9. desember 2007

Juleønsker - ønskeliste

Etter modell av Anders og ønske av Christine og tanke om at det kan vere greitt å gjere for andre enn ho, har eg bestemt meg for å legge ut ei lita ønskeliste. Eg vil få presisere at lista ikkje er i prioritert rekkefølge. Slik struktur har eg ikkje på ønska mine at eg kan klare det...

Eg ønskjer meg:
  1. Ei god og fredeleg jul
  2. Flaxlodd - for spenning i kvardagen
  3. Bibelveske - for å gjere slitasjen noko mindre
  4. Ny bukse - altså: gåvekort er ein fin ting;)
  5. Brettspelet "Ticket to Ride"
  6. Utviding av kortspelet Bohnanza - NB: MÅ vere i tysk utgåve!!!
  7. Pengar - alltid greitt å ha!
  8. Yak-okse!
  9. Julekort frå vener og kjende, i posten!
  10. Frimerke - til bruk...
  11. Eit tre i Israel :)
  12. Snooop - nesten det beste som finst
Dette er ei mellombels liste. Det kan vere at her kjem oppdateringar i etterkant, så følg med, følg med:)

4. desember 2007

Advent og sju rare ting =)

Adventskalendaren min, som heng på kjøleskapet her i kjellarhusværet eg leiger (magneten er frå Ukraina:))

Joda, så er advent her, med lysestakar, stjerner og adventskalendar. Frå og med laurdag var det fullt lov (nesten, iallfall...) med peparkaker og kakemenn, mandarinar og julemarsipan. No er det litt greiare at der er juletre over alt, sjølv om eg likevel synest det er litt for tidleg med reklameplakatane som seier "Santa Claus is coming to town"...

Det er noko eg har tenkt på.. Nissar og snømenn har teke over veldig mykje av jula... Når såg du sist eit julekort med stall og krubbe på? Det finnast, det er greitt.. Men i kortpakkane frå organisasjonane som bruker å komme i posten rundt desse tider, ser ein dei sjeldan. Det er ganske trist at mange ser vekk frå det jula eigentleg handlar om; at Jesus Kristus kom til jorda som eit lite og hjelpelaust menneskebarn, for å vekse opp til forundring og forarging frå dei skriftlærde og til slutt døy og stå opp for alle menneske, så vi kan bli fri frå synd og få vere saman med Han i all æve! Amen! Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i! (Lukas 2, spesielt vers 14)



Så var det då sju rare ting om meg... Utfordringa om å skrive det fekk eg frå Christine, og no er det på tide at eg svarer slik eg har lova ;)


1. Eg har eit skeivt smil; venstre del av underleppa går lenger ned enn høgre delen...

2. Eg eig eit trådlaust strykejern. Det har ein dockingstasjon den må ladast på, frå tid til anna. Apparatet fekk eg til 16-årsdagen min av bestemor. Eg brukte det for første gong i ettermiddag...

3. Eg har eit omtrent to centimeter langt og fire millimeter breitt arr like over venstre kne. Det fekk eg den gongen eg hogg meg i foten medan eg heldt på å kviste ei grein. Det rare var at det ikkje gjorde vondt... Det blødde berre.. Så eg gjekk roleg ned til huset og fekk plastra såret.

4. Eg har ein litt merkeleg måte å ete visse ting på, til dømes smågodt; er det noko som har lag med ulike ting, et eg som oftast lag for lag. Ta til dømes marsipankulene (som eg forresten er VELDIG glad i ;D) som dei sel som smågodt; det er marsipan med eit lag sjokolade utanpå. Då et eg som regel sjokoladen først, før eg kosar meg med marsipanen. Trur sjølv grunnen kan vere at eg vil ha reine smakar... høyrest betre ut det, enn å bli skulda for å ha tvangstankar;)

5. Eg har tre edderkoppar i frysaren. Den første fann eg på badet, den andre i oppvaskkummen på kjøkenet og den tredje på dyna mi!!! Æsj, æsj, æsj!

6. Eg har spart til langt hår heile livet.

7. Eg har aldri hatt hol i tennene i ein alder av heile 20 1/2 år. Skal til tannlegen 14. desember, og då vil det vise seg om statistikken held seg...


Jaja... Dette var sju meir eller mindre rare ting om meg:)

Har oppfatta det slik at eg skal gi stafettpinnen vidare til sju nye personar.. Det gjer eg, men eg vil seie det til dykk sju: Dette er berre om de ønskjer det, og berre for gøy! Ikkje la det stresse dykk;) Skriv gjerne som ein kommentar til denne bloggen:)

Dei sju heldige (alt etter slik du ser det) er John Bjarne (go'gutten min), Per Kristian (min kjære broder), mamma (trufast lesar), Ingrid H. R. (BiG- og køyrevenninne), Kjersti N. (venninne frå Tabu og Gideon), Ingvild G. B. (korps- og bibelgruppevenninne) og Anders (Fjordly-kompis).

Eg er spent! :D

12. november 2007

Leir på Teigen!

I helga som gjekk var eg og JB på rundtur i Sogn og Fjordane, iallfall i Sogn...

Målet var Teigen, leirstaden der eg reiste på leir som liten, ein idyllisk plass eit stykke frå Eikefjord, midt mellom Førde og Florø i Sunnfjord. Der skulle vi vere med som leiarar på B-tween-leir, leir for barn i alderen 6.-9. klasse.

Vi kom fram dit til slutt, men vegen vart lengre enn først rekna. Vi måtte nemleg innom Vik på vegen, for å legge om til vinterdekk på bilen til JB, noko som plutseleg ikkje blir så lett når Vikafjellet er stengt! Typisk nok oppdaga vi ikkje akkurat den vesentlege detaljen før vi var på Vinje, der ein svingar av mot fjellet, nesten to timar frå Bergen... Og då synest vi det var for gale å snu tilbake att.. Så vi køyrde rundt og tok den andre vegen ein kan ta når ein køyrer til Vik frå Vinje; om Gudvangen, Lærdal, ferja Fodnes - Manheller, Kaupanger, Sogndal og ferja Hella - Vangsnes. Snakk om omveg! Turen som skulle ta to timar og eit kvarter, tok plutseleg nærare seks timar...

Men vi fekk ein herleg pitstop i Vik, og faren og eldste broren til JB var utruleg greie og la på vinterdekka, så eg og JB kunne slappe av inne så lenge. Det gjorde godt!

Så la vi i veg att, plukka opp brørne mine (PK skulle vere leiar og JE deltakar) og ei til (som òg skulle vere med som leiar) i Førde, og susa til Teigen, dit vi kom omtrent tre og ein halv time for seint...

Det vart ei slitsom helg, trass i at der var omtrent ein leiar per deltakar. Søvn vart det mindre av, og tankane mine gjekk både til bibeltimane eg heldt og til planlegginga av praksisen eg starta på i dag. Eg var og er sliten, og planlegger å legge meg snart. Som tidlegare sagt: Søvn er viktig!!!

Edderkoppar?

Overskrifta kan faktisk tydast på fleire måtar. Det kan vere fleirtal av edderkopp, eller eit edderkopp-par. For å seie det slik: Eg har fann ein edderkopp til, lik den andre!

Denne gongen på kjøkenet... i oppvaskkummen.. og berre to dagar etter forrige funn på badet. Veit ikkje heilt om eg er særleg begeistra for utviklinga...

Ja, ja.. Den sleit fælt med å komme seg opp av kummen. Den kom seg aldri opp att frå glaset... No har eg ein edderkopp til kvar av dykk, Anne og Christine!!! :D



7. november 2007

Edderkopp på badet!!!

I går, då eg kom heim etter å ha vore på besøk hos John Bjarne, gjekk eg ganske snart på badet, for klokka var over 22, og etter rangling i helga, kjende eg at senga kalla. Det skulle bli godt å legge seg...

Etter fletting av håret og skifting til nattklede, snur eg meg og legg merke til ein svær edderkopp, som sit på veggen under vindauget!

Edderkoppar er for så vidt greie dyr, men kan ikkje seie at eg liker å finne dei rundt om i huset, og ikkje på badet... Denne var i tillegg ganske stor, så kan ikkje noko særleg for at eg begynte å lure på korleis den hadde klart å komme seg dit...

Medan eg nærast stod og klødde meg i hovudet i undring og fortviling, med tankar om korleis eg skulle kvitte meg med den uønska gjesten, kom eg på naturfagsundervisninga og -læraren mine gode vener, Anne og Christine, har fortalt så varmt om. Den læraren, John, er nemleg særs fascinert av insekt og småkryp, såkalla "bugs"... Og kom i løpet av undervisninga dei hadde i valfagsperioden opp med idé til ein ny måte å ta livet av småkryp på. Ein skal nemleg ikkje klistre dei, men heller få dei opp i eit glas eller ein boks og legge dei i frysaren. Etter ei tid der vil dei dø, men dei er framleis like heile, og kan settast på nål i ein liten boks til studering ved seinare høve.

Eg tenkte: -Javel.. Lat meg prøve det!

Som sagt så gjort: Eg gjekk på kjøkenet og henta glaset det tidlegare har vore pesto i, og klarte ved hjelp av ein q-tip å pirke ein nokså motvillig edderkopp ned i glaset. Deretter la eg glaset i frysaren, og der ligg det enno. Så Anne og Christine, om evt. når de les dette: Eg har studieobjekt til dykk!!! :P

Biletserie:

Så stor...




I glaset...


I frysaren...

5. november 2007

Hei igjen!

Så var det ny veke då...

Kjekt det.. Iallfall no, etter at denne skuledagen er forbi:) I dag sånn cirka 9.45 var mi gruppe ferdig med framføringa av oppgåva om "Det som aldri skjer"! Godt at det er over:D For min del er det no berre to arbeidskrav att i norsk: munnleg framlegg og skriftleg heimeoppgåve. Veit lite om kva dei oppgåvene går ut på. Det munnlege framlegget veit eg ikkje når skal vere, og den skriftlege heimeoppgåva skal ikkje leverast inn før 1.mars. Resten av denne veka har vi KRL, og dei to neste vekene skal vi ut i praksis. Difor skal vi ikkje ha norsk før 3.desember! Kjenner at det er bra!

Elles har det vore ei kjekk helg. For første gong har eg og JB budd hos han ei helg! Dei andre helgene vi har vore her i Bergen, har vi vore hos meg på Breistein, men denne gongen var vi på Lyngbø. Det var kjekt:) Litt dumt for JB sin del i og med at han insisterte på å legge seg i stova på den nokså harde sofaen... (medan eg fekk senga:D) Trass i det, var det ei kjekk helg:)

Fredagen var vi ein tur til Vestkanten kjøpesenter i Loddefjord, etter å ha somla oss ut dørene. Då vi kom tilbake sat Marit (JB bur i lag med Marit og John Malvin) og såg ein film; "Stranger Than Fiction". Vi slo oss ned i lag med ho og såg resten, noko som viste seg å vere ein ganske så morsom og interessant film om ein forfattar med skrivesperre og hovudpersonen i boka hennar.

Kan anbefalast:)

Laurdagen reiste vi til byen og handla gåver til bursdagsbarna vi feira seinare på kvelden. Vi rakk ein snartur tilbake til hybelen til JB for å pakke inn gåvene og hente bilen, før ferda gjekk mot hybelen til Anne, Cathrine og Anne Berit, som laurdag feira 60-årsdag. Reisa inkluderte ei mellomlanding ved Bok og Media i sentrum, der vi plukka opp Janne, som ikkje heilt visste kvar bursdagsfeiringa skulle ta plass. Litt for seint ute, men ikkje dei siste, kom vi fram. Der vart vi tekne imot med opne armar, smil og latter. Det skulle vise seg å dominere kvelden òg, som elles bestod av fordøying av brownies, sjokolade- og vaniljeis, nonstop, peanøtter, gulrøter, dip, chips, Mozell Light, Pepsi, Pepsi Max, gul saft, vatn, fruktkaramellar og Smash (med andre ord MYKJE godt:D), maling (av litt av kvart (sjå Christine sin blogg)), Bohnanza-spel og mange koselege folk. Vi avslutta ikkje feiringa før mellom tre og halv fire... kom godt inn i Bohnanza, for å seie det slik;)

Søndagen vart litt kort fordi laurdagen var lang, men det var vel verdt det. Det vart ein koseleg dag på hybelen hos JB, der vi mellom anna hadde felles middag, eg, JB, Marit og JM. John Bjarne laga gryterett med spaghetti attåt, noko som fall i god jord. Utpå kvelden var det på tide å vinke adjø til Lyngbø for denne gong, men sidan eg fredag kjøpte meg busskort til bruk i praksisperioden, kan det nok hende nasa mi vender seg i den retninga fleire gonger enn den har gjort dei siste vekene:)

Spaghetti! Nam, nam!

I dag stod eg tidleg opp og tok 8-bussen bort til skulen. Vi i gruppa hadde avtalt å møte halv ni for dei siste førebuingane, så då var det berre å hive seg rundt. Greitt nok igrunn, sjølv om eg kjenner at det skal bli godt å legge seg no.

Greitt nok å vere trøtt, men dette er kanskje å ta litt av???

I morgon er det seks timar førelesing i hinduismen som står på tapetet. Har fått lest gjennom dei 60 sidene pensum til hinduismen, så har litt peiling på førehand.. Men må eigentleg innrømme at eg ikkje ser vidare fram til skuledagen i morgon. Då er det greitt med busskort og besøk hos kjærasten etterpå! :) Elles har Anne sagt at ho vil ta med Bohnanza på skulen i morgon, slik at vi har noko å sjå fram til i friminutta;) Den er god!

25. oktober 2007

Riiiight!!! Ny helg!

Ei ny helg står for døra, og eg skal ikkje på skulen resten av veka. Ei herleg kjensle!

Fredagane er som regel studiedag på NLA, så då kan ein tillate seg å sove litt lenger og ikkje dukke opp på skulen. Ganske grei ordning, må eg seie;) Denne veka hadde vi i tillegg fri onsdagen, altså i går. Til vanleg har vi lærarforum på onsdagane, det vil seie lærardannande aktivitetar, altså ikkje noko bestemt fag, men diverse andre ting ein lærar treng å kunne. Neste veke skal vi ha eit praksisseminar, som varer heile onsdagen, og neste veke har vi heller ikkje fri på fredagen; der er dramaundervisning dei tre første timane for min del.

Vik

I morgon reiser eg til Vik saman med John Bjarne, for å vere der i helga. Trur det blir kjekt:) Skal òg mest sannsynleg ein tur til Balestrand i løpet av laurdagen, altså rett over fjorden, for å vere med på haustfest på Sygna VGS, der broren min, Per Kristian går på skule. Mamma og pappa kjem nedover og skal vere med på festen dei òg, så det blir reine familiegjensynet:D Det blir bra:)

Elles kan eg jo informere lesarane mine om at bokmeldingsframlegget på måndag gjekk fint:) Eg las "Rut" av Helga Eriksen, og fekk berre gode kommentarar til framlegget mitt. Kjekt! For den som skulle vere interessert i å lese boka, kan eg i grunn anbefale den. Det var ikkje alt i den eg likte, til dømes situasjonar som vart altfor inngåande skildra, men sjølve handlinga var god. Personane var levande, og ein fekk eit godt innblikk i tankane deira. Det er ei bok som er inspirert av boka Rut i Bibelen, så ein kan finne visse likskapstrekk mellom handlinga i boka eg las og bibelboka.


Etter at alle i læringsgruppa mi hadde lagt fram si bok, var det så meininga at vi skulle velje ei bok å arbeide vidare med. Det gjorde vi ikkje før i dag, men no har vi valt "Det som aldri skjer" av Anne Holt.

Eg kjenner ikkje til verken forfattaren eller boka frå før, så dette kan bli spennande:) Ulempa er at vi skal jobbe vidare med denne boka gjennom å jobbe med den ut frå ei pensumrelatert problemstilling... altså anten med eit analytisk eller eit didaktisk fokus, eller ein kombinasjon av dei to. Kjenner at det kan bli ei utfordring... Og vi har ikkje så lang tid på oss. Måndag 5. november skal vi ha framføring... Den skal vare i 20 min, dvs. omtrent fire minutt på kvar av oss, og både presentasjon og innhald blir vurdert. Kan ikkje seie at eg gler meg vilt.. eller jo, forresten; eg gler meg vilt til å bli ferdig!

18. oktober 2007

Trallalalalalabom

Hei og hopp, alle saman ute i den store, vide verda! Her kjem ei lita oppdatering, eller iallfall nokre tankar frå min avkrok av Tellus.

På Breistein går dagane. Siste oppdatering frå mi side omhandla rakubrenninga i slutten av valfagsperioden på skulen. No har vi lenge vore inne i ein periode med norsk og pedagogikk, men frå og med neste veke skiftar vi pedagogikken ut med KRL. Det blir første perioden vår med KRL, noko som kan bli spennande:)

I pedagogikk har vi nyleg gjennomført framføring av arbeidskrav 2, oppgåva om Ida som har vanskar på skulen. Gruppa eg er med i hadde om læringsmiljø ut frå ulike pedagogiske retningar. For den som har greie på det, kan eg seie at eg for min del vart utruleg lei behaviorismen. Trur eg kan den teorien rimeleg godt no...

Dagen etter framføringa, på tysdag, fekk vi innføring i arbeidskrav 3, så der er ingen grunn til å ligge på latsida. Det nye arbeidskravet er eit feltarbeid, der vi skal finne ut om barn og unge sine fritidsvanar og kva for ei rolle dei har i sosialiseringsprosessen... (var der nokon som gjespa??? kan eg aldri tru...) Feltarbeid går ut på at vi skal ut til barna og observere og/eller intervjue dei. Kjenner at det er noko eg ikkje gleder meg overmåte til... Men ein må gjennom arbeidskrava for å kunne gå opp til eksamen... (hmm.. vil eg eigentleg det? viss eg tenkjer meg om...?)

10 poeng til den som klarer gjette kvifor eg tok dette biletet!

I dag har eg vore i observasjonspraksis. Eg skal ha praksis på Ostereidet Barneskule i 6. klasse, og i dag møtte eg klassen for første gong. Spennande:) Der skal eg vere i morgon, i tillegg til nokre veker i november, saman med ein medstudent, Lillian. Ho og eg dannar ei praksisgruppe, og det er kjekt:) Observasjonspraksisen går ut på å bli litt kjend med klassen og læraren, og å sjå litt på klasseleiing og motivasjon. Greitt å kunne erfare litt i praksis:)

I norsk blir haugen av ulest, men gjennomgått, pensum større og større. I næraste framtid er det sjølvvalt pensum som står på menyen. Kvar student skal framføre ei slags bokmelding på boka dei les no på måndag, i dei ulike læringsgruppene (mi er på fem personar). Kvar student skal ha ein opponent som vurderer framlegget, og etter framlegget skal ei side med disposisjon, eiga vurdering av framlegg og refleksjon rundt opponent sine kommentarar, leverast inn.

Som den merksame leser vil forstå; Livet er travelt, og her er nok å ta tak i. Det kan bli vel travelt innimellom, og ein kan miste litt motet, men som regel går det greitt når ein bit tennene saman, og får nok søvn.

Det siste der, nok søvn, er nok det mest vesentlege... Difor vil eg oppfordre alle som ein til å sove lenge nok. Tips: det er betre å legge seg tidleg og stå opp tidleg enn å legge seg seint og stå opp seint! Ikkje det at eg alltid klarer å etterleve det tipset, men eit ærleg forsøk er jo neppe å forakte;)

27. september 2007

Raku- og tønnebrenning

Denne veka har valfagsperioden blitt avslutta for denne gong. Det gjorde vi med utedag på måndag og opning av utstilling og overflatebehandling av prøvene våre på tysdag. Etter jul skal vi ha endå ein periode, då med meir fokus på bilete og todimensjonale kunstverk.

Her er Internett-utgåva av utstillinga vår:

Heile utstillinga

Biletserie over tønnebrenningsframgangsmåten og sosiale tiltak brenningsdagen; steiking av pannekake og maiskolbar på bål:)

Biletserie over rakubrenningsframgangsmåten

Anja si (rakubrent)

Mi si (tønnebrent)

Anja Eline si (rakubrent)

Utkastet til Anja si krukke (tønnebrent)

Anja Eline si (rakubrent)

Mi si (rakubrent)

Mi si (tønnebrent)

Anja si (rakubrent)

Anja Eline si (rakubrent)

Mi si (rakubrent)

Elisabeth sitt (rakubrent)

Elisabeth si (tønnebrent)

Elisabeth si (rakubrent),
den første vi brente i rakutønna!!!

Mi si (tønnebrent)


ENJOY!!!

22. september 2007

Du aldri finn, om langt du fer,
ein stad som heimen, dyr og kjær!

Jonastunet, heimen min:)

Er heime i helga. Hadde eigentleg planlagt tur til Vik, men det endra seg då meldinga kom om at Per Kristian, broren min, skulle heim denne helga, før han på tysdag reiser til Roma og skal skrive prosjekt om italiensk mat:)

Det var vanskeleg å bestemme seg. Skulle eg reise heim, eller skulle eg vere med kjærasten min heim. Planen var som sagt det siste, men det var ei stund sidan sist eg hadde snakka med broren min, og det er jo kjekt å komme heim. Så etter nøye gjennomtenking, fann eg ut at prioriteringa mi denne helga fekk vere å reise heim.

Og heime blir eg møtt på ein flott måte!!! God mat, god varme, god seng, gode smil, heile familien samla. Eg er glad i dykk, kjære mamma, pappa, Per Kristian, John Eivind og Ane Marte!

13. september 2007

IKT -biletbehandling

Perioden eg er inne i i skulesamanheng no er stort sett bygd opp av valfag. Som tidlegare nemnt har eg kunst og handverk som valfag, noko eg trivst med.

Tidlegare i perioden har vi jobba med ulike typar leire og laga fem skåler, sju teksturprøver og ei krukke, i tillegg til at vi har hatt ei gruppeoppgåve i rått tre, der vi skulle lage ein skulptur. Den vart det ikkje noko særleg av, i og med at tre av fire studentar var vekke dagen skulpturen eller installasjonen skulle byggast. Eg var den einaste som var til stades, og då bestemte læraren at det var lite vits i at eg skulle gjennomføre gruppeoppgåva åleine, noko eg var samd i:) Dagen vart i staden brukt til knyting og innlæring av ulike knutar, i tillegg til at eg lærte meg å takle og spleise tau. Nyttig og morsom lærdom. Vi gjekk òg gjennom tryggleik ved bruk av verkty som til dømes kniv; kva som er viktig å hugse på i møte med elevane.

I dag gjekk vi vidare, og hadde to timar førelesning i fargelære, før vi gjekk på datarommet og fekk innføring i Adobe Photoshop Elements 2.0. Vi fekk òg ei oppgåve der vi skulle nytte programmet til å lage ein plakat til støtte for ei kampsak. Her er resultatet mitt:


6. september 2007

Helg! -og litt statistikk

Eg kan nesten ikkje tru det, men det er faktisk helg! Eg har studiedag i morgon (og omtrent kvar fredag), og treng då ikkje å gå på skulen, så no er det helg:D

Men får vel vere flink å lese litt i dag og i morgon, for å kunne komme gjennom pensum.. Men det er utruleg herleg å tenkje på at eg slepp å komme meg bort til skulen:) Visste du at i eitt studiepoeng er det omtrent 80 sider kjernepensum? Det betyr at i løpet av eitt år, som er 60 studiepoeng, har ein eit pensum på omtrent 80x60 = 4800 sider. Vidare vil det seie at eg i løpet av allmennlærarutdanninga mi, som er på fire år, vil måtte lese omtrent 80x60x4 = 19200 sider. Passe VILT!

Det gjekk forresten rimeleg greitt i går med responsgruppe og studieteknikk. Eller det vil seie, det gjekk fint med responsen, det var til og med bortimot kjekt. Studieteknikken var meir ei prøving, men kom no gjennom den òg. Det vart litt mykje prat og litt lite ein fekk ut av det... Men ein ting merka eg meg: Visste du at 70-90 % av ei lærebok er såkalla "fyllstoff"? Du treng altså berre lære 10-30 % av pensum. Kor teit er ikkje det??? Vart litt frustrert når eg forelesaren i studieteknikk fortalte det.... Lærebokforfattarar burde får kurs i å uttrykkje seg på ein lett og kortfatteleg måte. Det burde kunne vere mogleg å skrive om ein ting utan å bruke opptil 90 % av teksten på forklaring!!!

I dag har eg vore på forelesning om kreativitet, og elles komme godt i gong med oppgåva "skulpturell krukke" på verkstaden. Kjekt med kunst og handverk som valfag:)

4. september 2007

Vill jubel!!!


Eg er ferdig med leksa om "Den gode norsklæraren"!!!

Endelig! Det tok tid, krefter og innsats. No er det over, og i morgon er det responsgruppe! *grøss*

I mellomtida ønskjer eg alle lesarane mine ei god natt med herleg søvn og nydelege draumar!

2. september 2007

Regn, regn, regn, trallalalalalabom!

Er det ikkje herleg å sitte inne og høyre regnet plaske mot takvidauget og taket elles??
Det synest eg.
Gjorde eit biletsøk på nettet. Her er nokre av resultata:

Søt rev:)

Ofte sett i Bergen;)

Klarer ikkje heilt å bestemme meg for kva eg synest om biletet...
Kva meiner du?



Var dei ikkje søte??

Elles har eg ikkje komme veldig mykje lenger på stilen... Den gode norsklærar liksom... Ja, ja...

1. september 2007

Weee!

Vik er staden for helga, og akkurat no sit eg i pc-stova her i huset, og held eigentleg på med fleire ting på ein gong, over to datamaskiner. På denne har eg oppe stiloppgåve til onsdag, samt MSN og innboksen min, i tillegg til dette blogginnlegget. På maskina ved sidan av har eg framme eit spel, og slik har eg mange ulike ting å konsentrere meg om:)

Kjenner at ting kanskje går litt utover den stilen... Men kanskje du kan hjelpe meg?? Onsdag starta vi på skulen opp med eit kurs i prosessorientert skriving. Det skal vi avslutte neste onsdag, og i det høvet har vi fått i lekse å skrive eit førsteutkast til ein tekst om "den gode norsklæraren". Har du idear? Skriv det gjerne i ein kommentar!!!

28. august 2007

Medan eg er i gong:)

Har ikkje vore for ivrig med oppdateringane i det siste. Kan ikkje love at eg blir flinkare, men kan jo prøve:) Skulle det vere noko prekært de lurer på, er det ikkje farleg å sende ei melding eller ein e-post;)

No er eg iallfall godt i gong med tredje veka her på NLA på Breistein. Eg leiger eit kjellarhusvære omtrent 2 km frå skulen, så for det meste anten går eller syklar eg til skulen. Greitt å få røre litt på seg:)

Kjellaren her er romsleg, med omtrent 40 kvm. Kjekt med god plass! Har enno ikkje fått pakka skikkeleg ut, men her er absolutt potensial til å bli riktig koseleg, og skulle nokon av dei kjære lesarane mine ha hug til å stikke innom, må de gi lyd!! Det blir som regel motteke med opne armar:)

Ver velkommen!!!

Biletserie: Ivrig student! :p




Elles har eg begynt å komme inn i skulearbeidet. Har fått tak i mange av bøkene, men ikkje alle. Har kjøpt mykje brukt, og sparer slik ein del. Veldig greitt:)
Vi skal gjennom mykje i løpet av åra i allmennlærarutdanninga. Eg er ikkje sikker på om eg er komme på riktig plass, men det går no framover, og arbeidskrav 1 i pedagogikk er allereie unnagjort. Det var det framlegg av på måndag, der vi presenterte ulike syn på læraren si oppgåve og ulike syn på eleven. Ei relativt enkel oppgåve med få krav i starten. Greitt å starte roleg.

Utanom pedagogikk har eg faga norsk, KRL, kunst og handverk og eit minikurs i drama som fag i år, i tillegg til ein praksisperiode på mellomtrinnet. Har mykje nytt framfor meg, og gleder og gruar meg. Det blir eit spennande år.

Kva driv du med i år?

Piggsvin og refleks

Ojojoj! Fann nettopp ut at det er mogleg å laste opp videoar i blogginnlegga, og då må det prøvast ut. Piggsvina er utsette, men nydelege dyr! Dessutan et dei slangar!

Her er ein video eg tok med kameraet mitt kvelden 13. august 2005 (gammalt, men godt, utan lyd;)):


Eg sa dei var utsette... Seinast i dag tidleg såg eg eit overkøyrd piggsvin på veg til skulen. Dyret låg i vegkanten, og medan eg hadde eit stykke att såg eg ei skjor som åt av det. "Den enes død er den andres brød" vart bokstaveleg tala denne gongen. Har eit refleks med bilete av eit piggsvin på, der teksten seier noko som at hadde desse hatt refleks, ville der vore mange fleire. Det trur eg er eit poeng. Difor er moralen:

  • BRUK REFLEKS
  • VER SYNLEG
  • TA HENSYN I TRAFIKKEN
Ha ein fin kveld;)

18. juli 2007

Sommar og fri?

Sommar er det i alle fall no. Vi skriv 18. juli, og ferien er i grunn halvvegs over for denne gong. Har eigentleg ikkje hatt altfor mykje tid til å reflektere over livet, for ferien har vore rimeleg hektisk. For den interesserte; her er ei oppsummering:

#10. juni: Skuleåret på Bibelskulen i Grimstad er over. Tårene væter kanalane; det er trist, men godt... Ut på kvelden reiser vi, dvs. eg og John Bjarne (JB), til Jessheim og overnattar der hos ein kompis av JB.

#11. juni: Etter deilig frukost (boil-in-bag-ris) køyrer vi frå Jessheim til Gardermoen (ikkje så langt...), og parkerer bilen der, før vi går inn i terminalbygget og møter dei 33 andre ex-bibelskulestudentane, i tillegg til Gunstein og Bjørnar, Kjetil, Jermund og Brynjar, som vi skal reise saman med til det lova land, Israel! Flyet gjekk til Wien 14.30, og vidare til Tel Aviv, dit vi kom 00.30 lokal tid.

John Bjarne med ny hatt på Saligprisningsberget

#22. juni: Etter herlege, varme, travle dagar i Israel, landar vi atter på norsk jord 12.55 denne dagen. Då har vi vore meir eller mindre vakne sidan 01.30 den natta, etter ikkje så altfor mange timane søvn på førehand, og er følgeleg ganske trøtte. Likevel set vi oss i bilen med friskt mot og vender nasa mot Vik. Dit kjem vi i kveldinga ein gong, og ikkje lenge etter søv vi søtt i mjuke senger.

#23. juni: Dagen for siste etappe, heim til Kråkenes. JB blir med, og vi får feira sankthans der. Feiring og feiring forresten... Veret sette ein dempar på stemninga, vi var stort sett innandørs (utan bål..).

Vegen opp Gaularfjellet, på veg til Førde og Kråkenes

#24. juni: JB reiser heim att, og eg, mamma, Ane Marte og Jenny reiser til Teigen på leir. Eg er leiar, dei andre tre deltakarar. Heldt to andakter i løpet av leiren, noko som gjekk bra. Ei kjekk oppleving!

Andakt ute på holmen

#27. juni: Etter eit knapt døgn heime, går eit fly frå Bringeland mot Gardermoen. Om bord finn du mellom andre meg, Per Kristian (PK) og Kjersti, ei venninne av oss frå Flatraket. Vi skal til Thon Hotel Oslofjord og vere leiarar på barneopplegget under Norsk Gideon sitt landsmøte frå 28. juni til 1. juli.

#1. juli: Landsmøtet er ferdig, og eg og PK tek buss heim att til fagre Sunnfjord. Bussreisa er lang, men når ein er to går det meste bra. Fin stopp på Gol, der einhjulingen til PK var i flittig bruk (ikkje så mykje av meg, nei..). Vi kjem til Førde rundt 18.

#2. juli: Eg startar på jobb for kraftverket dei held på å bygge på Kråkenes. Jobben består i å avbarke material og å måle tak i kraftstasjonen. Det vart nokre timar og pengar av det, ja:)

#4. juli: Eg reiser ut på ettermiddagen med buss og ferje til Vik på besøk til JB. Vi får planlagt litt bibeltimar, og slappa av.

#6. juli: Vi, atter ein gong meg og JB, køyrer frå Vik med kurs mot sørlegare strøk, nærare bestemt Bibelskulen i Grimstad og Normisjon sitt storstemne der; Sommar i Sør. Vi skal vere leiarar på CompACT, eit leiartreningskurs for tenåringar. Travelt vart det, men spennande og kjekt; ei nyttig erfaring.

#15. juli: CompACT er over, og vi er slitne. Men vi får med oss Rebecca i bilen oppover, og køyrer mot Setesdalen, der vi besøker Ingve på garden hans. Der møter vi òg Jon og Anne, som overraskande nok for vår del var på besøk der. Kjempekoseleg!! Og Ingve, saman med Jon og to andre kameratar, diskar opp med marinerte kotelettar, bacon og flintsteik. Nyyydeleg!

#16. juli: Vi reiser frå Ingve, set frå oss Rebecca på Kvanndal og reiser heim til JB i Vik.

No er eg framleis i Vik, og har nytt nokre fredelege og rolege dagar her. Seinare i dag reiser eg heim att til Kråkenes, og i morgon startar eg i opplæring i pleien på aldersheimen i Førde. Der skal eg mest sannsynleg jobbe ut sommaren, og få nokre pengar til studiestart 14. august.

26. februar 2007

Travle tider

Dei siste vekene har vore hektiske. Mykje har skjedd. Rett og slett.

2. februar kom vi tilbake til BiG att, etter ei flott teamtenesteveke. Same dag starta den o store barneleiarkonferansen for barneleiarar i Agder-fylka, som eg var med på, i høve praksisplassen min i Elle Melle Frivoll, eit barnekor i Fjære kyrkjelyd. På konferansen var der med omkring 150 barneleiarar i ulike lag, og der var i høve denne konferansen ei utstilling av barnekunst. MYKJE fint å sjå! Elles var eg med på eit seminar med Tore Thomassen om barnesongar og meininga med dei. Spennande! Konferansen vart avslutta med ei flott bønnevandring laurdagen, og dei BiG-studentane som var på skulen denne helga, kunne endeleg slappe av og lade opp til ny skuleveke.

Skuledagane gjekk fort, og helga etterpå var der faktisk endå ei frihelg for studentane dette året. Då var det nemleg studentane som gjekk BiG for tre år sidan, som skulle treffast att. Det vart ei koseleg og stressfri helg. Mykje god mat med gjestar på besøk;)

Så var det duka for ei ny skuleveke, der ein del tid gjekk med til å rydde til og planlegge BiG-weekend som vi arrangerte 16.-18. februar. Det vart ei feiande flott helg, med mykje godt program. Bra jobba, folkens!

Etter helga oppdaga vi at jammen sant var det berre ei veke att før vinterferien. Måndagen kl. 15 var eg på innleiande teori til langkøyring. Onsdagen var eg på praksis på Elle Melle, og denne gongen var det karneval!!! Eg kledde meg som prinsesse og hadde på meg tiaraen eg kjøpte i Ecuador:) Vi song litt, spelte rytmeinstrument, leika stolleiken og danseleiken (sett deg eller frys når musikken stoppar), hadde fingerbingo, blåste opp ballongar og laga ballongdyr. Kjempekjekt!!! :D

Snø i haug og dungar

Siste undervisningsdag hadde vi torsdagen, og den dagen vart ekstra kort, i og med at vi fekk fri dei to siste timane fordi Arnold Børud, vår kjære dirigent, var innesnødd etter all nedbøren som har komme på Sørlandet siste tida. Den snøen gjorde òg at mange av dei rogalendingane som hadde tenkt å reise heim i løpet av torsdagen, overnatta til fredagen. Det var koseleg for oss som har så lang veg, at vi i alle fall måtte vente til dagen etterpå med å reise.

Fredagen gjekk med i bilen for min del. Etter å ha venta på telefon frå halv åtte og motteke den kvart på åtte, der fått vite av køyrelæraren min at ja, eg skulle ha langkøyring denne dagen, trass veret, begynte eg langkøyringa ca. kl. 9. Eg køyrde og køyrde og kom til slutt til Åmli, der vi hadde ei lita pause før vi køyrde tilbake til BiG att. Då eg kom dit inn, var klokka halv to, og etter ein liten prat med husmor gjekk eg ned på internatet og fann meg mat, snakka litt med John Bjarne, pakka ferdig og så reiste vi, eg og John Bjarne denne gongen, frå BiG kl. 15. Etter bensinfylling og kontorbesøk i Grimstad, tok vi endeleg heimvegen fatt 15.40.

Heimvegen vår er lang, og denne dagen vart den ekstra lang på grunn av snøveret. Vi hadde snø som knivar mot frontruta, omtrent heilt til vi køyrde over grensa til Sogn og Fjordane. Over Hemsedalsfjellet var det kolonnekøyring eit stykke. På grunn av dette, og seinare start frå Grimstad enn kva vi hadde rekna med, enda turen i Kaupanger for natta. Der fekk vi overnatte hos tanta til John Bjarne. Det var godt å få legge seg i ferdig oppreidd seng, då vi endeleg kom fram dit tanta budde kl. 4 den natta.

På laurdagen fekk eg helse på dei vi hadde fått husrom hos; koselege folk. Vi fekk oss litt mat i livet, og fann ut at det ikkje gjekk buss frå Sogndal (like i nærleiken av der vi overnatta) før litt over fire. Då bestemte vi oss for at i staden for å gå rundt i Sogndal heilt til då, kunne eg vere med John Bjarne heim og helse på meir av familien:) Vi reiste altså til Vik, og eg fekk helse på heile familien; mora og faren og alle dei fem syskena, samt farmora. Ikkje verst, etter mi meining; det verka som ein kjekk familie. Vi fekk graut til middag og spelte Mastermind etterpå:) Det vart ei kjekk stund, før John Bjarne køyrde meg til Vangsnes der eg tok ferja over til Dragsvik og buss derifrå til Førde. Måtte vente ein halvtime i Vadheim, men 20.10 var eg endeleg framme på Firda Billag, der pappa og John Eivind kom og henta meg og køyrde meg heim. Der fekk eg herleg heimelaga pizza, og det gjorde godt i magen:) Kjekt å komme heim!!!

Heime denne dagen var òg Jenny, ei ni år gammal jente med Down's syndrom, som vi er besøksheim for. Ho skulle overnatte til søndagen, og før ho reiste i går hadde vi oss ein tur oppover vegen der røyrgata til det nye kraftverket ligg. Det er heilt veldig bratt der, og oppover der ryggar dei med svære lastebilar. Utruleg, men sant.
Mamma og Jenny på veg opp lia

I dag har dagen gått med til å bere ved inn i låven og til å lage til fiskepudding til middag. Herleg å vere heime og gjere litt nevenyttig arbeid! :D