11. oktober 2008

Og kvardagen er drit?

Vel, nei... Eigentleg ikkje. Eg har det bra, på mange måtar:)

Men når skulearbeidet og andre kjedelege, men nødvendige, oppgåver hopar seg opp, og ein eigentleg ikkje har tid til å gjere det ein har mest lyst til - å vere saman med kjærasten og gode vener, leike med PC-spel og liknande, lese bøker ein har lyst til å lese og ta det med ro i helgene - då blir det kjedeleg og leitt...

Greitt nok at studiet no er jobben min - det eg skal leve av, men likevel - ein jobb er trass alt som regel ferdig ein gong, og ein har eit relativt greitt skilje mellom arbeid og fritid. Studium derimot er mykje tyngre - ein skal lære noko, og då er det ikkje nok å berre vere til stades på skulen - ein må òg lese og gjere oppgåver, slik at ein lærer seg stoffet. Ein får heller ikkje sjølv bestemme tempoet - neida, her er det innlevering på innlevering med fristar her og der. Eigentleg eit slit, dette...

På den andre sida - folk seier ein skal nyte studenttida - fridomen og ungdomen.. Jaudå...

Vel.. Dei fleste kan vel vere samde om at det er kjekt når ein er i rute med ting, og når det er mogleg å setje andre ting til sida, for å gjere ting ein heller har lyst til. Det er digg!

Innvendingar?