20. desember 2009

Le Petit Bonhomme En Mousse

Ein gong for lenge sidan vart eg introdusert for dette opptaket. Eg hugsar ikkje heilt korleis. Når mamma no var på jakt etter morosame Youtube-filmar, kom eg på denne, men det gjekk ei tid før eg fann den att. Det var til slutt PK som fann den, og her blir den lagt ut som ei gåve til lesarane mine i denne søte juletid:

28. november 2009

Ønskeliste!

Då nærmar det seg jul, og som vanleg er det greitt å få ordna ei ønskeliste, slik at ein enkelt og greitt kan vise til denne lista når ein blir spurt om kva ein ønskjer seg:)

Eg ønskjer meg (ikkje i prioritert rekkefølgje):

  • Flaxlodd - for spenning i kvardagen
  • Pengar - alltid greitt å ha!
  • Brev/kort i posten:D
  • 24-delars sett med bestikket Svaberg, 18/10 rustfritt stål
  • Verktysett (gjerne lite og nett, som er greitt å flytte med seg og til å skru/hamre oppheng til bilete og andre ting som skal på veggen)
  • Boka Fra Hellas til Happening (kjekk bok om teaterhistorie)
  • Boka Hva i all verden? av Jan Rantrud (om skaping, skrive av KRL-læraren min frå NLA)
  • Boka Tidebønn frå Efrem forlag (opplegg til typisk morgonmesser og kveldsbøner, lik dei som er her på Sta. Sunniva)
  • Boka Vannliljen - historien om et barn av Hanne Dahl
  • Musikk (gjerne Shawn McDonald (albuma Ripen og Roots), Michael W. Smith (albuma I 2 Eye og The first decade), Rebecca St. James (albuma 2 for 1- God/Transform, The Early Years og Worship God), Vamp (albuma Horisonter, 13 humler, Folken, En annen sol, Siste stikk og St. Mandag), Secret Garden (albuma Once In A Red Moon, Earthsongs, Songs From A Secret Garden, White Stones og Inside I'm Singing), julecden til Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga)
  • Innramming til BiG-biletssamlinga og måleriet eg kjøpte i Ecuador og på Madagaskar, samt eit måleri eg og JB kjøpte av ein dørseljar (høyrte eg nokon nemne gåvekort? gjerne det!)
  • Regntrekk til sekken min
  • Ei god hovudpute (som er så kompakt at den ikkje deler seg i klumpar etter kvart, og som eg slepp å knurve saman for å få nok støtte til hovudet;))
  • Låge støvlar (ja, det er vått i Bergen...)
  • Lys naturbast til bryllupsbruk
  • Sett til vindaugsvask (typisk Jordan)
  • Krakk/puff/fotskammel som både kan brukast til å legge beina på når ein sit i ein lenestol, og som er grei til å stå på for å rekke høgare opp
  • blekkpatronar til multifunksjonsmaskina mi; Brother DCP-135C

Dette er det eg førebels har på denne lista, men eg blir glad for det meste:)

18. november 2009

Gullkorn

Det er ikkje berre facebook-bestemødre som har nydelege sitat!
Her er eit gullkorn frå John Bjarne:

"Eg syns du skal ha små forventninga og vere gla for alt eg gjer!"

Lagt ut med tillating;D

15. november 2009

Facebook-bestemor

Har nettopp høyrt på radioen om ei bestemor som har profil på Facebook. Passe kult:D

Her er nokre gullkorn frå innslaget:
- Eldre er dei som har vore unge litt lenger
- Facebook er som å gå på coopen og møte kjende eller å lese eit Se og hør som berre handlar om folk du kjenner

13. november 2009

Visdomsord #9

Albert Einstein: Information is not knowledge.

Og det fann eg i min frustrasjon over arbeidskrav to i Leiing. Medan eg las Profesjon og organisasjon av Eirik J. Irgens. Hurra!

12. november 2009

Tilbake i Noreg; velkomst, sjukdom og skulearbeid

Då er vi vel tilbake i Noreg!

Vi landa på Flesland 15.15 søndag ettermiddag, og opp troppa ikkje berre min kjære John Bjarne, men òg nesten heile min kjære familie; mamma, pappa, Per Kristian og Ane Marte! Det var kjempekjekt og fantastisk koseleg! Dei hadde teke den tre timar lange turen til Bergen i dag for å møte meg på flyplassen. Dei er gull!!!

Etter ein fantastisk kveld på søndag, begynte røynda å gjere seg gjeldande. Den er at det til fredag skal inn to praksisoppgåver (gruppe og individuell), i tillegg til at eg har innlevering av arbeidskrav to i Leiing. Mykje å gjere med andre ord. Då var det ikkje heilt kjærkome med vidare diarè frå turen og ei kraftig forkjøling. Men har vore til legen og fått antibiotikakur for førstnemnte, og forkjølinga gir seg vel om ei stund. I mellomtida har eg mini-Madagaskar på rommet mitt (sjølv om temperaturmålaren stadig viser 21 grader celsius (mon tru om det er noko gale med den...)). Klarer ikkje heilt å ta over meg at eg har det travelt, men får tru det går opp for meg i tide til å få ferdige produkt til innleveringsfristen 23.55 i morgon.

Vidare oppdatering med bilete frå Madagaskar vil kome, men tolmod er ein fin ting.

23. oktober 2009

Tilbake i Antsirabe

med norsk tastatur!!! Fantastisk!

No er vi tilbake på den norske skulen i Antsirabe, som no blir drive som eit gjestehus. Om litt skal vi rundt om her i byen og sjå/oppleve landbruksskulen, døveskulen og blindeskulen som er starta av misjonen her. Det blir spennande!

Veka i Fandriana har vore flott. Vi har vore travlare i høve praksis, og kjenner at barna er begynt å bli varme i trøya. Det er kjekt! Det skal bli kjekt å komme heim til Noreg, men på ein måte har ein lyst å vere lenger her òg, for å sjå meir på utviklinga til elevane.

No er det faktisk berre ei veke att av praksisen i Fandriana. Neste laurdag reiser vi derfrå og på ferie til ein by på vestkysten, Tolear. Det blir fint, sjølv om det hadde vore kjekt og vore lenger i Fandriana òg. Eg er veldig glad for at det er der vi har hatt praksis! Mange kjekke folk, både vaksne og barn!

So long:)

19. oktober 2009

Madagassisk nettkafè er ikkje lett

men det gaar, naar ein tek tida til hjelp. Det er stikkord for mykje her nede. Har ikkje sjekka, men tviler litt paa at dei har eit ord for effektivitet paa gassisk. Eigentleg er det ganske behageleg! Trur ikkje det er saa mange stressjukdommar her nede.

Denne helga har vi hatt ein effektiv miniferie! Vi sa fraa om at vi ville ut og sjaa litt av landet, og daa var det ikkje noko problem aa faa fri fredag og i dag. Vi reiste rundt 8 fredag morgon, lokal tid, til regnskogen. Paa vegen var vi innom ein silkefabrikk og fekk sjaa arbeidet deira der. Interessant! Vel framme i regnskogen la vi oss inn paa hotell, og laurdag gjekk vi guida turar baade paa dagen og tre av oss paa kvelden i moerket. Vi fekk sjaa lemurar, kameleonar, froskar, gekkoar og edderkoppar. Trur vi fekk ein del bra bilete òg, kanskje spesielt paa kvelden, faktisk.

I gaar var vi paa ein papirfabrikk og i ein lemurpark. Vi fekk sjaa korleis dei lagar papir av bark paa eit spesielt tre, og eg fekk tak i invitasjonar, bordkort, takkekort og album til bryllupet til under tusenlappen! Det tok litt tid, men det var kjempemykje fint, og absolutt verdt det! I lemurparken fekk vi sjaa den typen lemur som vi oftast forbinder med lemur; ringhalelemuren. Mange av dei var saa tamme at vi kunne vere saa lite som ein meter fraa dei!

Mette av inntrykk reiste vi til byen vi er i no; Fianarantsoa. Her er det ei dame, Hasina, som driv eit gjestehus. Ho har studert i Noreg og kan godt norsk. Ho tok oss i mot med opne armar i gaar, og laga god middag og ordna gode senger. Fantastisk! Huset ho har er òg elegant og har god standard. Vi kjente oss velkomne og tekne vare paa fraa foerste stund. Kjekt!

Helga har vore straalande, baade opplevingane og sjaafoeren vaar. Han, Njafy heiter han, kan òg norsk, og er ein morsom kar! I regnskogen lurte dei paa korleis han klarte aa faa med seg saa mange fine jenter. Sist helg hadde han nemleg med seg fem andre norske jenter (studentar) til regnskogen, og no kom han med oss. Joda, sa han at han svarte; han er supermann:D

Elles har vi gjennomfoert ein del timar paa EPLAF, skulen vi har praksis paa, no. Det er ganske frustrerande aa ikkje kunne spraaket og difor ikkje faa formidla alt ein vil. Det er godt vi har kroppen vaar aa vise med! Men ja, det er ikkje enkelt aa laere vekk eit spraak elevane og laerarane har liten kunnskap i, utan aa kunne spraaket deira! Men vi proever som best vi kan. Har proevd oss med nokre gassiske ord og faatt litt undervising i det, saa det humpar og gaar. Det skortar ikkje paa interessante erfaringar iallfall!

No lurer eg paa kor lang tid eg har brukt. Hadde vore interessant aa vite. Men trur eg naermar meg ei avslutning. Vi har det stort sett bra og liker oss godt i Fandriana der vi har praksisen vaar. Det er ein roleg og akkurat passe stor plass. Kos!

2. oktober 2009

Vel framme på Madagaskar

Hei alle saman!

Etter å ha vore på Madagaskar snart halvanna døgn, har vi hatt mange opplevingar! Vi starta godt med kansellering av flyet frå Bergen til Oslo, men kom oss vel fram til slutt, med bagasje! Veldig fint:) Litt spennande prosedyre på visumsøknad, men alt gjekk fint i hamn.

Vi vart henta på flyplassen av Tanteli (betyr honning;)), og han køyrde oss dit vi ville, både for å kjøpe vatn, mat, gå på do og sjølvsagt då fram til Antsirabe, her vi bur no, på eit gjestehus som tidlegare var norsk skule. Vi har truffe mange kjekke folk her, som har gitt oss gode tips til livet her nede. Her på gjestehuset har dei ei dame, Astrid, som er her for å snakke med gjestar og vere behjelpeleg på tunet. Ho har vore misjonær her nede tidlegare (mellom 1961 og 1982), og er kjempekoseleg! Ho var med oss på butikk i går og på marknad i dag, og vi har òg fått høre om misjonsarbeidet her nede av ho. Veldig kjekt!

Elles har eg til no skrive fire sider (A4) i dagboka/loggen min, så dei som er interesserte kan få lese den når eg kjem att:)

Sjå òg Christine (christineaahansen.blogspot.com), Solveig (solveighaukaas.blogspot.com) og Janne (janneibergen.blogspot.com) sine bloggar for å lese om korleis vi har det.

So long:)

27. september 2009

Om eit halvt år

er eg blitt kone!!! :D

26. september 2009

Flott parkering i EPG rundt midnatt

Ja, du leste rett. Her i gata, Erik Pontoppidans gate, var det ein person som stansa bilen som på biletet. Flott opplegg! Det skal vere sagt at bilen ikkje stod der så lenge, venta sikkert på nokon, men ja.. Greitt å berre sette bilen slik?


Utsikt frå vindauget mitt

25. september 2009

Slikt ein gjer når ein har det travelt med oppgåver

Når ein eigentleg har det travelt med noko som er på grensa til uuthaldeleg kjedeleg, er det mykje og mangt som er meir interessant. Til dømes å skrive til verda at ein er utruleg lei.



Eg er utruleg lei.

14. september 2009

Kunngjering

Eg har vore heime i helga og ordna/gjort på ein del ting:

  • henta to lakenposar, talkum, ein stoor bag og litt diverse til å ha med til Madagaskar
  • stemt ved Stortingsvalet; kyrkjevalet stemte eg ved i sommar:)
  • bestilt kyrkje til den 27. mars 2010:D
  • plukka og ete plommer, samt fått smake plommepai og plommegraut:D
  • laga steikte fiskekaker til middag på fredag - nam, nam!
  • besøkt broren til JB, Tryggve, heile to gonger:D
  • ete Pizzabakeren pizza, heile to gonger:D
  • samanheng mellom to førre punkt? kanskje;)
  • bygd Lego - pyramidetal for the win!
  • ete god heimelaga graut!
  • snakka om bryllup og bryllupsførebuingar
  • sett første episode av ny sesong med "Norske attraksjoner":D
  • spelt Bohnanza saman med AM, JE, mamma og JB:)
  • sett på lokala på Kyrkjetunet og Førde Camping
  • nytt sola i vinterhagen hos Tale, i god prat med Sarah:)

Med andre ord; ei flott helg:)
-om enn litt småstressande *mange tankar i hovudet på ein gong*

1. september 2009

"Forstyrr meg!"

For ei tid sidan dreiv eg og tok føre meg DagenMagazinet-avisene som kom hit til huset og såg gjennom dei og klipte ut det eg synest var bra. I går tok eg ei opprydding i utklippa, og kom over dette flotte vitnesbyrdet frå Linda Helen Haukland, ei av baksideskrivarane i avisa:

"På vei inn i et kjøpesenter i sommer ble jeg oppmerksom på en kvinne som stod bak disken i en motebutikk. Jeg gikk inn og fant meg en ny sommerskjorte. Vi snakket litt sammen, hun viste meg hvordan skjerf skal knytes for tiden(!) før jeg betalte og gikk videre. Etter en time var jeg ute av kjøpesenteret og på vei hjem der jeg bodde for anledningen.

I den friske lufta ble jeg stille nok i mitt hjerte til å høre en forsiktig stemme som oppmuntret meg kraftig. "Gå tilbake til henne bak disken." Det kom som en oppdrift innenfra, typisk for hvordan Den Hellige Ånd iblant taler til meg. Jeg dro litt på det. Jeg hadde det ganske travelt, noen skulle snart komme innom der jeg bodde. Jeg hadde gått forbi allerede, var det helt sikkert at jeg skulle tilbake?!

Stemmen ga seg ikke, så til slutt gikk jeg tilbake til butikken. Jeg bestemte meg for å gi henne evangeliet, og bad til Gud om at kundene skulle være opptatt rundt stativene mens vi snakket.

"Jeg vet at du er på jobb, så jeg skal ikke forstyrre deg lenge," sa jeg. Hun nikket gjenkjennende til meg og smilte. "Nei, vær så snill og forstyrr meg!" sa kvinnen med glød i blikket. Så fortalte jeg henne om Jesus, tårene kom og hun fortalte om sin lengsel etter balanse i livet. Tårene trillet mens jeg fortalte om at Jesu tilgivelse er det eneste som kan gi oss sann balanse innenfra og ut.

Da jeg gikk ut av kjøpesenteret for andre gang den dagen, hørte jeg ordene hennes ringe i meg. "Vær så snill og forstyrr meg." Jeg tror det er mange flere enn henne som ber oss om å forstyrre!"

Eg trur det er eit poeng i denne forteljinga, og sjølv om det mange gongar kan virke vanskeleg å vitne om Jesus, trur eg igrunn vi kan ha frimod til å stå fram, både fordi folk er søkande og fordi vi har Den sterkaste på vår side!

PS: No har vi vore og vaksinert oss! For tyfoidfeber, difteri, kikhoste og stivkrampe. Kjenner det litt i armen, ja.. Men det går fint:) No har eg fått meg lunsj og greier, så om ein time tenker eg å ta den første porsjonen drikkevaksine. Ein skal ha total faste i ein time før og ein time etter denne vaksina. Har høyrt at den ikkje bør smakast på før ein heller i seg... Resept på malariatablettar har vi òg fått. Spennande;)

30. august 2009

Til inspirasjon

Noko kan få ein til å reflektere over livet.
Her er visdomsord #7 og #8:

Etter tekst av Linda Helen Haukland på baksida av DagenMagazinet: Slik to bekkar blir ei større og kraftigare elv når dei møtest, blir to menneske sterkare når dei står i lag.

Albert Einstein: Prøv ikke å bli vellykket, prøv heller å bli et verdifullt menneske.

PS: No er billettane til Madagaskar i boks! Tur/retur Bergen-Madagaskar vart ein sum på nette 9179,30! Litt skummelt; no er der ingen veg tilbake:O Men det blir knallbra:D

25. august 2009

Madagaskar!!!

No er det endeleg bestemt: I oktober skal eg og fire venninner i utanlandspraksis til Madagaskar!!! Hurra!

Her er nokre bilete eg fann på nettet:

Vi skal til byen Fandriana og ha praksis på ein skule der

Madagaskar er det einaste landet i verda der ein finn lemurar naturleg

Madagaskar er òg kjent for desse uvanlege trea; baobab-trea
(ser ut som dei veks opp ned)

21. august 2009

God fiskemiddag!

Biletet er henta frå kundeavisa til Ica Supermarked, veke 34, -09

I går laga eg ein av dei beste fiskemiddagane eg har smakt, etter oppskrift frå eit middagstips i kundeavisa til Ica Supermarked denne veka; Foliebakt torskefilet med grønsaker. Fisken eg brukte var ikkje heilt tint, og måtte difor stå i omnen ganske lenge, men om den er tint skulle det etter oppskrifta ta 15 min i 200 grader. Middagen er ferdig når grønsakene er møyrna og fisken begynner å skive seg litt.

Eg modifiserte oppskrifta litt og brukte squash, løk og paprika i stavar, strøydde desse med salt og pepar, la fiskestykka oppå dette og strøydde desse òg med salt og pepar, før eg plasserte ein smørklatt på kvart av fiskestykka. Dette pakka eg inn i aluminiumsfolie og plasserte det i omnen. Serverte med poteter og hollandaisesaus frå Toro til:) Nydeleg!

Fisk er i utgangspunktet dyrt, men med torskefilet i First Price-pakkar blir det ikkje så verst pris. Eg kjøpte ein 800 g pakke til kr 39,90 og brukte seks av elleve stykker i pakken. Det, saman med 3/4 squash, ein løk og ein paprika, vart nok til middag til tre, samt ein miniporsjon til. Som oppskrifta seier (kan lastast ned på Ica sine sider denne veka) kan ein bruke purre og brokkoli som grønsaker òg. Gulrot og kålerabi og andre grønsaker kan òg brukast, men tek kanskje lenger tid å steike.

16. august 2009

Gran Torino

Dette biletet er henta frå IMDB (The Internet Movie Database) og viser coveret på ein bra film eg har sett i dag; Gran Torino! Den rår eg dykk til å sjå; språket er voldsomt, men historia er nydeleg!

Etter ei flott halvanna veke i Vik reiste eg heim til ei flott halvanna veke heime. Eg reiste med bussen ein onsdag, og torsdag kveld reiste vi, heile familien, til Åheimsfjellet og Kvilehytta, der vi hadde leigt oss tak over hovudet for eit par netter. Fredagen kl. 12 var det gravferd for oldemor på Larsneset. Ho hadde blitt 100 år i oktober, men det gjekk raskt heilt på slutten, så det var nok godt for ho å sleppe. Trist likevel, for oss som er att. Eg spelte fløyte i gravferda. Det var flott å kunne trøyste meg sjølv og andre med tonane, og fint å gjere ære på oldemor!

Laurdagen reiste PK tilbake til Bergen, i og med at han skulle på jobb, medan vi andre drog til Hagevik og var med på open dag på tønnefabrikken (sjå gjerne info og bilete om fabrikken og staden her). Vi var der og hjelpte til ei stund, men då det meste såg ut til å gå på skinner, bestemte eg, JE og pappa oss etter litt om og men for å gå oss ein tur på Skolma, eit fjell i nærleiken. Eg hadde ikkje heilt trudd at vi kom oss heilt opp, men jammen gjorde vi det (trass i at eg var med.. JE og pappa er flinke til å oppmuntre;)). På toppen fann vi ei postkasse (!) der det låg ei bok til å notere når ein hadde vore på toppen og kven ein var. Vi skreiv oss inn, og bestemte oss for å gå ein annan veg ned att. Vi gjekk først på ein sti, men måtte gå av den for å komme oss nedover. Så vi skrådde av stien og gjekk nedover ei bratt li med steinar og lyng. Eg var ikkje så høg i hatten der eg gjekk; trur eg har litt høgdeskrekk... Eg anstrengte meg for å finne trygg landing for beina, og det var mest sannsynleg det som gjorde til at eg fekk frykteleg vondt i knea i løpet av nedoverturen. Men vi kom oss no ned til slutt og tilbake til Hagevika og tønnefabrikken.

Då vi kom tilbake dit var eg ganske sliten. Men det var tid for mat, og dei som ikkje var med på tur hadde ordna med mykje god grillmat, salat og melon. Det vart eit herremåltid for 18 personar og ein hund på buda den kvelden:) Ei stund etterpå reiste gjengen med unge vaksne, dvs. meg, tre av søskenbarna mine og forloveden til eine søskenbarnet mitt, ut til Skjærbuda pub på øya Silda (sjå bileta, henta frå vivest.no sine sider om Silda). Vi sat ute i den fine kvelden og prata om laust og fast. Kos:)

Vi fekk overnatte i hytta til onkelen min i Hagevik, og reiste heimover ganske tidleg neste dag. Slik fekk vi slappe litt av heime òg, siste feriedagen til mamma og pappa.

Resten av veka gjekk slag i slag. Det vart ein del bærplukking, sylting og safting. No er mykje av vinterlageret sikra:) Flott å vere heime! Fekk til og med lært vekk Bohnanza til mamma og AM, og det er ikkje verst. Kos:)

Tysdag var tida komen for å reise tilbake til Bergen. Ville ha nokre dagar å ordne meg på før skulestart no på onsdag. Fekk stemt på kyrkjelydsråd og bispedømmeråd før eg sette meg på bussen. I Bergen møtte eg min kjære, og vi åt middag og hadde ein fin kveld. Fredag reiste vi med tog og buss til Vik, og har hatt ei fin helg her. Så er det tilbake til Bergen no, til skulestart for JB i morgon og eit par dagar med førebuingstid for meg før onsdag. Blir bra:D

25. juli 2009

Kort oppdatering og visdomsord #5 og #6

Etter herlege dagar i Vik etter konserten med 3MA, reiste vi onsdag tilbake til Kråkenes, slik at vi kunne vere litt der og eg kunne få pakke skikkeleg, før vi reiste vidare. Vi kom heim seint og gjekk difor raskt til ro. Torsdagen brukte vi mellom anna til å reinske litt av jordbæråkeren for bær og rusk, JB hjelpte pappa med å rake unna gras medan han slo og eg rydda inne og fiksa og pakka. Den kvelden kom foreldra til JB på besøk og vi hadde kaffeslabberas i hagen, med rabarbrapai og is. Kos:)

Fredagen ordna vi oss og vende nasa sørover. Pausa i Bergen vart litt lengre enn planlagt (sjå forrige innlegg). Etter ein time var NAF på plass og etter litt om og men, fann han fram sikringa til alarmanlegget og drog den ut. Så no er det problemet ute av verda. Grunnen til alarmutløysinga meinte NAF-mannen kunne vere dårleg batteri i bilen eller ein anna fjernkontroll slik vi trudde, men det er ikkje sikkert kva som eigentleg gjorde det. Det viktigaste er at vi ikkje treng å tenke meir på det no:)

Då vi omsider kom oss vidare, reiste vi til Leirvik på Stord og besøkte ein kompis av JB der. Vi bestilte oss kinamat saman med han, og fekk sjå korleis han budde. Kjekt:)

Etter nokre timar der, reiste vi vidare til det endelege målet for turen denne dagen: heimen til Christine på Fjellhaug i Frakkagjerd i Tysvær. Der var vi i helga, før vi søndagen reiste vidare til Grimstad, bibelskulen, Sommar i Sør og Amigosfestivalen!

Den neste veka fekk vi bli kjende og fornya vennskapet med mange kjekke vaksne, tenåringar og barn i løpet av det som vart eit vellukka førsteforsøk av eit relativt nytt barneopplegg på Sommar i Sør; Amigosfestival!

Måndagskvelden, då vi hadde møtt tenåringane vi skulle vere leiarar saman med i løpet av festivalen og blitt litt kjende med dei, hadde eg ansvaret for ei andeleg fellesskapsavslutning av dagen. Det førte mellom anna fram til det femte visdomsordet i serien min:

Visdomsord #5: Ein høyrer best i stilla.

Då vi var ferdige med festivalen, bestemte vi oss for å reise same veg tilbake, og Christine og familien hennar tilbydde oss overnatting frå søndag til måndag som vi slo til på:) Kos! Her oppdaga eg ei utgåve av Anne Franks dagbok i bokhylla, og spurte om eg kunne få låne den. Det fekk eg:) Denne utgåva var usensurert og inneheldt alle nedtegningane hennar. Eg har ikkje lest den før, så det var interessant å få lest den! Noko av det som gjorde at Anne Frank skreiv dagbok, var at ho trengte nokon å fortelle om kjenslene sine til, og som ho nemner i boka:

Visdomsord #6: Papir er tolmodig.

Med Anne Franks dagbok og mange gode minne i bagasjen, reiste vi tilbake til Vik og slappar no av her:)

10. juli 2009

Mykje og mangt kan skje

No til dømes sit eg og JB og ventar på NAF. JB meldte seg inn i natt rundt 1, og heldig var det, for i det han sat her og venta på at eg skulle skifte ut litt av bagasjen på hybelen, låste plutseleg bilen seg og alarmen vart sett i funksjon. Korleis det kan vere mogleg er ikkje godt å seie, i og med at fjernstyringa til systemet i bilen til JB har vore øydelagt ei god stund. Løysinga vi ser er at nokon i området her må ha same frekvens på billåsen sin, og dermed har alarmen til JB blitt aktivert samstundes. Ganske utruleg!

JB har heldigvis fått deaktivert hornet i bilen, slik at den ikkje lagar lyd, men nødlysa blinkar framleis no og då. Derfor ringte vi NAF for å høyre om dei kunne kome og hjelpe. Dei skulle komme innan ein time, sa dei. Får tru det går greit:)

Elles fekk eg gåve her hin dagen! Av JB:) I høve eitt år truloving den 19.juli:)

Eg fekk to ting som eg har ønska lenge: Ticket to ride og utvidingsspelet til Bohnanza -på tysk!!! Jippi! :D

Då eg opna eska, fann eg først mykje avispapir -på tysk:)


Men nederst fann eg gåva:
Ticket to ride og tysk Bohnanza-utviding!


Då eg etterpå rydda opp avispapiret, fann eg ei bonusgåve;
kryssord på tysk:D

8. juli 2009

Førdefestivalen -09 og 3MA

Kvart år på denne tida har vi noko som heiter Førdefestivalen i Førde. Tidlegare heitte den Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, eit namn som sa litt meir om innhaldet i festivalen. I løpet av intense dagar i starten av juli, denne gongen 2.-5.juli, kan ein få høyre og sjå folkemusikarar og -dansarar frå mange plassar i verda.

I år var eitt av dei kanskje største trekkplastera folkedansgruppa Frikar, kjent frå Eurovisjonen tidlegare i år, der dei dansa til Alexander Rybak sitt nummer.

Eg for min del skulle noko mykje viktigare denne helga (sjå JB att:D), og reiste difor ikkje på noko særleg av det som vart arrangert. Men då eg høyrde at mellom andre 3MA skulle opptre på utescene ved Førde Torg på fredagen, ville eg gjerne få med meg det! Det er nemleg ei gruppe som består av tre musikarar som speler på strengeinstrument og er frå tre land som startar på MA, nemleg Mali, Marokko og Madagaskar:) Og sidan eg skal i utanlandspraksis mest sannsynleg på Madagaskar måtte eg prøve å få med meg dette!

Lenge såg det ut til å spøke for den kulturelle utflukta mi, for det var snakk om at Tryggve, bror til JB, som eg skulle sitte på med, måtte reise torsdag kveld i staden, i og med at han hadde fått tannlegetime fredag. Men han avbestilte den, slik at vi kunne reise fredag ettermiddag som planlagt:) Fredag morgon var det òg ein del å gjere heime.. Konserten skulle starte 10.30, så eg tenkte at det sikkert heldt om eg stod opp rundt 9. Men då eg kom ned, hadde mamma starta med oppvasken, eg brukte lang tid i dusjen og klokka var plutseleg nærare 10 då eg kom opp att.. Og så måtte vi ha frukost og så gjekk tida. Vi var ikkje i Førde før klokka hadde passert 11.. Heldigvis var det ikkje berre 3MA som skulle opptre denne dagen. Der var òg to andre grupper, og det var desse som hadde begynt:D Første gruppa fekk vi ikkje med oss - dei hadde hatt halvtimen fram til 11. Gruppa som heldt på då vi kom var Kenge Kenge, ei perkusjons-, danse- og syngegruppe frå Kenya. Det var flott! Etterpå kom 3MA, som for høvet var 2MA, i og med at sistemann ikkje hadde komme fram enno. Heldigvis var Rajery, han frå Madagaskar, der med valihaen sin, eit slags bambusrør med strengar utanpå. Det vart ein flott liten halvtime med fascinerande afrikansk strengemusikk. Det såg ut som dei kosa seg på scena, og det gjorde vi som stod og høyrde på òg:)

Så no har eg eit nytt ønske på lista mi: albumet Rajery/Ballaké Sissoko/Driss El Maloumi frå gruppa 3MA:D

For høvet 2MA på scena;
her Ballaké Sissoko, ein av dei mest respekterte koraspelarane i Mali til venstre
og valiha-meisteren Rajery frå Madagaskar til høgre


Dei kosa seg på scena:)


God kommunikasjon både seg i mellom og mot publikum:)
Og sjå: Han speler veldig bra sjølv om eine handa er øydelagd!



Her er eit opptak av 3MA - høyr lyden av strengemeistrane:)

2. juli 2009

Molde - rosenes by og fødestaden min

Utsikt over Molde frå Varden
(ja.. lauvtrea øydela litt..)

Torsdag kveld, rundt 19, altså for ei veke sidan omtrent, reiste eg, pappa og Ane Marte til Nord-Møre for å vere med i gravlegginga av eine onkelen til pappa. Den skulle gå føre seg kl. 13 fredagen.

Eg og pappa bytta på å køyre oppover, og vi kom fram omkring halv to om natta. Då møtte vi bestemor og Lady (hunden) i døra -dei hadde høyrt oss komme, og så var det rett i seng.

Etter gravferd og minnesamvær fredagen, tok vi med oss Bergsvein, Ingrid og Elise, onkelen min og døtrene hans/søskenbarna våre, samt Lady opp til Varvik-vatnet. Der har eg ikkje vore før, så det var kjekt å vere med på det. (Med unntak av rennande svette, kløande gras, svirrande fluger og stikkande knott...)

På laurdagen reiste vi til Molde. Det er rundt ein time køyring frå der bestemor bur, Varvika. Eg vart fødd på sjukehuset i Molde og vi budde der oppe, på Hjelset, dei to første leveåra mine. Men eg har aldri heilt gjort meg kjent i Molde, og det skulle vi prøve å rette opp denne dagen:)

Vi starta med ein tur på Roseby, eitt av kjøpesentera der. Pappa og Bergsvein skulle ein tur på Biltema, som låg like i nærleiken. Ingrid vart med dei, medan resten av oss gjekk på Roseby. Bestemor fann seg ein benk å kvile på, AM og Elise gjekk på leikebutikk og eg vandra litt rundt for å sjå:)

Vel ferdige der, reiste vi til torget i Molde og kjøpte oss is:) Der selte dei softis med sjokoladetrekk. Eg bestilte det (måtte jo prøve;)), men seljaren trudde eg meinte sjokoladestrø, fordi dei før meg ville ha det.. Jaja.. Var godt med sjokoladestrø òg;) Medan Bergsvein og bestemor gjekk for å finne bestemor ein hatt mot sola, gjekk vi andre opp på rådhustaket. Der har dei laga til med blomsterbed (med mange roser sjølvsagt;)) og benkar. Fint!

Rådhustaket låg i same plan som inngangen til domkyrkja. Der stod eit brurefølgje utanfor, og eg kjende faktisk ei av dei som stod der. Kjekt:) Bryllaupet var akkurat over og slik var kyrkja open og vi fekk teke ein kik inn. Den var stor og flott! Innvia i 1957, så ei forholdsvis moderne kyrkje:)

Lur idé til bønnepost for barn som ikkje er så stø på å skrive enno!
Dei ulike fargane på steinane står for ulike "bønnekategoriar".
(tips og triks som lærarstudenten plukkar opp;))

Etterpå reiste dei andre ein tur tilbake til Roseby for å finne hatt til bestemor, noko som ikkje hadde vore så lett å finne nær Torget. Då fekk eg gå tilbake og gjekk gjennom Storgata, hovudgata i Molde.

Til slutt på runden vår i Molde, reiste vi til Varden, byfjellet i Molde. Der var det fin utsikt over byen, trass i lauvskogen som hadde overteke ein del av den. Her låg det òg kart, både over fylket og byen, som ein kunne ta med eit eksemplar av. Kos:) (skal ikkje så mykje til for å glede meg;))

Det vart ein flott dag i Molde! Kan trygt seie eg kjenner byen litt betre no:)

Eg hadde i utgangspunktet vurdert å vere att nokre dagar hos bestemor, men fann ut at det var best å komme seg heim att. Som sagt så gjort. Eg og pappa reiste av garde rundt halv ti søndag morgon. Vi fekk med oss to av tantene til pappa på turen. Dei skulle til Larsneset, så vi køyrde om der tilbake. Det tek litt lengre tid og resulterer i dobbelt så mange ferjer, men slik fekk vi meir selskap på turen, og då vi kom fram til Larsneset og eine tanta hadde blitt henta, bad andre tanta oss inn på mat, før vi reiste vidare. Godt med kyllinglår og trekantbrød! Vidare reiste vi om Hagevika, der mamma er frå, for å hente med oss ein sofa etter bestefar. Rundt 20 var vi i Førde og litt før halv heime på Kråkenes att. Ei lang ferd, med andre ord.

Ane Marte derimot, vart att. Ho kjem heim med bussen i morgon. Litt seinare får eg sitte på med Tryggve, broren til JB, til Vik. Då skal eg få sjå min kjære att! Kan nesten ikkje vente;)

1. juli 2009

Surmjølk og blomeprakt

I dag kunne JE komme heim og fortelje at naboen bruker maursyre når han skal lage surmjølk til kalvane. 2-3 dl maursyre til ei bøtte heilmjølk... Greitt nok at kyr et dei raraste ting, men dette hadde eg ikkje trudd:D


*******

Her på Kråkenes blomstrar det over alt. Det er kjekt å sjå! Mamma vann ein pakke med ulike løkar, alium, i kryssordet til Norsk Hagetidend ein gong, og dei har vi hatt mykje glede av. Her er ein av sortane; av oss døypt "tøffingane":D Dei veks først opp som lange strå, toppa med ei kule med ein spiss opp. Etter ei stund sprett dei ut som ulike stilleståande fyrverkeri! Som ei venninne ville sagt: Fascinerande;)


30. juni 2009

Stor dag!

Dei som har sete i same klasserom som meg dei tre siste åra, veit at eg har halde på med eit broderi (!) av det kjende barnerombiletet av ein engel som våkar over ei jente og ein gut som går over ei lite solid bru. Starta på dette broderiet i påska før bibelskuleåret, altså påska -06, så vidt eg hugsar. I dag er dagen eg endeleg har blitt ferdig med korsstinga på dette broderiet!!!

Du får sjå ein større versjon av biletet om du trykker på det.
Nyt synet;)


Då var det "berre" atterstinga att... Og dei er det mange av!!! Det er nesten slik at eg berre er halvvegs no; slik ser det iallfall ut.. Kanskje bortimot 2/3 ferdig. Litt meir arbeid med korssting enn attersting, men det er mange av dei, ja...

24. juni 2009

Vi har fått oss vaktlam!






Dei jagar ikkje akkurat vekk nokon...
Men dei veit iallfall å seie frå når der er nokon i nærleiken!
*masekoppar!*
Godt vi har dei inne i fjøset om natta:)

16. juni 2009

Visdomsord #4

Denne gongen inspirert av ordtøka i Bibelen. Veit ikkje om du kan finne dette der, men det lyder iallfall som noko som kunne vore skrive der, og er noko erfaring viser.

Visdomsord #4: Harde ord avlar harde ord, men den vise tøymer tunga.







Det er
ikkje
berre eg
som er tankefull:)

15. juni 2009

Oppdatering og visdomsord #3

Eg hadde store planer om å feire bursdagen min i Bergen òg, etter å ha vore heime og feira den.. Men så var det undervising og eksamenslesing og konfirmasjonen til John Eivind, broren min, og eksamen i norsk og matematikk. Og så vart det liksom ikkje tid... Fekk avslutta året på Sta Sunniva med lunsj på etasjen, og då hadde eg det som ei lita markering saman med dei. Det var kjekt!

Sjølv om feiringa ikkje var til å skryte av i Bergen (tek det kanskje att til hausetn?), hadde vi, eg og Ane Marte, lisjesystera mi, som òg har bursdag 1.mai (ho vart fødd på 11-årsdagen min:)), venneselskap med familien her heime. Det var kjekt!

Eg fekk meg mykje fint og kult!
  • sandalar og finsko av mamma og pappa
  • ein Vamp-cd, "Flua på veggen", av Bente, ei venninne av familien
  • ein plysj-radio av ein vennefamilie av oss (ja, du leste riktig;))
  • 200 kr av tanta mi
  • ein blå Ligretto-boks av etasjefolka mine (Ingrid, Maria P., Maria H. og Anja), ein frå Per Kristian og ein frå Ane Marte og John Eivind, saman med ein pakke porsjonsstykke av Stratos - ikkje verst å få tre stk av ein pakke!! Fekk bytta to av dei - i bøker:D
  • Rummy og to pakkar snop, ein med saltsild og ein med bubblizzflasker, av Anne, Cathrine og Christine
  • handsfree til mobilen (som diverre ikkje fungerte så bra med mobilen min - dei vart uvener) og filmen "Drageløperen" av John Bjarne

Tusen takk, alle saman!!!

Eg hadde eksamen i norsk 29.mai og i matematikk 5.juni. Etter det har eg hatt ferie! Heilt fantastisk!!! Den første veka var eg og JB i Bergen. Kjekt å berre vere og slappe av og sortere arka frå året i perm og sånt. På onsdagen skulle JB på augesjekk - det såg glimrande ut i følgje legen:) Elles var vi på besøk hos kvarandre og naut det fine veret. Vart òg eit par kuleisar med melkesjokoladeis med browniesbitar i i løpet av veka:D Rett og slett veldig godt!

Sist fredag fekk eg somla meg til å rydde og pakke for sommaren, og så snudde vi nasa mot Vik. Der koste vi oss til morgonen i går. Då var vi tidleg oppe (kvart på sju for min del!) og tok ferja frå Vangsnes 07.35. Rundt 10 møtte vi mamma, pappa og Ane Marte i Lavik. Der sette JB att bilen og så reiste vi til Hyllestad og Lekva, der vi registrerte oss for og deretter utførte Lihest-klyvet! Strabasiøs ferd! Strålande sol, men enorme mengder fluer, bratte sti og litt kald vind mot toppen. Akkurat det var for så vidt fantastisk, når alternativet var 40 fluer per kvadratcentimeter hud (hugsa ikkje om talet var 40, men det var slik JB uttrykte det;)). Halvvegs kom vi til 3L-stølane (dvs. stølane til tre lokale bygder på L). Der fekk vi servert ei lokal energidrikk; Gygreskvetten. På toppen av Gygrekjeften fekk vi ein pin som takk for innsatsen, og der åt vi òg nista vår. Skal sei det smakte med ein nektarin då!!!

På veg ned att var JB så uheldig å miste mobilen sin. Pappa snudde halvvegs og gjekk opp på toppen att for å leite, men fann den ikkje. Det og diverse såre bein la ein dempar på stemninga, men vi var stolte over å ha gjennomført turen! Etter å ha fått av skoa, køyrt tilbake til Lavik, slukt tørsten med vatn vi hadde i bilen til JB, samt ete is, vende vi snuten kvar vår veg. JB køyrde til Bergen for siste skuleopplegg på ei stund og vi andre reiste heim att. På vegen stoppa vi i Vadheim og åt kveldsmat og plukka opp John Eivind i Førde då han kom frå Nordfjord med buss, etter å ha vore på leir på Fjordly i helga.

Vel heime fekk eg helse på dei to lamma vi har fått tak i! Dei var søte! Eg gjekk òg ein tur i hagen saman med mamma og fekk oppdatering på kva som har skjedd sidan sist. Jordbærplantene står i full blom, og det ser ut som vi kjem til å få mykje eple:) Ei herleg årstid vi er inne i!

I dag rådde eg grunnen åleine, i og med at både mamma og pappa var på jobb, og JE og AM var på skulen. Eg låg ei stund, laga meg fruktsalat (eit eple, ei appelsin, ein del av ei banan dekt med melonyoghurt og pynta med valnøttstrø) til frukost, fekk sett på og rydda ut av oppvaskemaskina, teke oppvasken av tinga som skal vaskast "manuelt" og vaska tre maskiner med klede, i tillegg til å ha laga fiskesuppe (!) til middag. Ein aktiv dag med andre ord, der eg brukte mykje tid på kjøkkenet. Der har vi ein cd-spelar ståande, og i dag høyrde eg litt på plata til Sølvi Helen Hopland som heiter "Ein løvetann". På den er det mange flotte både melodiar og tekstar. I ein av dei syng ho om det eg har plukka ut som denne gongens visdomsord, fritt sitert.

Visdomsord #3: Ein kan ikkje kladde i livsens bok.

12. juni 2009

Om aforismar og visdomsord #2

I tidande klasse hadde vi om aforismar, og eg hugsar det som om det var i går. I følge ordboka mi, Escolas ordbok (den blå:)), er ein aforisme ei "setning som kort og treffande uttrykkjer eit poeng". Grunnen til at eg hugsar denne hendinga, var at eg ikkje heilt forstod vitsen med å ha om dette, medan venninna mi kom på den eine aforismen etter den andre. Har tenkt litt på dette gjennom åra, og komme på nokre sjølv òg etter kvart:)

Den første venninna mi fortalte meg var

Visdomsord #2 (omtrentleg gjengitt): Det er lite lurt å klø seg i andre auget med same finger ein brukte i auget ein har augebetennelse i.

Læraren stod der med oss, og han utbraut: "Den var djup!" Eg tok han ikkje med det same må eg innrømme; men den var ganske glup når eg fekk tenkt meg om. Tok du den?

11. juni 2009

Visdomsord #1

Dette er det 75. innlegget på denne bloggen, og det vil eg feire ved å innføre ein ny serie: Visdomsord! Det gjenstår å sjå kor lang serien blir, men dette er iallfall ein start:)

#1: Livet er samansett av bagatellar.

Eg kan ikkje garantere at visdomsorda utelukkande kjem frå hovudet mitt. Men dette har eg inga anna kjelde på. Kjem til å oppgi kjelde om eg har det. Veit du om andre som har sagt noko liknande kan du jo kommentere det:) Denne gongen var det i ein konkret situasjon/samtale med truloveden min som utløyste visdomsordet:D

Til slutt, på tampen; eit tips til interessant teikneprogram på nettet:
http://www.butterflystation.net/arcade/exotic/Grappa.html



My own SWIRLS :D

27. april 2009

Eg ønskjer meg fred

Det nærmar seg 22-årsdagen min, og eg er blitt spurt nokre gongar om kva eg ønskjer meg. Eg har svart med at eg skal legge ut ønskeliste på bloggen min, så her kjem den. Den er ikkje skriven i prioritert rekkefølge.

Eg ønskjer meg:

  • Flaxlodd - for spenning i kvardagen
  • Brettspela Ticket to Ride og Rummy/Rummikub
  • Utviding av kortspelet Bohnanza - NB: Tysk utgåve!
  • Blå boks av kortspelet Ligretto
  • Pengar - alltid greitt å ha!
  • Brev/ kort i posten:D
  • Skrivebordslampe
  • 24-delars sett med bestikket Svaberg, 18/10 rustfritt stål
  • 6 tallerkenar og 6 djupe tallerkenar, samt serveringsfat av sitrondesignet til Ferdinand Finne frå Porsgrund 
  • Verktysett (gjerne lite og nett, som er greitt å flytte med seg og til å skru/hamre oppheng til bilete og andre ting som skal på veggen)
  • Boka Fra Hellas til Happening (kjekk bok om teaterhistorie)
  • Boka Hva i all verden? av Jan Rantrud (om skaping, skrive av KRL-læraren min frå NLA)
  • Boka Tidebønn frå Efrem forlag (opplegg til typisk morgonmesser og kveldsbøner, lik dei som er her på Sta. Sunniva)
  • Musikk (gjerne Shawn McDonald (albuma Ripen og Roots), Michael W. Smith (albuma I 2 Eye og The first decade), Rebecca St. James (albuma 2 for 1- God/Transform, The Early Years og Worship God),  Vamp (albuma Horisonter, 13 humler, Folken, En annen sol, Siste stikk, Flua på veggen og St. Mandag), David Phelps (albumet The Voice), Secret Garden (albuma Once In A Red Moon, Earthsongs, Songs From A Secret Garden, White Stones og Inside I'm Singing) og elles anna musikk med gode tekstar og melodiøs komposisjon, gjerne med meir uvanlege instrument som fløyte, fele, kontrabass, sekkepipe, trompet, klarinett, obo, fagott og anna digg)
  • Abonnement på magasinet Strek
  • Innramming til BiG-biletssamlinga og måleriet eg kjøpte i Ecuador, samt eit måleri eg og JB kjøpte av ein dørseljar (høyrte eg nokon nemne gåvekort? gjerne det!)

Dette er det eg førebels har på denne lista, men eg blir glad for det meste:)

14. april 2009

The show must go on!

Noko av det eg har lært her i livet, er at det går vidare. Ein kjem seg gjennom ting. Om ein har mykje på agendaen, og eigentleg ikkje ser enden på alt ein har å gjere, og eigentleg ikkje vil anna enn å legge seg ned og sove, då kan det gå trått. Men ein får gjort ting, om ikkje anna så iallfall smått om senn.

I dag hadde vi forprøve i norsk, om setningsanalyse og elevtekstanalyse og grammatikkundervising i eit didaktisk perspektiv. Eg var litt uroleg for at eg kanskje hadde teke litt for lett på lesinga i påska, men det var ikkje nødvendig. Eg trur prøva gjekk heilt greitt, og meir har eg igrunn ikkje forventingar om.

Vi har fått att vurdering på aksjonsforskingrapporten, og for dei som ikkje har fått med seg det, var det verkeleg eit herk å skrive den oppgåva. Opplegget rundt var ganske frustrerande, og der var mykje som mangla på at vi hadde den informasjonen vi syntest vi trengte for å skrive ein god rapport. I det store og det heile eit lite motiverande prosjekt. Eg vurderte å ta dette prosjektet eit seinare år fordi eg var utslitt av alt vi hadde å gjere, men kom meg no gjennom. Og heldig var det, for tilbakemeldinga vart slett ikkje så verst:)

Og som tidlegare nemnt fekk vi gjennomført samproduksjon til gode kritikkar:)

No er våren her, og eg har kost meg i påska, først i Vik og deretter på Kråkenes med besøk av bestemor, onkel Bergsvein og døtrene hans. Vi fekk ut båten og var på stranda og grilla og brente boss og riktig koste oss. Kjempekjekt!

Livet er herleg!

Biletet har eigentleg ikkje så stor samanheng til teksten, men viser litt korleis eg har det for tida. Som desse klarer eg å nyte livet midt i alt eg har å gjere;)

5. april 2009

Påske!

Eg må berre få uttrykke mi lukke over at ferien endeleg er her!
Fantastisk!

Vi er ferdige med samproduksjonen, ein stormande suksess! Eg spelte dokka (tankeverdenen) til hovudpersonen i stykket. Spennande:)


Elles har eg levert inn siste arbeidskravet i estetiske fag, så no er det faktisk berre eksamen att. Den skal vere 21.-24.april, altså ei veke etter at påska er ferdig. Før den tid skal eg ha forprøve i norsk om elevtekstanalyse og setningsanalyse, samt siste samling med KRL med framføring av gruppesamarbeidet om Egil Hovland sitt verk Bli hos oss, som saman med praksisrapporten frå undervisninga eg hadde i RLE på sjette trinn (som eg òg må skrive i løpet av påska) er dei to siste arbeidskrava i det faget. (Det blir altså ikkje berre ferie på meg denne påska...) Deretter er det berre eksamen att i KRL 2 òg; ein fem dagars heimeeksamen frå 13.-19.mai. Etter det er det norsk- og matematikkundervisning att av året før eksamenane i dei faga på skulen høvesvis 29. mai og 5. juni. Då er tida inne for sommarferie!!! Det skal bli fantastisk godt!

22. mars 2009

Skrivefart

Ei venninne fann ut at dette var godt tidsfordriv for høggravide, og eg kan meddele at det er godt tidsfordriv for folk som ikkje er høggravide òg:) Kanskje ikkje heilt korrekt måte å teste skrivefart på, men det gir no ein viss indikasjon:)

75 ord

17. mars 2009

Planar

Eg har mange planar. Neste år er det berre 30 studiepoeng som er obligatoriske; resten er valfag. Eg har søkt på matematikk og leiing i skulen. Trur det blir bra. Neste år blir det òg opna for alternativ praksis, og saman med fire venninner har eg søkt om å få reise til Madagaskar og ha praksis der! Så forhåpentlegvis blir det fem veker på Madagaskar til hausten ein gong (fire til praksis og ei til ferie) - store ting!

Men planane mine kan vere vel og bra dei. Christine har skrive litt om kva han snakka om, talaren på Salem på laurdag. Livet mitt er jo eigentleg ikkje mitt, no når eg høyrer til Jesus! Han tok med livet mitt på korset og eg fekk hans! Men lever eg slik? Er alt det eg gjer noko Jesus ville gjort? Gjer eg alt det Jesus ville gjort? Klarer eg å disponere og prioritere tida mi på ein måte som gjer Jesus glad?

Det er noko å streve etter! Eg klarer det ikkje - men kanskje eg kan klare det meir og meir? Dersom eg fokuserer og let meg sjølv bli prega av Hans kjærleik?

Det er godt vi har nåden.

13. mars 2009

Spel, syng og ver glad

Der er mange kjekke spel i verda! Kortspel og dataspel og brettspel og munnspel. Nokre spel er kjekkare enn andre, og kan brukast i mange sosiale samanhengar. Nokre av mine favorittar er

kortspela





og brettspela






Uno er ein gammal slager, som kan få sin renessanse i ulike variantar som til dømes "Killer-Uno" (veldig populært som tidsfordriv dei ni timane med venting på flyplassen i Amsterdam, før flyet til Ecuador skulle gå, for omtrent to år og to månader sidan), medan Ligretto og Bohnanza er kortspel som har komme med storm. Veldig kjekt, sjølv om det kan gå heitt for seg;)

Othello er eit grublespel for to personar; det tek eitt minutt å lære, men eit liv å meistre. Kan gi utfordringar til einkvar:) Rummikub, eller Rummy, kan ein òg spele med kort, men ein treng ein kortstokk kvar. Dette er òg eit grublespel, men som fleire personar kan vere med på. Settlers og Ticket to ride er strategispel, og har kvar sine "spesialitetar" - Settlers blir spelt med ei speleplate som blir bygd opp på nytt kvar gong, og Ticket to ride er noko så sjeldant som eit brettspel utan terningar:D

10. mars 2009

Reklame eller informasjon for den kjeksglade

Denne veka har dei tilbod på alle typar kjeks på Coop Mega; -40%!!!

Mine beste tips:




Enjoy:)

6. mars 2009

FERDIG MED AKSJONSFORSKNING

Iallfall for denne gong. Satsar på at vi er heilt ferdige, at den blir godkjent og at vi slepp å gjere noko meir med den før eventuelt til matematikkeksamen til neste år...

Er passe lei, for å seie det slik.

Men no har eg berre tre arbeidskrav, ei forprøve og fire eksamenar igjen dette året og så er det sommarferie!!! :D

Riktignok er det eine arbeidskravet samproduksjonen i estetiske fag - det neste fjellet på programmet. Men når vi er ferdig med den er det omtrent berre eksamenar igjen:)

Det gjeld å halde motet oppe og sjå enden.

25. februar 2009

Liv

Liv kjem og liv går.

Gud gav oss tida for at ikkje alt skulle skje samstundes.

23. februar 2009

Underenes tid er ikke forbi!

Klok av skade (sist måndag på datarommet var så og seie kaos) klarte eg i dag å bli samd med 23 sjetteklassingar om fire reglar, som skulle gjelde når vi var på datarommet:

1. Ikkje snakke med sidemannen
2. Ikkje bråke og berre hviske når ein skal ha hjelp
3. Rette opp handa når ein lurer på noko
4. Ikkje gå inn på ikkje-relevante sider

Er nesten litt stolt her eg sit:D Beste dataromtime eg har hatt:)

17. februar 2009

Cristóbal Moreno Toledo

Obs, obs! Her kjem mimring frå langt tilbake. Håpar det går greitt:)

Den gong (for veldig lenge sidan :p) eg enno budde heime, dekorerte eg rommet mitt med alt mogleg. Eg var så lite glad i tapetet som "pryda" veggen på rommet mitt at eg hengte opp teikningar, plakatar, bilete og meir for å skjule mest mogleg av den. Noko av det eg vart spesielt glad i å henge opp, var dei små biletkopiane frå kalendarane frå Munn- og Fotmalende Kunstneres Forlag. Etter kvart begynte eg å ønske meg desse kalendarane til jul, og kan no seie at eg har ei ganske respektabel samling av 12,5x13 cm små bilete med mangfoldige motiv - og nokre er finare enn andre. Kalendaren frå 2007 fekk eg ikkje til jul året før - den vart gløymt. Men eg fekk den seinare, då den plutseleg dukka opp att. Då tok eg den ikkje i bruk, men hadde den med.

I dag bestemte eg meg for å klippe vekk kalendaren og gjere bileta klar til opphenging (sjølv om eg ikkje kjem til å henge dei opp på ei stund, kjenner eg meg sjølv rett). To av bileta i denne kalendaren likte eg særskilt godt - bileta frå september (Gylden høst av Boonhome Kotchompoo) og desember (Et barn er født av Cristóbal Moreno Toledo). Begge desse bileta var malte med munnen, og imponert som eg blir av slike bragder, bestemte eg meg for at eg ville prøve å søke dei fram på nettet for å kunne vise dei fram her på bloggen min. Det klarte eg ikkje, men fann dette biletet du ser her for å vise litt av måleteknikken til Toledo, og òg eit vakkert motiv.

Som ei oppfølging av forrige post - eit engelsk ord: Enjoy! ;)

16. februar 2009

Yeah, yeah!

Det er eit mykje brukt uttrykk i lydboka eg høyrer på for tida: Lærer'n av Frank McCourt. Ord brukt til å uttrykke både glede og svar på læraren sine spørsmål. Kan for så vidt anbefale boka - spennande og fengande om ein lærar sitt virke.

Yeah, yeah, kan òg skildre kjensla eg no sit med; det å vite at eg ikkje skal på praksisskulen i morgon, men ut på NLA. Og eg er ikkje nøydd til å stå opp halv sju for å nå skulen, men kan faktisk sove til nærare åtte! Fantastisk:D Vi skal riktignok arbeide med aksjonsforsking og skrive rapport, men det er likevel anstrengande på ein heilt anna måte enn å vere på praksisskulen.

Yeah, yeah!

15. februar 2009

Pust og pes


Dette ordparet kan uttrykke den nødvendige balansen mellom arbeid og kvile, som er så viktig for alle menneske. Vi treng alle å kvile innimellom, til og med Jesus trengte det - Han var eit menneske Han òg.

Og vi treng å arbeide. Vi treng å vite at vi gjer noko viktig, noko som betyr ein skilnad - vi treng å vite at vi duger til noko, at vi får til noko, og at nokon ser oss. Under arbeid kan vi la tankane vandre, eller bli så oppslukt at vi slepp tankespinnet. Begge deler kan vere ei velsigning.

For min del har livet vore mykje pes i det siste. Eg har vore kraftig forkjøla, og hatt fleire ballar i lufta enn kva eg strengt teke burde ha for å halde meg over vatnet. Det har ført meg ned i ein dal, men òg inn i ei erkjenning av at det ikkje er mogleg å gjere alt perfekt heile tida. Fantastisk. Og eg er på veg oppover att.