16. august 2009

Gran Torino

Dette biletet er henta frå IMDB (The Internet Movie Database) og viser coveret på ein bra film eg har sett i dag; Gran Torino! Den rår eg dykk til å sjå; språket er voldsomt, men historia er nydeleg!

Etter ei flott halvanna veke i Vik reiste eg heim til ei flott halvanna veke heime. Eg reiste med bussen ein onsdag, og torsdag kveld reiste vi, heile familien, til Åheimsfjellet og Kvilehytta, der vi hadde leigt oss tak over hovudet for eit par netter. Fredagen kl. 12 var det gravferd for oldemor på Larsneset. Ho hadde blitt 100 år i oktober, men det gjekk raskt heilt på slutten, så det var nok godt for ho å sleppe. Trist likevel, for oss som er att. Eg spelte fløyte i gravferda. Det var flott å kunne trøyste meg sjølv og andre med tonane, og fint å gjere ære på oldemor!

Laurdagen reiste PK tilbake til Bergen, i og med at han skulle på jobb, medan vi andre drog til Hagevik og var med på open dag på tønnefabrikken (sjå gjerne info og bilete om fabrikken og staden her). Vi var der og hjelpte til ei stund, men då det meste såg ut til å gå på skinner, bestemte eg, JE og pappa oss etter litt om og men for å gå oss ein tur på Skolma, eit fjell i nærleiken. Eg hadde ikkje heilt trudd at vi kom oss heilt opp, men jammen gjorde vi det (trass i at eg var med.. JE og pappa er flinke til å oppmuntre;)). På toppen fann vi ei postkasse (!) der det låg ei bok til å notere når ein hadde vore på toppen og kven ein var. Vi skreiv oss inn, og bestemte oss for å gå ein annan veg ned att. Vi gjekk først på ein sti, men måtte gå av den for å komme oss nedover. Så vi skrådde av stien og gjekk nedover ei bratt li med steinar og lyng. Eg var ikkje så høg i hatten der eg gjekk; trur eg har litt høgdeskrekk... Eg anstrengte meg for å finne trygg landing for beina, og det var mest sannsynleg det som gjorde til at eg fekk frykteleg vondt i knea i løpet av nedoverturen. Men vi kom oss no ned til slutt og tilbake til Hagevika og tønnefabrikken.

Då vi kom tilbake dit var eg ganske sliten. Men det var tid for mat, og dei som ikkje var med på tur hadde ordna med mykje god grillmat, salat og melon. Det vart eit herremåltid for 18 personar og ein hund på buda den kvelden:) Ei stund etterpå reiste gjengen med unge vaksne, dvs. meg, tre av søskenbarna mine og forloveden til eine søskenbarnet mitt, ut til Skjærbuda pub på øya Silda (sjå bileta, henta frå vivest.no sine sider om Silda). Vi sat ute i den fine kvelden og prata om laust og fast. Kos:)

Vi fekk overnatte i hytta til onkelen min i Hagevik, og reiste heimover ganske tidleg neste dag. Slik fekk vi slappe litt av heime òg, siste feriedagen til mamma og pappa.

Resten av veka gjekk slag i slag. Det vart ein del bærplukking, sylting og safting. No er mykje av vinterlageret sikra:) Flott å vere heime! Fekk til og med lært vekk Bohnanza til mamma og AM, og det er ikkje verst. Kos:)

Tysdag var tida komen for å reise tilbake til Bergen. Ville ha nokre dagar å ordne meg på før skulestart no på onsdag. Fekk stemt på kyrkjelydsråd og bispedømmeråd før eg sette meg på bussen. I Bergen møtte eg min kjære, og vi åt middag og hadde ein fin kveld. Fredag reiste vi med tog og buss til Vik, og har hatt ei fin helg her. Så er det tilbake til Bergen no, til skulestart for JB i morgon og eit par dagar med førebuingstid for meg før onsdag. Blir bra:D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar