1. desember 2010

Ferdig med eksamen!!! :D

I går hengte eg opp tinga eg har laga gjennom kreative prosessar dette halvåret i eksamensutstilling. I dag hadde eg framlegg av fagteorioppgåva mi om collage og Picasso sin bruk av teknikken. Førstnemnte talde 60 % av karakteren og sistnemnte då 40 %. Godt nøgd med resultatet! Godt nøgd med å vere ferdig!

Eit lite glimt frå utstillingsrommet
Torsdag er det semesteroppgåva i norsk eg skal ta fatt på. Den skal handle om omgrepsutvikling og korleis vi lærer språk. Det blir spennande å arbeide med, trur eg. Skal skrive saman med Anne, få rettleiing etter kvart og levere seinast 20. desember. Det er siste eksamensdag for JB òg, så etter det er det julefri! Nydeleg skal det bli!

Men først skal vi nyte adventstida og kanskje få tid til å gjere noko som har blitt utsett i lang tid? Det er utruleg kva ein kan få tid til når ein faktisk reiser ut av huset for å arbeide. Då kan ein på ein måte ta seg fri når ein kjem heim att og få gjort andre ting. Det er godt å komme seg ut og få ei reise som kan avgrense jobb og fritid. Det er godt å ha avtaler å halde i eit prosessuelt arbeid. Eg vil arbeide jamnare med semesteroppgåva enn med arbeidskrava i K&H. Det er målet.

Til deg: God advent! Jesus kjem!

Til deg som er student: Lukke til med alle eksamenar, oppgåver og siste innspurt før jul!

11. november 2010

Essay down - under tre veker til K&H-eksamen!

Plutseleg har ein dårleg tid. For helst skulle ein ha fått godkjent arbeidskrav tre veker før eksamen, for å ha sjansen til å kunne forbetre om ein ikkje får arbeidskravet godkjent. Å få noko godkjent betyr vanlegvis å vere ferdig med det, iallfall til ei viss grad. Det er tilfelle med det eine arbeidskravet mitt, men ikkje i noko grad det andre. Eller jo, i noko grad er det det. Iallfall no, etter tre dagar intensivt arbeid. Det dumme er at det igrunn skulle vore noko lunde ferdig for tre dagar sidan. Slik kan det gå.

Når ein ikkje før for seint innser at ein skulle ha hatt det litt meir travelt i løpet av hausten...

Sjølv om ein lova at ein skulle bli betre etter den sommaren...

Det var fint i Israel! Skal fortelje litt om det!

Snart... etter tysdag kanskje... då må alt vere ferdig... mykje iallfall...

Sånn er det!



Tips: Rush av innlegg på kunstbloggen min no ;)

27. oktober 2010

Kunstnar-Solveig

Det er tittelen min for tida - bør vere tittelen min for tida.
To nettbaserte fag - norsk og kunst og handverk - to kunstfag.
Utfordring.

Essay og kunstuttrykk.
Mykje arbeid!
Lite tid... att...

20. oktober 2010

Siste nytt: SNØ i Bergen

Ja, du leste riktig. Her er bilete frå utanfor huset der eg bur, teke for rundt ein halvtime sidan:



12. oktober 2010

Rydding i CD-hylla

Ein kjem over mykje når ein startar å rydde. Når eg no har henta resten av CD-samlinga mi heime, for å prøve å samle den på ein plass, fann eg Blood, Sweat & Tears Greatest Hits. Låtane deira er musikalsk sett tøffe! Dei kastar seg ut i ulike toneartar, men rundar alltid opp nice and easy:) Det er denne gruppa som skreiv Spinning Wheel, ein låt kjend spesielt frå Cubusreklamar frå ei tid tilbake her i landet. På heimesida deira kan du høyre den mellom anna.

Her er link til ein vakker kjærleiksvise:
You've Made Me So Very Happy av Blood, Sweat & Tears

Enjoy! :D

11. oktober 2010

Eit lite pip

For ei tid tilbake fekk eg eit lite pip om at det ville vore fint med oppdateringar. Det forstår eg godt. Det har vore skralt med oppdateringar den siste tida her, men litt fleire på den nye bloggen min om det eine faget eg tek i år. Der skriv eg om tanke og handling i høve arbeidet i faget. Ta gjerne ein titt og kommenter:)

Likevel har det skjedd andre ting i livet enn kunst og handverk i Sogndal. Utanom dette faget tek eg norsk 5.-10. klasse på Breistein. At eg no studerer ved to ulike høgskular, skapte ein del komplikasjonar i høve stipend og lån, men no har det omsider komme på plass. Godt å ha ein reserve å ta av.

Turen til Israel var flott! Vi fekk oppleve mykje, og i og med at vi var der så lenge, i ein heil månad, og ikkje budde på fleire enn tre plassar, fekk vi litt tid til å slappe av og nyte livet på kvar plass òg, i staden for å farte rundt for å rekke og sjå alt. Det var frigjerande. Las ein del, spesielt på siste delen av turen, då vi budde på Ma'agan Holiday Village, eit ferieområde sør for Galilea-sjøen (òg kjend som Tiberias-sjøen, Genesaretsjøen og Søndagsskulesjøen). Eksamenane gjekk fint, både skuleeksamenen vi hadde siste dagen i Israel, heimeeksamenen ei veke etter vi kom heim og den munnlege eksamenen i slutten av veka deretter, som òg var i starten av siste helga før skulestart. Ikkje verst! Etter siste eksamen vart sommarsemesteret avslutta med ein flott eksamensfest hos Else, ei av dei andre som var med. Veldig koseleg!

Ei av dei andre som var med på turen til Israel, bur i same hus som meg og JB. Kjekt å vite kven nokre av naboane er i alle fall - kunne byttelåne filmar og sukker og kva det måtte vere - fint liv:) Til dags dato har ikkje naboskapet gjort så stort utslag, men vissa om tilstanden er like verdifull som faktisk handling i ein del tilfelle. Sjølv om tanken ikkje alltid tel.

I helga som nettopp er over, var eg og mannen min (alltid like morsomt å seie d;)) på tur heim til familien min. Eg har vakse opp på eit lite gardsbruk, og der er det som regel alltid noko å gjere. Vi har ein stor hage rundt huset med mellom anna frukttre. Plommehausten i år var fenomenal. Vi har berre tre plommetre, men dei bar så mykje i år at vi ikkje fekk nytta alt. No er sesongen omtrent over, og tida er inne for å rake vekk lauvet som ligg rundt på marka. Dette er viktig å gjere for at dei ikkje skal vere berarar for sopp til neste års avling. Lauvraking var difor det vi heldt på med ein del av laurdagen. Det var mykje å rake saman og litt vanskeleg grunna langt gras. Likevel var bakken under trea strigla då kvelden kom:)

Søndagen var heile gjengen ute i marka for å hjelpe naboen med å sanke resten av saueflokken hans. Det var flott haustver, og om det var det som var grunnen eller ikkje, var i alle fall sauene ikkje så greie å ha med å gjere. For det første var dei spreidde over eit stort område, og då vi prøvde å samle dei, var det ikkje alle som var så gira på å følgje flokken. Det vart mykje vandring, springing, klatring, kliving, lytting, kommunikasjon over jaktradio og mobil, litt sopplukking og mange slitne føter. Eg kjenner framleis omtreng i heile kroppen at eg brukte den i går. Men vi fekk med oss kantarell til byen igjen; nok til å dekke alle treskjærefjølene vi har, inkludert den som er inkludert i kjøkenet. Jammen ikkje verst:)

For sauebønder må det vere spesielt å lese i Johannesevangeliet, kapittel 10, vers 11 (omvendt av datoen i dag): "Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene." Eg vil nok tru at sauehaldet og sauene i Israel er litt annleis enn i Noreg, men noko står fast; sauer er noko for seg sjølv. Det er menneska òg. Kor mykje lenger ein skal trekke parallellen er eg usikker på, men vi kan fare vill. Jesus vil føre oss på den rette vegen!

30. juni 2010

Sommarsemester i Israel

Denne sommaren er ferie eit framandord. Eg og 18 andre studentar har i regi av NLA Høgskolen reist til Israel for å studere! Eg skal ta tre 10-poengsfag; Jødedom, religion med vekt på Islam og Kristologi. Vi er allereie godt i gang på Lutheran Guesthouse midt i gamlebyen i Jerusalem.

Her har vi hatt forelesingar med Oskar Skarsaune (om kristologi), Jan Rantrud (om utviklinga av munnleg og skriftleg Torah) og Sigalit Ben-Zion (om forholdet mellom arabarar og jødar i dag, Makkabearopprøret og den jødisk-romerske krigen i 66-70 e.Kr.). Elles har vi vore rundt i byen og opplevd litt av kvart; Caspari Center, gamlebyen, Oljeberget, beskyttelsesmuren, Hiskia-tunnelen, Gravkyrkja, den koptisk-ortodokse erkebiskopen, ei syrisk-ortodoks kveldsbøn, Vestmuren, tempelplassen med Al Aqsa og Klippedomen, Siloa-dammen, Betesda-dammen, Via Dolorosa, The Tower of David Museum. Som Anne seier det: Vi bur midt i eit museum! Kos:)

1. juni 2010

Siste helga i april

Når vi har komme til første sommardag, er det tid for å sjå tilbake på våren vår. Eller for å seie det slik: Eg vil gjerne fortelje om turen vår til Vik siste helga i april.

I denne perioden var det dårleg ver. Då vi kom forbi Voss, var det snø og slaps i vegen og det snødde. Vegen var ikkje brøyta og det låg eit lag med slaps. Litt forbi Tvindefossen køyrde vi på ei forholdsvis rett strekke, og ikkje så veldig fort. Likevel fekk vi skrens på bilen. John Bjarne ratta som ein helt, men vi enda i grøfta. På motsett side av vegen. Hurra!

Heldigvis er John Bjarne medlem av NAF. Han ringte til dei og fekk dei til å sende hentebil. Frå Voss, ca 20 min unna. Og vi venta. I bilen. Venta og venta. I to timar venta vi. For det var ikkje berre vi som hadde køyrt av vegen denne kvelden. Og hentebilen tok bilane som stod etter kvart som han køyrte. Vi var ein av dei siste i rekka.

Kjekt med alle som køyrte forbi og stoppa og høyrte om det gjekk bra med oss. Det var verkeleg kvelden for å snakke med ukjende folk. Eg gjekk ut i sandalane for å sette opp trekanten, for John Bjarne stod på bremsa. Slik at vi ikkje skulle komme lenger ut i grøfta. Eg vart våt. Men vi hadde bilen i gang no og då for å få varme i oss. Vi var uskadde, men kom oss ikkje av flekken. Bilen stod med nasa i grøfta.

Vi var framme i Vik kl. 1 i staden for kl. 23 som vi hadde sett føre oss. Kos.

Sååå fornøgd:D

Argh! Vi måtte vente ei stund...

Vi hadde på nødlys...

Bakover - vi stod med nasa ned i grøfta
og med baken ganske høgt opp

Så mykje snø var det, ja...

27. april 2010

Ønskjeliste

Og på månadsdagen for bryllaupet vårt er det berre få dagar til åremålsdagen min. Det betyr at det er på tide med ei oppdatert ønskeliste;)

Eg ønskjer meg (ikkje i prioritert rekkefølgje):

  • Flaxlodd - for spenning i kvardagen - kan meddele at eg var særs heldig med det eg fekk til jul;)
  • Pengar - alltid greitt å ha!
  • Brev/kort i posten:D
  • 24-delars sett med bestikket Svaberg, 18/10 rustfritt stål
  • Boka Fra Hellas til Happening (kjekk bok om teaterhistorie)
  • Boka Hva i all verden? av Jan Rantrud (om skaping, skrive av KRL-læraren min frå NLA)
  • Boka Vannliljen - historien om et barn av Hanne Dahl
  • Musikk (gjerne Shawn McDonald (albumet Ripen), Michael W. Smith (albuma I 2 Eye og The first decade), Rebecca St. James (albuma 2 for 1- God/Transform, The Early Years og Worship God), Vamp (albuma Folken, En annen sol, Siste stikk og St. Mandag), Secret Garden (albuma Once In A Red Moon, Earthsongs, Songs From A Secret Garden, White Stones og Inside I'm Singing), julecden til Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga (2009))
  • Innramming til BiG-biletssamlinga og måleriet eg kjøpte i Ecuador og på Madagaskar, samt eit måleri eg og JB kjøpte av ein dørseljar (høyrte eg nokon nemne gåvekort? gjerne det!)
  • Krakk/puff/fotskammel som både kan brukast til å legge beina på når ein sit i ein lenestol, og som er grei til å stå på for å rekke høgare opp
  • Blekkpatronar til multifunksjonsmaskina mi; Brother DCP-135C
  • Citron servise (4 tallerkenar, 4 djupe tallerkenar, serveringsfat)
  • Eva Solo svarte krus (4 stk)
  • Nora biffknivar (12 stk)
  • Drage sølvteskeier (6 stk)
  • spelet Sequence

Dette er det eg førebels har på denne lista, men eg blir glad for det meste. Overraskelsar er kjekt:)

Bryllaup er kjekt!


No er dagen over, men livet i lag er begynt!

Og livet er herleg! :D

Kan absolutt anbefale å gifte seg;)

Tusen takk til alle
for gode ord, gode tankar, godt selskap og gode gåver!


9. mars 2010

Wow

No skal eg faktisk snart gifte meg!

Det blir stas! Eg gler meg:)

Det er ein del å ordne for at festen skal bli flott og fin og god og bra.

Nokre der ute som har gode tips og kjekke tradisjonar i høve bryllaup?

Eg og min kjære tek imot idear med opne armar! Ta kontakt:)

31. januar 2010

Helga som gjekk

Du verda, kor godt det er med helg!

Helga har vore flott! Etter ei hektisk veke (skuleopplegg kvar dag!) var det godt å få komme heim og slappe av! Rett og slett.

Etter helgevask på etasjen fredag, sette eg og JB oss i bilen og retta kursen mot Kråkenes. Der vart vi tekne i mot med opne armar og ein god og varm kopp kakao. Aldeles nydeleg! Før sengetid fekk vi òg helse på Bergsvein, som kom litt etter oss, i tillegg til å fortære varme rundstykker, med tunfisk og majones på, for min del. Nam! :)

Tunfisk, òg kjent som makrellstørje, er ein fascinerande skapning.
Den er som ein gigantisk makrell (kan bli opp mot 500 kg tung),
som, som alle andre makrellar, er avhengig av kontinuerleg symjing
for å få nok oksygenrikt vatn over gjellene.
Blir den stoppa, blir den kvelt.
Foto og delar av informasjonen er henta herfrå

Laurdags morgon var roleg og fin. Fredag var PK sin bursdag (GRATULERER så mykje!!! :D), men han var på Skjergardsheimen og kosa seg der. Men mamma og pappa hadde så lyst å gi presangar at dei hadde ein eg fekk:D Det vart kalla ein tidleg bursdagspresang:) Og lukkeleg pakka eg opp ein ny mobil! Tidlegare knuste eg skjermen på den gamle mobilen min (ei bitter affære med klappstolane i auditoriet på NLA!), og i etter det har eg fått bruke JB sin gamle. Men på den har navigasjonsjoysticken slutta å fungere, så den var mildt sagt ikkje så enkel å bruke. Slik sett var det veldig greitt med ein tidleg bursdagspresang;) Når den i tillegg har sju spel, og der eitt av dei er Uno (!), då er det omtrent toppen på kransekaka:D

Ein tur til Førde vart det òg tid til; mest for å prøve og plukke ut eit servise som vi vil ønske oss til bryllaupet. Mamma var med som konsulent. Vi såg på mykje, men det er merkeleg kor mykje rart som blir selt i butikkane, og kor vanskeleg det er å finne noko ein verkeleg liker. *sukk* Får prøve litt til; ønskeliste er altså under produksjon.

Eg fekk òg strikka krage til babykjolen eg heldt på å avslutte. No er der berre hekling av fastmasker i splitten bak, påsying av tre knappar, to ermer, femti kronblad og ti blomeknoppar. Og det er jo igrunn ikkje berre, berre, men er no ferdig med strikkinga iallfall.

Laurdags kveld vart avvikla på tradisjonelt vis; med heimelaga pizza:) Noko som ikkje er så vanleg ein laurdags kveld, utanom ein gong i januar, er knusing av peparkakehus. Men det gjorde vi denne kvelden, eller rettare sagt; vi braut av bitar og åt. Utruleg godt; eit høgdepunkt!

Søndag vart ein god frukost, gudsteneste, avskjed, lite besøk hos onkelfamilien til JB og eit litt lengre besøk hos broren til JB, Tryggve, med film, pizza og tur tilbake til Bergen. No skal det bli godt å sove. Kanskje klar til ei ny veke?

16. januar 2010

Takk for jula!

Ja, det er ei stund sidan jul. Eit par veker. Aktivitetsnivået tilseier meir. Eg er litt sliten. Denne helga var det matematikktimar på NLA, i valfaget mitt, MA3. Frå 16 til 20 i går, og frå 10 til 16 i dag. Men no er det helg!

Jula var flott! Ferie og familietid. Gåver, både på den eine og den andre måten. Kjekt! Takk for jula!

For det første var juleferien lang og god! Eg hadde siste skuledag den 15. desember, med eit veldig interessant og utfordrande foredrag med Terje Forsberg, forfattaren av boka Aldri for sent å bli et lykkelig barn. Etter nokre rolege første feriedagar i Bergen, kom mamma, pappa og John Eivind til Bergen for å hente meg og PK, som kom frå Voss, heim. Koseleg:)

Vel heime var det tid for dei siste juleførebuingane i huset. Det vart kakebaking, pynting av peparkakehus, litt vasking, pynting av juletre og det som elles høyrer med. Sjokoladestenger og kanelkjeks kom på plass, og for første gong har eg laga peparkakedeig og risbollar. Kjekt:)

Adventskalendarar fortener òg eit avsnitt. Då eg var heime i byrjinga av desember, hjelpte eg mamma med å pakke inn kalendarane til JE og AM. Mamma og pappa fekk òg kaledar, frå meg og JB til jul. Den inneheldt mellom anna ei julekrubbe frå Madagaskar (fann ut at å gi den som kalendar var fint, for då hadde eg allereie 12 av 24 gåver, og figurane kunne få stå framme og vere fulltallige på julaftan:)). Då eg kom heim, hadde mamma ordna til adventskalendar for dei gjenverande dagane til meg og PK. Koseleg, og praktisk med sokkar, tannbørste, lypsyl, tanntråd, eit stort, flott glansbilete og sjølvsagt ein dose snop kvar dag;)

Jula kom med pynte marker, hus og menneske. På julaftan nytta heile familien kulden, den frosne jorda og snøen til å ta med kjelke og akebrett og ake nokre timar, før det var inn til julemiddag. Kjekt! Årets gavedryss var òg eit høgdepunkt. Eg fekk ein del av det eg ønska meg og òg mange andre fine ting; to fat og to skåler av sitronserviset, ryggsekktrekk, kalendarar (både frå skulemusikken og munn- og fotmalendes forbund:D), nokre bøker, låge støvlar til regnvåte Bergen, to Vamp-cdar, ein lysestake og lys, eit teppe, ein porsjon Real Turmat, multibestikk (skei, kniv og gaffel i eitt), eit skrapelodd (som eg vann på!), sjokolade, toalettveske, ein krem, ei turveske og alle ungane fekk Ticket to Ride Europe! Tusen takk!

2. juledag kom John Bjarne på besøk. Det er alltid koseleg og populært:) Vi henta han i Førde, og tok likesågodt ein tur opp til Bekkjavatnet før vi reiste heim att. Det er ein laang oppoverbakke, men nok sunt. Det vart òg tid til spel og anna kjekt medan JB var på besøk. Han reiste att 4. juledag.

Elles gjekk no dagane. På nyttårsaftan var det romjulstrening i gymsalen på folkehøgskulen i Førde. Det var kjekt; vi samlast ein vennegjeng og spelte innefotball, innebandy og volleyball. Kos:)

Første nyttårsdag var det julefest på bedehuset. Der var eg spurt om å spele litt og fortelje litt om Madagaskar-opphaldet mitt. Det var kjekt! Då eg var ferdig med opptredenen min, var pappa og PK snille og køyrde meg til Vadheim, slik at eg kunne rekke ein buss til Dragsvik, for så å ta ferja over fjorden, til Vangsnes, der JB kom og henta meg. Etter nokre rolege dagar i Vik, reiste vi så tilbake til Bergen måndag 4. januar.

Ganske enkelt.

Hin dagen var vi på busstasjonen og kjøpte hovudpute til meg. Julegåve frå JB - eg fekk eigentleg eit regntrekk til sekken, men det hadde PK tenkt på òg, så då sa JB at han kunne bytte det og heller få tak i noko anna. Hovudputa var veldig god:)