18. juli 2007

Sommar og fri?

Sommar er det i alle fall no. Vi skriv 18. juli, og ferien er i grunn halvvegs over for denne gong. Har eigentleg ikkje hatt altfor mykje tid til å reflektere over livet, for ferien har vore rimeleg hektisk. For den interesserte; her er ei oppsummering:

#10. juni: Skuleåret på Bibelskulen i Grimstad er over. Tårene væter kanalane; det er trist, men godt... Ut på kvelden reiser vi, dvs. eg og John Bjarne (JB), til Jessheim og overnattar der hos ein kompis av JB.

#11. juni: Etter deilig frukost (boil-in-bag-ris) køyrer vi frå Jessheim til Gardermoen (ikkje så langt...), og parkerer bilen der, før vi går inn i terminalbygget og møter dei 33 andre ex-bibelskulestudentane, i tillegg til Gunstein og Bjørnar, Kjetil, Jermund og Brynjar, som vi skal reise saman med til det lova land, Israel! Flyet gjekk til Wien 14.30, og vidare til Tel Aviv, dit vi kom 00.30 lokal tid.

John Bjarne med ny hatt på Saligprisningsberget

#22. juni: Etter herlege, varme, travle dagar i Israel, landar vi atter på norsk jord 12.55 denne dagen. Då har vi vore meir eller mindre vakne sidan 01.30 den natta, etter ikkje så altfor mange timane søvn på førehand, og er følgeleg ganske trøtte. Likevel set vi oss i bilen med friskt mot og vender nasa mot Vik. Dit kjem vi i kveldinga ein gong, og ikkje lenge etter søv vi søtt i mjuke senger.

#23. juni: Dagen for siste etappe, heim til Kråkenes. JB blir med, og vi får feira sankthans der. Feiring og feiring forresten... Veret sette ein dempar på stemninga, vi var stort sett innandørs (utan bål..).

Vegen opp Gaularfjellet, på veg til Førde og Kråkenes

#24. juni: JB reiser heim att, og eg, mamma, Ane Marte og Jenny reiser til Teigen på leir. Eg er leiar, dei andre tre deltakarar. Heldt to andakter i løpet av leiren, noko som gjekk bra. Ei kjekk oppleving!

Andakt ute på holmen

#27. juni: Etter eit knapt døgn heime, går eit fly frå Bringeland mot Gardermoen. Om bord finn du mellom andre meg, Per Kristian (PK) og Kjersti, ei venninne av oss frå Flatraket. Vi skal til Thon Hotel Oslofjord og vere leiarar på barneopplegget under Norsk Gideon sitt landsmøte frå 28. juni til 1. juli.

#1. juli: Landsmøtet er ferdig, og eg og PK tek buss heim att til fagre Sunnfjord. Bussreisa er lang, men når ein er to går det meste bra. Fin stopp på Gol, der einhjulingen til PK var i flittig bruk (ikkje så mykje av meg, nei..). Vi kjem til Førde rundt 18.

#2. juli: Eg startar på jobb for kraftverket dei held på å bygge på Kråkenes. Jobben består i å avbarke material og å måle tak i kraftstasjonen. Det vart nokre timar og pengar av det, ja:)

#4. juli: Eg reiser ut på ettermiddagen med buss og ferje til Vik på besøk til JB. Vi får planlagt litt bibeltimar, og slappa av.

#6. juli: Vi, atter ein gong meg og JB, køyrer frå Vik med kurs mot sørlegare strøk, nærare bestemt Bibelskulen i Grimstad og Normisjon sitt storstemne der; Sommar i Sør. Vi skal vere leiarar på CompACT, eit leiartreningskurs for tenåringar. Travelt vart det, men spennande og kjekt; ei nyttig erfaring.

#15. juli: CompACT er over, og vi er slitne. Men vi får med oss Rebecca i bilen oppover, og køyrer mot Setesdalen, der vi besøker Ingve på garden hans. Der møter vi òg Jon og Anne, som overraskande nok for vår del var på besøk der. Kjempekoseleg!! Og Ingve, saman med Jon og to andre kameratar, diskar opp med marinerte kotelettar, bacon og flintsteik. Nyyydeleg!

#16. juli: Vi reiser frå Ingve, set frå oss Rebecca på Kvanndal og reiser heim til JB i Vik.

No er eg framleis i Vik, og har nytt nokre fredelege og rolege dagar her. Seinare i dag reiser eg heim att til Kråkenes, og i morgon startar eg i opplæring i pleien på aldersheimen i Førde. Der skal eg mest sannsynleg jobbe ut sommaren, og få nokre pengar til studiestart 14. august.