia, gjerne etter denne oppskrifta (takk, Bollefrua!), med nysteikt kylling i skiver, agurkskiver, paprikabitar og alfalfaspirer. Gjerne med pesto som smør. Fekk servert dette som ventemat for første gong i eit bryllaup, og får vatn i munnen berre ved å tenke på det. Litt jobb med å lage foccaciaen og sånt, men absolutt verdt strevet! :D

Ønskeliste

- brev/kort i posten
- ny ringeklokkelyd
- lysestakar i glas frå Tilbords (Silence, trur eg dei heiter)

- 8 Nora biffknivar
- 24-delars sett med bestikket Svaberg, 18/10 rustfritt stål
Drage sølvteskeier
- tjukkesokkar
- spel frå tenketing.no: kinasjakk, mikado, escape, hanoi tårn

- gitar
- keyboardstativ
- bøker:
     - Du er unik av Max Lucado
     - Ett ord. Bilder i kampen mot særskrivingsfeil av André Ulveseter

     - den nye salmeboka
- filmar:
     - Caprinos filmsamling (caprino.no)

     - Sherlock-serien
cdar:
     - Glory, I 2 Eye og The first decade av Michael W. Smith
     - Camomile av Vamp
     - Once In A Red MoonEarthsongsSongs From A Secret GardenWhite Stones og Inside I'm Singing av Secret Garden


8. oktober 2014

Vitaminmangel

Eg òg vil
ha det fint
ikkje bli pint
men gå i gong

Eg òg vil
aktivere meg
ikkje vere treg
men springe rundt

Eg òg vil
hoppe vindmølle
ikkje bølle
men vere med

Førebels er eg innestengt
i mitt eige sinn
eller mangel på D-vitamin

Men snart er eg fri(are)!

15. september 2014

Tilrådd: Daily Zen List

Zen er ei form for buddhisme. Såleis trur eg ikkje alt som har med det å gjere skal slukast rått. Mange zen-idear har likevel blitt populære, og det er eit ord som ikkje nødvendigvis alltid peiker tilbake til den buddhistiske tradisjonen. Nokre gongar blir det nesten brukt i motsetnad til ideane det eigentleg er henta frå. Ein kan nesten seie 'zen' er blitt eit kvardagsord.

Kor mykje Daily Zen List har å gjere med zen, skal vere usagt. Det er ei side der ein Johnny Webber legg ut lister i fleng, som gir tips om litt av kvart, både generelle tips og lenkjer til andre nettsider med spennande ting.

Her er nokre av mine favorittar:

Ein kan finne mykje informasjon på nettet. Ikkje alt er bra, så kjekt med slike sider som gjer det lettare å finne ting ein liker.

13. september 2014

Musikk til avslapping og mimring

Ja, eg har funne nettsider til begge deler! For å seie det slik: StumbleUpon er ganske ok innimellom! :)

Www.jazzandrain.com er perfekt til stunder du vil ha roleg musikk på øyret, men utan tekst. Kanskje treng du merksemda di til andre ting enn å lytte til kva artisten har å seie? Ein kan velje mellom ulike typar jazz og om ein vil ha regn eller ikkje i bakgrunnen. Ganske så koseleg. :)


Mimring kan vere spennande å gjere gjennom musikk. Eg har til dømes enkelte låtar eg alltid høyrde på hos naboen, medan vi spelte Mario, i hine hårde dagar. Høyrer eg dei att, er det som eg er tilbake då. The Nostalgia Machine er ei side der ein kan finne musikk knytt til bestemte årstal. Er du nysgjerrig på kva som var mykje høyrt på eitt eller anna år frå 1960 til no, er dette sida for deg!