25. juli 2009

Kort oppdatering og visdomsord #5 og #6

Etter herlege dagar i Vik etter konserten med 3MA, reiste vi onsdag tilbake til Kråkenes, slik at vi kunne vere litt der og eg kunne få pakke skikkeleg, før vi reiste vidare. Vi kom heim seint og gjekk difor raskt til ro. Torsdagen brukte vi mellom anna til å reinske litt av jordbæråkeren for bær og rusk, JB hjelpte pappa med å rake unna gras medan han slo og eg rydda inne og fiksa og pakka. Den kvelden kom foreldra til JB på besøk og vi hadde kaffeslabberas i hagen, med rabarbrapai og is. Kos:)

Fredagen ordna vi oss og vende nasa sørover. Pausa i Bergen vart litt lengre enn planlagt (sjå forrige innlegg). Etter ein time var NAF på plass og etter litt om og men, fann han fram sikringa til alarmanlegget og drog den ut. Så no er det problemet ute av verda. Grunnen til alarmutløysinga meinte NAF-mannen kunne vere dårleg batteri i bilen eller ein anna fjernkontroll slik vi trudde, men det er ikkje sikkert kva som eigentleg gjorde det. Det viktigaste er at vi ikkje treng å tenke meir på det no:)

Då vi omsider kom oss vidare, reiste vi til Leirvik på Stord og besøkte ein kompis av JB der. Vi bestilte oss kinamat saman med han, og fekk sjå korleis han budde. Kjekt:)

Etter nokre timar der, reiste vi vidare til det endelege målet for turen denne dagen: heimen til Christine på Fjellhaug i Frakkagjerd i Tysvær. Der var vi i helga, før vi søndagen reiste vidare til Grimstad, bibelskulen, Sommar i Sør og Amigosfestivalen!

Den neste veka fekk vi bli kjende og fornya vennskapet med mange kjekke vaksne, tenåringar og barn i løpet av det som vart eit vellukka førsteforsøk av eit relativt nytt barneopplegg på Sommar i Sør; Amigosfestival!

Måndagskvelden, då vi hadde møtt tenåringane vi skulle vere leiarar saman med i løpet av festivalen og blitt litt kjende med dei, hadde eg ansvaret for ei andeleg fellesskapsavslutning av dagen. Det førte mellom anna fram til det femte visdomsordet i serien min:

Visdomsord #5: Ein høyrer best i stilla.

Då vi var ferdige med festivalen, bestemte vi oss for å reise same veg tilbake, og Christine og familien hennar tilbydde oss overnatting frå søndag til måndag som vi slo til på:) Kos! Her oppdaga eg ei utgåve av Anne Franks dagbok i bokhylla, og spurte om eg kunne få låne den. Det fekk eg:) Denne utgåva var usensurert og inneheldt alle nedtegningane hennar. Eg har ikkje lest den før, så det var interessant å få lest den! Noko av det som gjorde at Anne Frank skreiv dagbok, var at ho trengte nokon å fortelle om kjenslene sine til, og som ho nemner i boka:

Visdomsord #6: Papir er tolmodig.

Med Anne Franks dagbok og mange gode minne i bagasjen, reiste vi tilbake til Vik og slappar no av her:)

10. juli 2009

Mykje og mangt kan skje

No til dømes sit eg og JB og ventar på NAF. JB meldte seg inn i natt rundt 1, og heldig var det, for i det han sat her og venta på at eg skulle skifte ut litt av bagasjen på hybelen, låste plutseleg bilen seg og alarmen vart sett i funksjon. Korleis det kan vere mogleg er ikkje godt å seie, i og med at fjernstyringa til systemet i bilen til JB har vore øydelagt ei god stund. Løysinga vi ser er at nokon i området her må ha same frekvens på billåsen sin, og dermed har alarmen til JB blitt aktivert samstundes. Ganske utruleg!

JB har heldigvis fått deaktivert hornet i bilen, slik at den ikkje lagar lyd, men nødlysa blinkar framleis no og då. Derfor ringte vi NAF for å høyre om dei kunne kome og hjelpe. Dei skulle komme innan ein time, sa dei. Får tru det går greit:)

Elles fekk eg gåve her hin dagen! Av JB:) I høve eitt år truloving den 19.juli:)

Eg fekk to ting som eg har ønska lenge: Ticket to ride og utvidingsspelet til Bohnanza -på tysk!!! Jippi! :D

Då eg opna eska, fann eg først mykje avispapir -på tysk:)


Men nederst fann eg gåva:
Ticket to ride og tysk Bohnanza-utviding!


Då eg etterpå rydda opp avispapiret, fann eg ei bonusgåve;
kryssord på tysk:D

8. juli 2009

Førdefestivalen -09 og 3MA

Kvart år på denne tida har vi noko som heiter Førdefestivalen i Førde. Tidlegare heitte den Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, eit namn som sa litt meir om innhaldet i festivalen. I løpet av intense dagar i starten av juli, denne gongen 2.-5.juli, kan ein få høyre og sjå folkemusikarar og -dansarar frå mange plassar i verda.

I år var eitt av dei kanskje største trekkplastera folkedansgruppa Frikar, kjent frå Eurovisjonen tidlegare i år, der dei dansa til Alexander Rybak sitt nummer.

Eg for min del skulle noko mykje viktigare denne helga (sjå JB att:D), og reiste difor ikkje på noko særleg av det som vart arrangert. Men då eg høyrde at mellom andre 3MA skulle opptre på utescene ved Førde Torg på fredagen, ville eg gjerne få med meg det! Det er nemleg ei gruppe som består av tre musikarar som speler på strengeinstrument og er frå tre land som startar på MA, nemleg Mali, Marokko og Madagaskar:) Og sidan eg skal i utanlandspraksis mest sannsynleg på Madagaskar måtte eg prøve å få med meg dette!

Lenge såg det ut til å spøke for den kulturelle utflukta mi, for det var snakk om at Tryggve, bror til JB, som eg skulle sitte på med, måtte reise torsdag kveld i staden, i og med at han hadde fått tannlegetime fredag. Men han avbestilte den, slik at vi kunne reise fredag ettermiddag som planlagt:) Fredag morgon var det òg ein del å gjere heime.. Konserten skulle starte 10.30, så eg tenkte at det sikkert heldt om eg stod opp rundt 9. Men då eg kom ned, hadde mamma starta med oppvasken, eg brukte lang tid i dusjen og klokka var plutseleg nærare 10 då eg kom opp att.. Og så måtte vi ha frukost og så gjekk tida. Vi var ikkje i Førde før klokka hadde passert 11.. Heldigvis var det ikkje berre 3MA som skulle opptre denne dagen. Der var òg to andre grupper, og det var desse som hadde begynt:D Første gruppa fekk vi ikkje med oss - dei hadde hatt halvtimen fram til 11. Gruppa som heldt på då vi kom var Kenge Kenge, ei perkusjons-, danse- og syngegruppe frå Kenya. Det var flott! Etterpå kom 3MA, som for høvet var 2MA, i og med at sistemann ikkje hadde komme fram enno. Heldigvis var Rajery, han frå Madagaskar, der med valihaen sin, eit slags bambusrør med strengar utanpå. Det vart ein flott liten halvtime med fascinerande afrikansk strengemusikk. Det såg ut som dei kosa seg på scena, og det gjorde vi som stod og høyrde på òg:)

Så no har eg eit nytt ønske på lista mi: albumet Rajery/Ballaké Sissoko/Driss El Maloumi frå gruppa 3MA:D

For høvet 2MA på scena;
her Ballaké Sissoko, ein av dei mest respekterte koraspelarane i Mali til venstre
og valiha-meisteren Rajery frå Madagaskar til høgre


Dei kosa seg på scena:)


God kommunikasjon både seg i mellom og mot publikum:)
Og sjå: Han speler veldig bra sjølv om eine handa er øydelagd!



Her er eit opptak av 3MA - høyr lyden av strengemeistrane:)

2. juli 2009

Molde - rosenes by og fødestaden min

Utsikt over Molde frå Varden
(ja.. lauvtrea øydela litt..)

Torsdag kveld, rundt 19, altså for ei veke sidan omtrent, reiste eg, pappa og Ane Marte til Nord-Møre for å vere med i gravlegginga av eine onkelen til pappa. Den skulle gå føre seg kl. 13 fredagen.

Eg og pappa bytta på å køyre oppover, og vi kom fram omkring halv to om natta. Då møtte vi bestemor og Lady (hunden) i døra -dei hadde høyrt oss komme, og så var det rett i seng.

Etter gravferd og minnesamvær fredagen, tok vi med oss Bergsvein, Ingrid og Elise, onkelen min og døtrene hans/søskenbarna våre, samt Lady opp til Varvik-vatnet. Der har eg ikkje vore før, så det var kjekt å vere med på det. (Med unntak av rennande svette, kløande gras, svirrande fluger og stikkande knott...)

På laurdagen reiste vi til Molde. Det er rundt ein time køyring frå der bestemor bur, Varvika. Eg vart fødd på sjukehuset i Molde og vi budde der oppe, på Hjelset, dei to første leveåra mine. Men eg har aldri heilt gjort meg kjent i Molde, og det skulle vi prøve å rette opp denne dagen:)

Vi starta med ein tur på Roseby, eitt av kjøpesentera der. Pappa og Bergsvein skulle ein tur på Biltema, som låg like i nærleiken. Ingrid vart med dei, medan resten av oss gjekk på Roseby. Bestemor fann seg ein benk å kvile på, AM og Elise gjekk på leikebutikk og eg vandra litt rundt for å sjå:)

Vel ferdige der, reiste vi til torget i Molde og kjøpte oss is:) Der selte dei softis med sjokoladetrekk. Eg bestilte det (måtte jo prøve;)), men seljaren trudde eg meinte sjokoladestrø, fordi dei før meg ville ha det.. Jaja.. Var godt med sjokoladestrø òg;) Medan Bergsvein og bestemor gjekk for å finne bestemor ein hatt mot sola, gjekk vi andre opp på rådhustaket. Der har dei laga til med blomsterbed (med mange roser sjølvsagt;)) og benkar. Fint!

Rådhustaket låg i same plan som inngangen til domkyrkja. Der stod eit brurefølgje utanfor, og eg kjende faktisk ei av dei som stod der. Kjekt:) Bryllaupet var akkurat over og slik var kyrkja open og vi fekk teke ein kik inn. Den var stor og flott! Innvia i 1957, så ei forholdsvis moderne kyrkje:)

Lur idé til bønnepost for barn som ikkje er så stø på å skrive enno!
Dei ulike fargane på steinane står for ulike "bønnekategoriar".
(tips og triks som lærarstudenten plukkar opp;))

Etterpå reiste dei andre ein tur tilbake til Roseby for å finne hatt til bestemor, noko som ikkje hadde vore så lett å finne nær Torget. Då fekk eg gå tilbake og gjekk gjennom Storgata, hovudgata i Molde.

Til slutt på runden vår i Molde, reiste vi til Varden, byfjellet i Molde. Der var det fin utsikt over byen, trass i lauvskogen som hadde overteke ein del av den. Her låg det òg kart, både over fylket og byen, som ein kunne ta med eit eksemplar av. Kos:) (skal ikkje så mykje til for å glede meg;))

Det vart ein flott dag i Molde! Kan trygt seie eg kjenner byen litt betre no:)

Eg hadde i utgangspunktet vurdert å vere att nokre dagar hos bestemor, men fann ut at det var best å komme seg heim att. Som sagt så gjort. Eg og pappa reiste av garde rundt halv ti søndag morgon. Vi fekk med oss to av tantene til pappa på turen. Dei skulle til Larsneset, så vi køyrde om der tilbake. Det tek litt lengre tid og resulterer i dobbelt så mange ferjer, men slik fekk vi meir selskap på turen, og då vi kom fram til Larsneset og eine tanta hadde blitt henta, bad andre tanta oss inn på mat, før vi reiste vidare. Godt med kyllinglår og trekantbrød! Vidare reiste vi om Hagevika, der mamma er frå, for å hente med oss ein sofa etter bestefar. Rundt 20 var vi i Førde og litt før halv heime på Kråkenes att. Ei lang ferd, med andre ord.

Ane Marte derimot, vart att. Ho kjem heim med bussen i morgon. Litt seinare får eg sitte på med Tryggve, broren til JB, til Vik. Då skal eg få sjå min kjære att! Kan nesten ikkje vente;)

1. juli 2009

Surmjølk og blomeprakt

I dag kunne JE komme heim og fortelje at naboen bruker maursyre når han skal lage surmjølk til kalvane. 2-3 dl maursyre til ei bøtte heilmjølk... Greitt nok at kyr et dei raraste ting, men dette hadde eg ikkje trudd:D


*******

Her på Kråkenes blomstrar det over alt. Det er kjekt å sjå! Mamma vann ein pakke med ulike løkar, alium, i kryssordet til Norsk Hagetidend ein gong, og dei har vi hatt mykje glede av. Her er ein av sortane; av oss døypt "tøffingane":D Dei veks først opp som lange strå, toppa med ei kule med ein spiss opp. Etter ei stund sprett dei ut som ulike stilleståande fyrverkeri! Som ei venninne ville sagt: Fascinerande;)