13. desember 2006

Brannalarm og Lucia-tog

I dag har Lucia-tradisjonen blitt delvis øydelagt for meg. Eg må berre 
få dette ut! Eg kjem til å hugse denne Lucia-dagen i LANG tid framover!

For kva er ikkje meir øydeleggande av å bli vekt kl. 07 ein morgon av brannalarm? For så å slenge på seg morgonkåpe og sandalar og ut i gangen, hamre på alle dørene og komme seg heilt ut av internatet, for å få vite at det er ei brannøving. Deretter kjem studentrådet vårt nedover vegen i kvitt og med lys i hår og hender, og vi forstår at brannøvinga har vi på grunn av at Lucia-feiringa skulle markerast med Lucia-tog i mørkret om morgonen. Berre det utløyser frustrasjon hos dei som er våkne nok til å kjenne på slike kjensler. Når rektor i tillegg, på vegne av studentrådet, innbyr til lussekattar i musikkrommet med det same, går det heile altfor langt!!!

Men, men.......

Det var jo litt koseleg òg då... Spesielt då vi fekk vite at frukosten vart utsett ein time, slik at dei som fekk sove att etter denne fatale oppvekkinga, fekk sove litt lenger enn vanleg. Igrunnen greitt...

10. desember 2006

Adventskalendarar

Her på bibelskulen skjer det mykje for tida. Studentrådet ved skulen har laga adventskalendar til oss, noko som inneber at det skjer noko ekstra kvar dag. Vi har enno ikkje opna luka for i dag, men tidlegare har vi fått høyre ein julesong (1. desember, i det vi skulle øve inn det siste før første adventskonsert), hatt juleturnering i trefotsfotball, musikkmiming og xbox-speling (i går, 9. desember), sett julefilm, Polarekspressen (8. desember), hatt juleverkstad, der vi laga mange flotte julekort (7. desember) og mykje anna, som eg ikkje hugsar nett no. Men kjekt har det vore, og kjekke trur eg dei neste dagane kjem til å vere òg:)

Elles har eg tre andre adventkalendarar. Den eine har eg saman med Anette, romvenninna mi. Helga 24.-26. november var eg med ho som leiar på leir på Horve, leirplassen der ho har vokse opp på leir. Leiren var ein adventsleir, og vi hadde juleverkstad, der dei mellom anna kunne lage kvar sin adventskalendar, med eit bibelvers og eit bøneemne kvar dag. Dette måtte ein sjølvsagt ha ein mal til, og den laga eg og Anette kvelden før verkstaden skulle vere. Den malen tok vi med oss tilbake til bibelskulen, og så opnar vi den annankvar dag. Kjekt:)

Dei to andre adventskalendarane er berre mine:) Den eine fekk eg i gåve frå Kristina, ei av dei andre som går på skulen her. Det var kjempekoseleg!!! Etter øvinga på onsdagen før adventskonsertane, gjekk eg ned på rommet att. Der hang det eit nett på dørhandtaket vårt. Nede i det fann eg to adventkalendarar, slike med sjokolade i, som var teke juleband rundt, og oppå låg ein kvast einelyng og ein kvist med bær på og ein lapp der det stod "Til Solveig og Anette" og "Fra Kristina". Utruleg kjekt!!! Så no har vi kvar vår sjokoladekalendar hengande på rommet:)

Den siste kalendaren er familien sitt bidrag. Kvar dag får eg over e-post tilsendt ei luke. Det har vore dikt, flotte bilete, ei oppskrift og ein song så langt. Kjempekjekt!

Luke 9 i adventskalendaren heimafrå

Slike ting gjer adventtida til ei flott tid her på BiG. Håpar du har ei fin tid!

3. desember 2006

God advent!!!

Ja, no er advent verkeleg her. Vi skriv 3. desember, og 1. søndag i advent. Adventskalendaren er blitt opna i tre dagar, men først i dag startar det nye kyrkjeåret. Godt nytt år, alle saman!!!

Her på bibelskulen har vi markert inngangen til advent med to adventskonsertar, ein på fredag i Songe Frikyrkje og ein no i kveld i Grimstad Kyrkje. Det var to MEKTIGE opplevingar! Kjempekjekt å synge for full sal. Vi har i heile haust øvd, to timar i veka, på eit klassisk stykke for kor, orgel og orkester, John Rutter sitt "Gloria".

I starten var vi alle ganske sikre på at det stykket var ganske uoppnåeleg for oss. Men dei to korlærarane våre, Ingrid Margrete og Kristin, motiverte og lærte oss stykket, og resultatet fekk publikum høyre til slutt på dei to nemnte konsertane. Kjempemoro!!!

Eg deltok òg i konserten som tekstlesar; ei kjekk oppleving. Stort å kunne lese opp Guds Ord for full sal!!!

Elles bestod konserten av korsang frå fire kor, BiG-koret, MoF-koret (linjekoret til Musikk og Formidling), Familiekoret frå IMI-huset og Kor X, i tillegg til solosang, eit stykke for fem messinginstrument, lesing av sjølvskriven tekst frå Gunstein, vår kjære linjelærar på VU, og diverse allsongar og lystenning. Konserten vart ei flott innleiing til advent.

20. november 2006

Måndag på BiG

Jepp, i dag er det måndag, og tid for ei ny veke med mykje spennande som skal skje. Dagen har for så vidt vore grei. Vi har ganske nyleg starta ein ny undervisningsperiode, så i dag hadde vi faget etikk for første gong. Interessant. Vi diskuterte mellom anna kva vi ville gjort om vi hadde vore Per i denne situasjonen:

Ein kveld kom kona til Per, Kari, heim og fortalte at ho var gravid med ein annan mann. Samleiet hadde skjedd same kveld, og Kari forstod at det ho hadde gjort var gale og ho angra. Per og Kari er kristne, har to barn frå før, og har vore gift i nokre år, men vore til dels veldig opptekne med ting kvar for seg.

Det vart ein del diskusjon. Etiske spørsmål om abort, skilsmisse, tilgiving, utruskap og anna vart tekne opp. Vi fann ut at det var mykje som spelte inn i denne situasjonen. Ville til dømes den biologiske faren kreve å ha kontakt med barnet sitt? Var Per og Kari villige til å prøve og få ekteskapet til å vare? Korleis var forholdet mellom Kari og den framande mannen?

I Bibelen blir utruskap halde fram som den einaste gyldige grunnen for skilsmisse, sjølv om kvinna og mannen i byrjinga var skapte til kvarandre. Sjå kva Jesus seier i Matteus 19, 3-9. Per var altså i sin rett, om han ville skille seg. Likevel var det mange i klassen som håpte på at dei ville prøve å halde saman, då læraren vår spurte om kva vi hadde håpt på om dette var realiteten for eit ektepar vi kjende.

Dette dømet var noko som læraren vår hadde opplevd. Vi vart forskrekka over at det var mogleg at slike ting skjedde i kristne familiar. Han hadde fått ein telefon ein gong frå ein god ven, som fortalte at kona hadde vore utru, og som lurte på kva han skulle gjere. (Namna i dømet er fiktive.) Læraren vår, som er utdanna prest, opplevde det som vanskeleg å svare, og slik eg forstod det hadde han slite med spørsmålet, og tenkt mykje på det.


Etter diskusjonen fekk vi vite korleis dette paret hadde takla problemet. Per hadde vore veldig raus, og tilgitt kona si. Abort hadde ikkje vore noko alternativ for dei, og dei bestemte seg for å halde saman som familie. Dei hadde vore veldig opne om det som var skjedd til alle, slik at dei tok sladderen ved rota. Læraren vår hadde vore invitert i dåpen, og det fortalte han hadde vore ei spesiell oppleving. Der hadde det vore invitert tre familiar; Per, Kari og Mr. X sin. Alle satt om kvarandre ved borda, og det hadde gått greitt. Barnet sin biologiske far fekk treffe barnet så ofte han ville.

Ei flott historie om nåde og tilgiving!


Ef. 4,32: Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.

Kol. 3, 12 og 13: De er Guds utvalde, heilage og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige, så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.

19. november 2006

Eg skal til Ecuador!


3. november var fristen for påmelding til studieturen til Ecuador, som BiG 
gir studentane sine ein sjanse til å vere med på. Idet tredje time skulle til å begynne, leverte eg inn påmeldingslappen min, etter å lenge ha vore i tvil om eg skulle reise. Prisen kom til å bli høg; vi hadde fått eit prisoverslag på omtrent 16000 kr. Men eg bestemte meg for å vere med på 
turen. Trur den vil bli ei oppleving for livet. Eg gler meg!!!

Allereie fredagen som gjekk møtte vi opp, 13 studentar og ein lærar herifrå, på legekontoret i Grimstad for vaksinasjon. Eg, som ikkje har vore i utland ein treng vaksinasjon for å reise til, måtte få i meg to sprøyter; vaksinasjon mot hepatitt A+B og gulfeber. Så skal vi tilbake att 15. desember for andre vaksinasjonar. Sprøyteskrekk er ikkje noko eg lid særleg mykje av, men det er likevel ikkje det kjekkaste akkurat...

Om du lurer på kva eg ønskjer meg til jul, får du her nokre gode tips: pengar til tur! Det trur eg er det beste eg kan få i år:) Når det nærmar seg sommar, og året på BiG er formelt avslutta, arrangerer dei kvart år her ved skulen tur til Israel for årets studentar, noko eg, i tillegg til turen til Ecuador òg vil få med meg, før eg tek farvel med alle dei gode venene mine her frå skulen og startar på neste år. Pengar er altså noko eg vil få god bruk for...

Om de vil finne ut meir om Ecuador og misjonsarbeidet som blir drive der, samt få vite meir om misjonærane vi skal besøke der nede, og IBLE, bibelskulen der nede, som vi støttar gjennom misjonsprosjektet her ved skulen i år, er www.ecuador.normisjon.no ei bra side. Check it out:)

8. september 2006

Tankar om året på Bibelskulen i Grimstad

Eg er som kjent begynt som student ved Bibelskulen i Grimstad. Plassen her er kjent for meg frå før. Gjennom deltaking ved CompACT dei tre siste åra, eit leiartreningskurs som blir arrangert ved skulen kvar sommar i forbindelse med Sommar i Sør, Normisjon sitt sommarstevne ved skulen, har eg fått blitt litt kjent med både lærarar og området. Det er kjekt å kunne få bruke eit år til å bli betre kjent med lærarane, Grimstad, meg sjølv og Gud. Eit år til avklaring og utrusting, i ei tid der ein skal vekse opp til ein moden vaksen, og begynne på dei skumle 20-åra, sjølve etableringsfasen i livet.

Eg ventar meg mange utfordringar dette året. Eg skal få bli kjent med mange nye folk, få lære mykje om Gud og Hans ord og forhåpentlegvis gjennom dette få meir innsikt i kven eg sjølv er.

For ei tid tilbake var det ein som spurte meg kven eg var. Eg svarte noko sånt som dette: "Eg er Solveig, kjem frå Førde, speler tverrfløyte, liker leir, er 19 år, nettopp ferdig med allmennfag, liker å vere me vener og å lese." Det skulle dekke det meste, tenkte eg. Men nysgjerrig og vitelysten som spørjaren var, ville han framleis at eg skulle fortelje meir om meg sjølv. Kva liker du å halde på med på fritida? Kven er du eigentleg?

Spørsmålet fekk meg til å tenke. Kven er eg eigentleg? Kva er det som har gjort til at eg er den eg er? Kvifor er eg? Eksistensielle spørsmål... Har du eit svar, er du velkommen til å dele det med meg! Eg vil prøve å finne meir ut av dette i løpet av året mitt på BiG, og forhåpentlegvis bli ein meir reflektert person, betre rusta til å møte menneske og utfordringar av ulike slag.

Vidare, vidare!

Jepp! No har det gått treigt med oppdateringar her inne... Det vil eg prøve å gjere noko med! Grunnen til at det har vore så lite aktivitet her i det siste, er at det i sommar har skjedd så utruleg mykje forskjellig, som fortener MYKJE spalteplass! Og problemet er at eg ikkje har orka, eller hatt tid, til å sette meg ned å skrive om alt eg har opplevd. Difor vil eg no berre kjapt føre deg inn i kva eg har vore med på i sommar, i kronologisk rekkefølge, og så kan det hende at eg utdjupar enkelte av episodane seinare:)

Som eg har skrive om tidlegare:
1. Forsinka bursdagsfeiring 22. juni
2. Vamp-konsert på Kyrkjebakken i Askvoll 22. juni
3. Tur til England, saman med resten av Førde Skulemusikkorps, 24. juni - 1. juli

Deretter, som eg ikkje har skrive om (enno):
4. Skjærgårds Music & Mission Festival, reiste 2. juli, medan sjølve festivalen var 3.-9. juli
5. Landsmøtet i Acta på Bibelskulen i Grimstad 9. juli
6. Barnas Generalforsamling for Normisjon, eg var med som "leiar" 10.-11. juli
7. Tenleir på Fjordly 12.-16. juli

8. UL på Askøy 25.-29. juli

9. Seinsommarfestival på Stad 3.-6. august

10. Storsommarleir på Fjordly 10.-13. august

11. På besøk hos Ragnhild på Solheim 17.-18. august

12. Fekk besøk av Ragnhild på Kråkenes 19.-20. august


Der du finn eit mellomrom har eg vore heime, i lengre eller kortare tid. Elles har eg no begynt på BiG, Bibelskolen i Grimstad, ein av Normisjon sine bibelskular, etter at eg flytta ned hit på internat 2 den 26. august. Vil ganske snart komme tilbake til korleis eg har det her:)

8. august 2006

Englandsturen


Turen til England var verkeleg ei fin oppleving, sjølv om det til tider vart litt travelt. Oppmøte hadde blitt sett til kl. 10.00 laurdag 24. juni, og då dagen kom møtte det meg mange til dels trøtte, men òg spente og oppspilte ansikt, då eg kom til Firda Billag, med ny koffert full av nødvendig pikkpakk. 11.07 var bussen endeleg klar for start, og vi forlot Førde med kurs for ei veke speling og moro i Scarborough, to timar sør for Newcastle.

Etter nokre timar i buss kom vi til Bergen, der det var innsjekking i båten 15.30. Denne delen av reisa vart prega av mykje venting, men desto større var då jubelen då vi endeleg hadde komme oss om bord i båten. 17.30 var det avreise frå Bergen, og vi kom oss ut på dekk og såg på utsikta:) Etterpå vart det servert taco om bord; ei heller laber oppleving, men det gjekk no ned...

Jada.. Båtturen gjekk greitt. Vi fekk tida til å gå med kortspel, vandring rundt på båten og snakk, i tillegg til handling i taxfreebutikken:) Etter ei god natts søvn, var det frukost frå 8 og framover til 11. Eg sov på rom i lag med to venninner, Ingvild og Mari, og vi bestemte oss for å komme oss tidleg til frukostbordet, noko som førte til at vi eigentleg fekk for lite søvn den natta... Men før vi kunne entre frukostrestauranten, måtte vi få tak i matbillettane våre. Det var enklare sagt enn gjort, for vi visste ikkje kvar leiaren som hadde matbillettane sov.. Men etter eit par trøtte, og lett irriterte, ansikt, fann vi endeleg rett person, og kunne gå og nyte ein lekker frukost, med både varmt, kaldt og frukt:)

Rundt 18 nådde vi Newcastle, og etter å ha stått på eit bildekk der det var lavt under taket i omtrent ein halv time (nokon hadde assosiasjonar til gasskammera i konsentrasjonsleirane under 2. verdskrig), kunne vi omsider gå ut i lyset att og sette oss på bussen, som skulle ta oss nedover til Scarborough. Veret som møtte oss, var regn og skodde, men så lenge vi var inne i bussen, var jo ikkje det noko særleg stort problem. Utsikta vart så klart litt redusert, men det skulle bli nok tid seinare til å nyte synet av engelske moar.

I Scarborough sjekka vi inn på hotella vi skulle sove på, og fekk oss middag, før vi brukte resten av kvelden til å slappe av på, etter ei lang reise. Korpset fylte to hotell, og likevel var det tre personar som ikkje fekk plass. Det enda med at eg, Ingvild og Mari fekk bu åleine på eit tredje hotell, noko vi var særs godt nøgd med:) Hotellet vårt, Esplanade Gardens Hotel, låg i same strøk som dei to andre, og vi åt middag saman med eine halvdelen av korpset, på Adene Hotel. Esplanade Gardens Hotel ”didn’t do dinner”, men vart drive av dottera til dei som driv Adene Hotel, så difor fekk vi middag der.

Etter ei god natt med deilige senger, fekk vi servert English Breakfast halv ni. Vi leverte søndag kveld inn bestilling på kva vi ville ha til frukost, og eg bestilte eggerøre, bacon, vegetarpølse og toast. Det viste seg å smake godt, men eg må seie at størrelsen på baconleivane var meir enn kva eg hadde venta meg:) Klokka 10 var vi ferdige til å utforske byen, og møtte guiden og resten av korpset utanfor Derwent Hotel, hotellet eg, Ingvild og Mari hadde minst å gjere med i løpet av turen, men som omtrent halvparten av korpset overnatta på. Vi spaserte gjennom byen, og fekk mellom anna sjå plassen der vi skulle spele dagen etter. Guiden fortalte mykje spennande og interessant om byen, til dømes korleis byen har fått namnet sitt: Ein viking med namnet Skardi busette seg i området der byen i dag ligg, saman med folka sine, og plassen vart etter kvart kalla Skardi’s Borough (”borough” er eit engelsk ord for ”by”), seinare forenkla til Scarborough. Ho tok oss óg med på besøk til Scarborough Castle, landemerket for byen. Borga er eit stort område grøntareal, innanfor høge, gamle og til dels særs slitne murar, med mange ruinar og eitt hus med kafè og toalett. I nærleiken av ruinen som er blitt sjølve symbolet på Scarborough, er brønnen i borga. Guiden vår arrangerte gjettekonkurranse over kor djup den var. Då vi slapp ned steinar, kunne vi måle omtrent tre sekund, før vi høyrte lyden av steinen i botnen. Eg vann gjettekonkurransen med eit forslag på 43 meter; riktig svar var 46! Så no er eg stolt eigar av ein pin med bilete av hovudruinen på borga:)

Då vi var leie Scarborough Castle, gjekk vi i samla flokk tilbake til gågata vi hadde gått gjennom tidlegare på dagen. Der fekk vi oss lunsj på anten Pizza Hut eller McDonalds. Eg og romvenninnene mine valde Pizza Hut, og vart ikkje skuffa. Pizzaen, pastaen og salaten vi fekk servert der var god! Etterpå hadde vi fri til å gjere det vi ville. Eg følte for å gå tilbake til hotellet ein tur, og fekk med meg Ingvild og Mari. Men etter ei stund i ro, gjekk vi på byen igjen og fann oss eit postkontor der vi fekk kjøpt kort og skrive heim. Vi drog óg ein tur innom ein konfektbutikk, der eg kjøpte meg Turkish Delight, slike Edmund et i Narnia-filmen. Syntest det høyrdest så spanande ut at eg måtte prøve:) Men eg vart ikkje overbegeistra for sorten.. Så gjekk vi tilbake att til middag. Vi fekk servert ei blanding av kylling og sopp i noko som likna tjukk kvit saus, innbakt i butterdeig (den store bollen du kan sjå på biletet), i lag med pommes frites og erter. Eg likte det, men mange av dei andre syntest ikkje noko særleg om denne retten. Den kunne kanskje vore meir fristande om auga hadde likt den betre... Etter middagen var det fleire som nytta kvelden på den flotte stranda litt nedanfor hotellet, medan eg bestemte meg for å ta ein roleg kveld på hotellrommet, med te og Agatha Christie’s miss Marple på fjernsynet:)

Tysdagen var den store speledagen. Klokka 10, etter god engelsk frukost, denne gong óg med hermetiserte tomatar, møtte alle opp i uniformer utanfor Derwent Hotel, og vi fekk sjå dei nye hattane til drilljentene:) Vi gjekk så til Brunswick Pavilion i gågata, der vi spelte i ein knapp time frå ca. 11. Klokka 14 møtte vi guiden att, som tok oss vidare til kaia der ei parade vi skulle vere med å spele i, gjekk frå. Mellom desse to speleoppdraga fekk vi gå litt i butikkar, samt besøke Pizza Hut endå ein gong:) Etter paraden og ei heller flau avslutning (alle korpsa i paraden skulle spele fellesnummer, noko som ikkje var avtalt på førehand, og i tillegg stod personen som skulle dirigere korpsa på ein ueigna plass, slik at det ikkje var mogleg for alle å sjå ho), gjekk vi tilbake til hotellet og kvilte litt, før vi spaserte ned att i byen og såg i litt fleire butikkar, samt besøkte ein nettkafè. Besøket på nettkafèen gjorde at eg vart for sein til middagen, men ein snill vert hadde likevel middagen klar då eg kom:) Etter middag stasa mange seg opp for det planlagde diskoteket, arrangert av turoperatøren, men etter det eg forstod var det mange som bestemte seg for å gjere noko anna enn å vere der. Var innom diskoteket ein tur eg óg, og kan godt forstå dei. Eg, Ingvild og Mari, som heldt mykje i lag på turen, noko ein merksam lesar nok har forstått, gjekk difor og såg i butikkvindauge og gjekk i butikkane som var opne og leika oss litt på sanden resten av kvelden.

Frå spelinga på Brunswick Pavilion

På onsdagen fekk vi ikkje English Breakfast, men Continental Breakfast. Den er omtrent lik den vi har i Noreg. Vanleg skive med pålegg på. Så no veit de forskjellen:) Klokka ni var det avreise til den gamle engelske hovudstaden York, der vi gjekk i butikkar, fekk oss mat på Pizza Hut, såg York Minster, spelte og besøkte Jorvik Viking Center. I 17-tida reiste vi attende til hotellet, med litt meir dill enn då vi kom.

Oversikt over York Minster og litt av resten av byen York

Torsdagen var den desidert mest hektiske dagen i løpet av opphaldet i England. Vi reiste frå hotella i ni-tida, og køyrde i buss over North York Moors til Robin Hood’s Bay, ein liten landsby med svært tronge gater, som tidlegare var eit viktig ledd i den omfattande smuglinga som gjekk føre seg i byen. Guiden vi hadde med oss fortalte oss óg om John Wesley, som ein gong talte på torget i den lille byen. Den mannen hadde omtrent like mykje å seie i England, som Hans Nielsen Hauge hadde å seie i Noreg, og var grunnleggaren av det tredje største kyrkjesamfunnet i England i dag; Metodistsamfunnet.

Vidare køyrde bussen oss til Whitby, der vi fekk marsjert og spelt litt for ivrige tilhøyrarar, før vi brukte resten av tida der til for det meste til å sjå i souvenirbutikkar, som fanst langs elva i byen. Snart måtte vi kave oss inn i den varme bussen att, og sette kursen mot landsbyen Goathland, eller for oss meir kjend som ”Aidensfield” frå tv-serien ”Med hjartet på rette staden” på NRK. Der fekk vi kun eit kort, lite stopp, før vi reiste vidare til fornøyelsesparken Flamingoland.

Flamingoland var ein stor park, og likna litt på Tusenfryd. Men i tillegg til x tal berg- og dal-baner, ein Japp Spaceshot-liknande sak, ei tømmerrenne og andre karusellar og boder, var her ein heil del dyr. Eg fekk med meg Ingvild og ein annan kamerat, Anders, med på den tidlegare nemnde Japp Spaceshot-liknande saken. Det var kjempekult!!! Det kitla i magen:) Trur den var litt høgare enn Jappen i Tusenfryd. Vidare gjekk vi rundt og såg på løver, skilpadder, sjiraffar, nashorn, fuglar, ein sibirsk tiger, ei gaupe, fiskar og ikkje minst: vi fekk med oss eit forrykande sjøløve-show! Utruleg stilig!

Viser litt kva Ingvild og Anders meinte om turen opp i lufta:)

Frå sjøløveshowet. Dette var den største:)

Vi kunne nok brukt mykje meir tid i Flamingoland, men kl. 17 var det på tide å vende nasa mot hotellet att. Der åt vi middag, før gjekk ned på stranda og naut siste kvelden i England.

Så tidleg som kl. 7.30 fredags morgon var det tid for frukost. Ein time seinare sjekka vi ut og reiste med bussen til Newcastle, der vi venta ei god stund før vi fekk kome ombord i skipet som skulle ta oss tilbake til Noreg. Vi fekk altså god tid til å kvitte oss med dei siste punda i kiosken på terminalen der, og til å ete opp restane av snopet reiseleiarane våre hadde kjøpt til avslutninga på sanden kvelden før:)

Deretter var det berre båt og buss att, før vi 20.04 laurdag kveld kunne seie takk og farvel til reisefølgjet, etter ei god veke i flotte, engelske omgivnader og med mange fine opplevingar ferske i minnet.

Her er Scarborough, med Scarborough Castle i bakgrunnen. Hotellet eg, Ingvild og Mari låg på, ligg, etter det eg trur, innanfor den store sirkelen. Adene Hotel, der vi åt middag, er merka av med eit kryss. Derwent Hotel er merka med ein firkant.

22. juli 2006

Resten av skuleåret, mitt liv før Englandsturen :D

No er det så lenge sidan eg har lagt ut noko på denne sida at det er til å skjemst over… Over ein månad har gått… Men no er eg her att, og vil oppdatere deg litt, så hald deg fast!

Søndag 11. juni skreiv eg her sist, og eg kan hugse den dagen om eg rotar langt bak i hukommelsen. Men alt som har skjedd i mellomtida, er vanskelegare å hugse alt av. Men eit lite overblikk er det jo mogleg å gi, skulle ein tru.

Til høgre kan du forresten sjå katten vår, Felina, som ligg på trappa vår på måndagen.

Så vidt eg hugsar hadde vi mykje fri frå skulen i veka etter den omtalte søndagen, noko som i og for seg ikkje var så rart i og med at det einaste som stod att i skuleruta var munnleg eksamen. Men det skjer mykje i livet utanom skulen òg. Tysdagen den 13. var eg på regionskontoret til Normisjon og Acta på Sandane på Acta-styremøte. Ein kjekk gjeng dette Acta-styret altså! Applaus til dykk!!! Er blitt glad i dykk og synest det er leitt at eg må forlate dykk til neste år… Men ”life must go on, you know”…

Jada.. På onsdagen var det samspel med resten av fløyteelevane til Jan, ei øving til avslutningskonserten i veka etterpå. Synest forresten å hugse at eg var på skulen den dagen… Trur det var berre måndagen og tysdagen vi hadde fri.

Det vil altså seie at eg var på skulen på torsdagen.. eller var eg det? Nei, ikkje på dagen.. men den kvelden var det avslutningsfest for tredjeklassingane ved Hafstad VGS. Ein kjekk og minnerik kveld, med mange gode og mindre gode talar..

Fredagen kom, og mange elevar var spente denne dagen. Tida var inne for å få vite kva ein skulle opp i til munnleg eksamen. Alle møtte opp kl. 09.00, og fekk anten beskjed om kva dei skulle opp i på måndagen, eller beskjed om at dei ikkje fekk vite kva dei skulle opp i før på måndagen (noko som var tilfellet for meg) eller så fekk dei ikkje melding om nokon ting som helst, noko som betydde at dei ville komme til å få vite kva dei skulle opp i til munnleg eksamen på tysdagen kl. 15.00 same dag. (Tok du den?)
I alle tilfelle: Eg vart no i Førde den dagen, og fekk sortert ut kva eg iallfall ikkje kom til å komme opp i. Kl. 16.45 på ettermiddagen var det oppmøte utanfor Førde Barneskule, for korpset. Då skulle vi på avslutning saman med skulekorpset på Skei. Ein gammal buss frakta oss dit, og der hadde vi først ein times øving og deretter ein liten konsert for frammøtte. Etterpå fekk vi servert grillmat. Til dessert kjøpte eg og ein gjeng andre oss is, og eg og ei av klarinettspelarane, Ingvild, spaserte ein tur bort i den nye rundkøyringa på Skei og studerte den:)

Då eg fann ut at eg ikkje fekk vite noko meir om kva eg skulle opp i til munnleg eksamen før på måndagen, bestemte eg meg for å seie ja til ein førespurnad eg før hadde fått frå Sunnfjord Folkehøgskule, om å spele på ei avslutning på ei vekes opplegg dei hadde arrangert for personar med talevanskar etter slag og liknande. *Lang setning, ja* Difor gjekk laurdagen med til å øve til det, i tillegg til litt matematikklesing, i og med at det var det faget eg trudde mest på at eg kom til å komme opp i.

Spelinga på søndagen gjekk rimeleg greitt. Og på måndagen fekk eg meldinga: Solveig skal opp i matte. Jaja… Det er jo berre å avsløre med ein gong; det var ikkje det eg først kunne tenkt meg å komme opp i… Men etter å ha sete og høyrt på mattelæraren ei stund, tok eg til med lesinga, og leste og leste. Onsdagen kom, og eg var ikkje særleg høg i hatten.. Eg var først ut, og på ein måte var det jo greitt å få frå seg. Eg fekk ikkje det verste emnet: fekk om vektorar i rommet og derivasjon og integrasjon av trigonometriske funksjonar. Synest for så vidt det gjekk rimeleg greitt, og enda med karakteren 4, noko som var heilt greitt, i og med at det er same karakteren eg har i matte standpunkt.

Men den onsdagen var slett ikkje over der. Nei, for den dagen hadde det blitt bestemt at det skulle køyrast to ekstra framsyningar av cabareten eg snakka om i førre innlegg, ei klokka 19 og den andre klokka 21. Og ikkje nok med det: Den dagen skulle eg òg spele min siste avslutningskonsert på kulturskulen. Den skulle starte kl. 18, og slike konsertar bruker å vare i omtrent ein time, noko som betydde at eg hadde omtrent null tid til å pakke saman, gå frå kulturskulen til meierigarasjen der cabareten skulle visast fram, sminke meg og vere klar til framsyning. *Puh, blir oppkava berre eg tenker på det…* Vi skulle òg møte opp i god tid før konserten på kulturskulen, for å øve litt.
Men det heile gjekk bra. Eg fekk øvd, gjennomførte konserten med glans (spelte med på mange nummer i lag med andre, og på dei fleste stykka gjorde vi det betre enn nokon gong før) og rakk akkurat å hive på meg litt sminke før eg entra scena i meierigarasjen. (Oj, no høyrdest det kanskje ut som om eg hadde ei svær rolle eller noko, men eg spelte der òg, saman med ensemblet eg er med i (sjå siste innlegg).) Omtrent 22 var eg ferdig den kvelden, og då var det godt å komme heim att:)

Men torsdagen var det berre å stå opp og sette i gong med nye gjeremål:) Den dagen hadde eg nemlig invitert klassevenninnene mine på besøk til særs forseinka bursdagsfeiring. Det vart ei fin stund i lag, med konsumering av taco og speling av ”Kortskalle”. De er ein kjekk gjeng!! Takk for ei fin stund:)

Etter selskapet vart eg med Lene og Henriette til Askvoll. Der skulle det nemlig vere konsert med Vamp den kvelden, noko vi ikkje ville gå glipp av:) Lene sin familie har eit hus i Askvoll der dei ferierer innimellom, så der fekk vi husly og mykje god mat og snop:D Vi overvar ein flott konsert, kjøpte cd og gjekk så rundt i Askvoll og prata og naut kvelden.

Etter ei kort natt med god søvn, reiste eg og Henriette heim att med bussen, medan Lene vart att med foreldra sine og skulle vere i Askvoll ei stund til. Då eg kom heim, var det rett på rommet og pakke, for på laurdagen var det avreise for Førde Skulemusikkorps til England!!!

Det vil eg komme tilbake til i neste innlegg:)

11. juni 2006

Sol, sommar og temperaturar mellom 20 og 30°C

Ja, livet er herleg! I alle fall når ein kan tenke på at ein har så godt som ferie, og ikkje skal på skulen att før onsdag! Og når sola skin og ein er i godt selskap, ja, då er livet fint:)

Det har allereie gått over ei veke sidan sist eg skreiv noko til dykk ute i den store vide verda. Men det har ikkje akkurat skjedd noko banebrytande denne veka... Sjølv om det nok har vore nokre hendingar viktigare enn andre.

For det første kan eg jo ta opp tråden frå forrige post og fortelje at "Den blå grotte" verkeleg er ei bra bok! Kjekt med slike bøker som held spenninga oppe. Litt annleis er det med "Maya" av Jostein Gaarder, som eg no held på med. Den boka er litt for filosofisk etter mi meining, og blir rett og slett litt for tung. Men Gaarder har skrive andre bøker som er betre; som til dømes "Kabalmysteriet" og "Appelsinpiken". Den sistnemnde er nyast, og den boka eg trur eg har likt best av dei bøkene eg har lest av denne forfattaren.

Den siste veka har eg brukt mykje av fritida mi på å øve til ein cabaret eg var med å framføre på fredag. Eg var med som ein del av ensemblet eg er med i, og vi gjekk som "blåsarane" i cabaretgjengen. Cabareten i seg sjølv vart vel ein suksess, men mykje av det som vart ytra der er mot mine meiningar om saker og ting. Difor var det med delt hjarte eg var med, noko som ikkje er så bra... Men no er vi ferdige, og musikken vi leverte var no iallfall flott:)

Rommet mitt er framleis ikkje så veldig mykje betre.. Men eg har fri i morgon, tysdag og torsdag, så då må det bli dreis på sakene..

Skulen har vore så som så i det siste. Vi hadde sjølvsagt fri måndagen, 2. pinsedag, men òg tysdagen. Då hadde lærarane karaktermøte.. Onsdagen var det fotballturnering. I klassen vår hadde vi sett opp eitt jentelag og eitt gutelag. Ein del av gutane er sportsfrikar, men vi jentene er mindre opptatt av fotball. Nokre av jentene er sjølvsagt betre enn dei andre, men vi reknar ikkje oss sjølve som dei store fotballtalenta akkurat, og har innstilling deretter. Det viktigaste for oss er ikkje å vinne, men å delta med godt humør:) Difor vart vi særs positivt overraska etter dei innleiiande rundene i turneringa, då vi oppdaga at laget vårt var det einaste laget som laga mål i vår pulje. Dermed kom vi vidare!!! Stemninga la seg litt då vi oppdaga kven vi skulle spele kvartfinale mot: jentene i 3D. Dei tok nemleg konkurransen svært, og då meiner eg SVÆRT, alvorleg, og dei er rekna for å vere rimeleg gode i fotball (og dei veit det sjølv). Men vi fann ingen grunn til å gi opp, neida, vi fann ut at no spelte vi ikkje for å vinne, men for å hindre dei i å vinne... Og vi gav dei faktisk konkurranse:D Kampen enda 0-0, noko vi helst ikkje ville, for då måtte den nemleg avgjerast med straffekonkurranse... Men den vart spanande! Når 3D hadde ei straffe att, var stillinga 2-2... men dei laga mål og stillinga vart slik 3-2 til dei. Dei fortente å vinne, men det var moro å gi dei motstand på vegen:)

På torsdag og fredag gjekk undervisninga som vanleg, eller det vil seie så vanleg som den kan bli etter at skriftleg eksamen er over. (Det inneber at ein del timar blir kortare enn kva dei ville vore før..) Det kjennest eigentleg som at ein for det meste kastar vekk tid på skulen. Men noko vetig gjer vi jo òg... Spelte brentball i gym til dømes. Det var kjekt:) Brentball og kanonball og volleyball er dei ballspela eg likar best trur eg:) Badminton er heller ikkje å forakte, når eg tenkjer meg om..

Som sagt i byrjinga er veret fenomenalt for tida! I går var eg heime og kosa meg og slappa av. I dag har eg vore i lag med ensemblet i 70-årsdagen til tanta til mora til trommisen i gruppa. Vi vart spurt om å komme og spele der, og det bestemte vi oss for å takke ja til. Det vart ein flott dag på ein plass kalla Gryta, like før Vevring om ein køyrer frå Naustdal. Vi spelte for dei som var samla, og fekk servert rømmegraut med mykje godt spekekjøt attåt, i tillegg til kaker, innimellom. Kjekt:)

3. juni 2006

Ferdig med skriftlege eksamenar!!!

No er eg ferdig med alle skriftlege eksamenar, og det kjennest HERLEG!!! Gliset i ansiktet i speilet på doen etterpå var ganske prislaust:D Det er altså berre munnleg eksamen att, og så kjem sommarferien med liv og latter. Gler meg slik!!! Kan nesten ikkje vente!!!

Etter ein vel unnagjort kjemieksamen i dag (trur det gjekk rimeleg greitt.. fekk ikkje svart på absolutt alt, men er likevel ganske nøgd og har ei god magekjensle;)), gjekk eg på biblioteket og lånte meg ei bok. Ei bok eg har lest før og då likte veldig godt: "Den blå grotte" av Roar Skolmen. Gler meg til å lese den att, og er spent på om eg liker den like godt som sist:)

Elles har eg store planer om å rydde rommet mitt i næraste framtid, helst i løpet av helga. Om to veker omtrent får vi ein mann på besøk som skal kontrollere den elektriske installasjonen i huset vårt. Då treng han å kunne komme til over alt kvar det er leidningar, ergo må eg rydde rommet mitt. Det skal eigentleg bli greitt å få det litt finare her;)

Ei god helg ønskast alle som les dette:)

31. mai 2006

Halvvegs med eksamenar

Jah, no er eg ferdig med norskeksamenane mine, etter fagdag i hovudmål måndag og ressurshefte i sidemål i dag. Drøfta påstanden "tenåringene mangler ikke forståelse, men grenser." Utruleg interessant altså... MEN: Eg har skrive den siste norskstilen på laaang tid, og det er det grunn til å juble for! JIPPI!!!

Og så var det berre å sette seg ned og skrive notat til kjemieksamen fredag...

29. mai 2006

Berre tre eksamenar att!


Jepp, no er eg ferdig med norsk fagdag. Eg skreiv om "Prindsessen paa Ærten".. Skulle tolke eventyret, vurdere om dette eventyret skil seg frå tradisjonelle folkeeventyr og svare på kva dette eventyret har å seie for lesarar i dag. Er spent på korleis det gjekk... Det får eg vite 27. juni.. eller iallfall 1.juli, når eg kjem tilbake etter korpsturen til England:)

Det er forresten lenge sidan eg har vore her inne no... to veker omtrent.. og derimellom har det vore 17. mai, vennekveld, ekstra prøve i fysikk, Kristi himmelfartsdag og mange øvingar til cabareten eg skal vere med å spele på den 9. juni.

17. mai var ein travel dag, slik den alltid er for korpsmusikantar.. Eg fekk overnatte hos nokre vener natt til den store dagen fordi det vart arrangert russefrukost på skulen kl. 7, som eg gjerne ville ha med meg. Det var kjekt, både med overnatting og russefrukost;) Lærarane våre diska opp med kakao, kaffi, juice, mjølk og vatn, melon, banan og mange egg, mykje godt pålegg og brødmat. Dei hadde til og med Nugatti Crisp!!! Fantastisk:D Etter frukosten gjekk nokre russ, derimellom meg, over gangbrua til utstillingsplassen der 16.mai-festen hadde vore. Der vart det ein del opprydding før eg gjekk vidare til Helsetunet, alders- og sjukeheimen i Førde, og var med korpset og såg på speidarane heise flagget, samt spelte nokre nasjonalsongar og marsjar. Etterpå marsjerte vi opp til kyrkja og spelte der, før vi gjekk ned til barneskulen og venta der til vi skulle til stadion. Etter ei stund stilte vi opp og marsjerte til stadion. Der samla det seg etter kvart mykje folk, og i 11-tida var det avmarsj. Korpset gjekk i år som åra før ganske langt framme i toget. Dei einaste som var føre oss var den nyoppussa gamle brannbilen i Førde, lensmannen, 17. mai-nemnda, talaren for dagen, Sylfest Lomheim, ordføraren og flaggborga. Like kjekt kvar gong;D Etter toget fekk korpsmedlemene servert pizza, sponsa av kommunen inne på Førdehuset. Men vegen dit vart lang for ein russ, og før eg kom til bords var russekorta vekk:) Med unntak av nokre som eg la av til vener og kjende som enno ikkje har fått. Er du ein av dei er det berre å gi eit pip, så har eg kanskje eitt til deg;) Etter god pizza og brus var det oppstilling og avmarsj til Førde Barneskule der vi spelte ein del. Til løn fekk vi is, noko som passa oss bra:) Frå og med spelinga på barneskulen var det eg som tok det musikalske ansvaret, for dirigenten vår, som er gravid og har termin i slutten av juni, vart sliten og reiste difor heim etter folketoget. Men det var no greitt det:) Det var nok ein del som fekk seg ei overrasking då dei såg ein blåruss stå og vifte som ein gal framfor eit korps som spelte "Ja, vi elsker":D Frå barneskulen reiste vi vidare til Solheimsdalen og marsjerte og spelte der, før vi fekk oss ein matbit i lønning og reiste til Halbrend skule, der vi hadde vårt siste speleoppdrag for dagen...

Mitt siste speleoppdrag var det forresten ikkje den dagen. Nei, eg for min del reiste heim saman med familien, skifta til bunad (faktisk ganske deilig å få av seg russedressen) og reiste inn att til Kyrkjetunet i Førde. Der spelte eg saman med organisten i Førde Kyrkje, Gro Anthun, for ein fullsett sal med festdeltakarar, og fekk mange gode ord i etterkant. Kjekt å spele for folk som set pris på det ein gjer!


Bilete frå 17. mai:

Nokre medruss hadde ytra si meining om gangbrua:D


Nokre av brannbefalet i Førde hadde pussa støvet av Førde sin eldste brannbil, og køyrde framfor folketoget.


Her er Marte som på 17. mai spelte piccolofløyte som ein av to. Eg var den andre:)


Medruss brukte krefter på å skubbe brannbilen som dei syntes køyrde for sakte..


Helga etter 17. mai var helga før eg skulle ha ekstra prøve i fysikk. Den helga var mamma og pappa bortreist til konfirmasjon i Underdal, så vi ungane måtte vere heime og passe hus og fjøs. Per Kristian tok seg av fjøsen, medan eg for det meste tok ansvaret for matlaginga. På laurdags kvelden fekk vi besøk av nokre vener og åt pizza saman med dei. Ein kjekk kveld! Men vart sjokkert over resultatet av Euro Vision Contest... men sjølvsagt måtte det bli dei som vann... det er jo trass alt Melodi Grand Prix det er snakk om... ja, ja...

Men sånn elles har det vel eigentleg ikkje skjedd noko særleg spanande og livsendrande i livet mitt:) Det er vel berre å setje i gong å gjere seg ferdig med eksamenane og deretter berre nyte livet. Sommarferien skal vere kjærkomen når den kjem!!! Det er iallfall heilt sikkert!

Ha det godt så lenge alle saman, og er du ein av dei som skal ha eksamen dei næraste dagane har du mi djupaste medkjensle. Lukke til!!!

14. mai 2006

Ei og ei halv veke levd liv

Ja, det er ei stund sidan eg har skrive her no, så tenkte det kanskje var på tide med ei oppdatering:) Eg prøvde på det i sist veke ein gong, men maskina eg brukte var ikkje heilt god; det enda med at heile teksten forsvann i det eg skulle til å lagre den... verkeleg moro, altså... Men, men.. her er eit nytt forsøk:

Torsdag for 1 1/2 veke sidan var dagen etter sist oppdatering. Denne dagen var det vanleg skule, med unntak av russebiletetaking i matpausa. Etter skulen gjekk eg i lag med ei klassevenninne, Henriette, til det nye handelshuset i Førde og kjøpte mat. Ein liten tradisjon vi har: Big Bite (nesten) kvar torsdag:) Nam, nam! Etterpå skjemte vi oss sjølv enno litt meir bort ved å kjøpe ekte italiensk is på Deli Vita. Gjett om det var godt!! Eg kjøpte to kuler, ei med bringebærsmak og ei med smak av lime. Det var rett og slett himmelsk godt!!! Prisen var kanskje stiv nok, men eg vil seie isen var absolutt verdt det!!! Etter ein vedunderleg is var det dags for øving att, først med ensemblet (vi prøvde nye notar: "Bella notte", til framføring under revyen som innleiar sommarfesten i Førde) og med korpset (ja, du gjetta riktig; vi var ute og marsjerte;)). Biletet er frå 17.mai i fjor.

Fredagen var òg vanleg skuledag, men noko var kjekt: Vi hadde stjerneorientering i gym, i det flotte veret!! Sol frå blå himmel! Kan det då bli betre? Vi fekk fri litt før i sjuande time, og då gjekk eg og møtte mamma og pappa, handla litt med dei, åt ein is og så køyrde vi heim. (Bussen går ikkje heim på fredagar.. frykteleg irriterande!!) Heime fekk eg med meg småsøskena mine, John Eivind og Ane Marte (Per Kristian var på Sygna), i tillegg til nabojenta Susanne, ned til sjøen for å ordne bål. Det var ei førebuing til seinare på kvelden, då eg hadde invitert bibelgruppa eg går i ned i fjøra hos oss for å grille og ha det kjekt. Det kom ein del fleire enn dei som til vanleg går i bibelgruppa då, og det vart ein flott kveld!! Sol og grilling til den gjekk ned, og deretter eit feiande flott bål, der vi fekk brent opp ein del rekved. Festen var òg meint som ei lita markering av min eigen 19-årsdag, i tillegg til 18-årsdagen til Marius, ein av dei andre i bibelgruppa. Så eg serverte mamma si heimelaga sjokoladekake, pynta med nonstop (det beste snopet i verda!!), noko som skulle vise seg å bli populært:) Eg fekk òg to gåver: cden til eit av to kretskorps i fylket, Nordfjord Ungdomskorps, og filmen "Saving private Ryan" (18 års aldersgrense(!)). Som sagt: Ein fantastisk kveld!

Laurdagen vart òg ein flott dag, både med tanke på aktivitet og ver. Eg reiste på felles styremøte for ACTA-styret (AS) og regionsstyret i Normisjon (RS), som vart arrangert på Teigen, leirstaden frå min barndom. Eg fekk skyss ut med formannen i AS, Bjørn Tore, og styret sette seg ut i sola og behandla sakene der. Nydeleg altså! Etter at vi var ferdige med AS sin individuelle del, eller rettare sagt avbrutt av matsignalet, åt vi middag, og etterpå samla AS og RS seg og snakka om saker begge partar har felles interesse i. Ei flott stund. Men snart ringte gongongen att, vi gjekk til kjøkkenet og smurde niste, og reiste så i bil til Florø. Der fekk vi ein super tur med båten til Haldor Tonheim; ei omvisning i skjærgarden utanfor Florø, med innlagt fiskepause, soling på dekk og vind i håret:)

Søndagen og måndagen gjekk med til matematikk for det meste, og tysdagen vart kunnskapen sett på prøve. Då var det tentamen i matte.

Etter endt tentamen, vandra eg litt i sentrum og besøkte NLM sitt kontor her i Førde for å avklare litt om ei nattevakt eg skulle ha natt til fredag. Derifrå gjekk eg og vart henta av ein ven av naboen og naboen, før vi køyrde og henta pappa og deretter drog vidare til Sværefjorden. Der besøkte vi eit om lag eitt år gammalt, altså høvesvis nytt, småkraftverk. Det var ikkje så veldig lite heller, og vi fekk sjå på apparaturen, møterommet der, elva og magasinet. Vi fekk ein del idear og innspel til det kraftverket som skal byggast her på Kråkenes.

Onsdagen var vanleg skule att, og etter skulen var det kammergruppe. Men eg måtte gå tidleg derfrå, for korpset skulle spele på 10-årsjubileumsfesten til Dolly Dimples i Førde omtrent kl. 16. Då vi hadde spelt, fekk vi faktisk ete oss mette på Dolly-pizza, og det var kjempegodt!! Men det vart litt trangt om plassen...

Torsdagen var fagdag i norsk. Eg skreiv ein artikkel om eventyr og kva dei hadde/har å seie for folk før og no:) Fin oppgåve:) Etter eg var ferdig drog eg på besøk til nokre vener, eit ungt ektepar eg kjenner, og fekk middag hos dei. Blomkålsuppe:) Så gjekk eg til Sparebanken og spelte saman med korpset der, før vi marsjerte og spelte oss opp til barneskulen, der vi vanlegvis har øvingane våre. Det skal forresten ikkje stikkast under ein stol at vi mellom spelinga ved banken og marsjeringa, fekk ein is kvar i løn av banken for at vi spelte:) Nam, nam:) Då marsjeringa og musikkorpsøvinga var ferdig for kvelden, heldt ensemblet fram med å øve ei lita stund, før det meste gjekk ut i ingenting og eg gjekk til busstasjonen og tok ein buss opp til Skilbrei Ungdomssenter, der eg var brannvakt den natta. Du verda, kor vanskeleg det er å halde seg vaken ei heil natt!! Men det gjekk, ved hjelp av pc og bøker og til dels bråkete overnattingsgjestar (vk1 frå KG i Oslo) :) Og etter å ha hjelpt til med frukosten, i tillegg til å ha fått i meg litt sjølv, tok eg buss til skulen. Eg må seie at det var rimeleg vanskeleg å følgje med i historietimen, men eg fekk jo svart godt på noko då:) I dei neste timane hadde vi gym, der vi spelte brentball. Moro!

Etter skulen sat eg på med pappa heim, og la meg omtrent rett etter heimkomsten:) Då sov eg i omtrent to timar, før eg tok med meg bagasjen eg pakka onsdagen førut og drog på TABU, ein tenleir i NLM sin regi, som denne gongen var på Friborgsneset, ein nydeleg plass litt lenger ute i fjorden enn Kråkenes. Det hadde vi ei flott helg, sjølv om veret var til dels svært skiftande... Vi var inne og spelte spel og ute og leika og ein kar som heitte Asbjørn, lærar ved Fjellheim Bibelskule, heldt andakter til oss. Kjekt:)

Så var det heim att.. og i dag har det vore vanleg skuledag, eller det vil seie så vanleg som den kan bli i desse tider.. vi e rimeleg leie... :) Tok nokre russeknutar i dag då: ete frukost i rundkøyring og halde konsert i sentrum på eit instrument du ikkje kan (grusom lyd!!). Alltid like morsomt å gjere noko sprøtt saman med andre:)

Yes, her var ei og ei halv veke levd liv servert på sølvfat til dei som måtte vere interessert:) Ha ei god veke folkens!!!

3. mai 2006

Fri, fri, fri!!!

Ja, no har eg hatt fri i heile fem dagar!! Fantastisk!! Dette kan eg klare å venne meg til:D Men diverre er ferien over for denne gong... No er det i gong igjen frå i morgon av. Skal ha vanleg skule i morgon og fredag.

Men tilbake til dei flotte dagane eg har lagt bak meg...: Sist eg oppdaterte sida mi, var eg nettopp ferdig med tentamen i kjemi. Den torsdagskvelden var vi for første gong ute og marsjerte med korpset... og typisk nok var det regn akkurat då... og til alle sin store ergrelse letta det sjølvsagt opp igjen og det vart til og med sol då vi var ferdige med økta ute... Men, men.. Det var no greitt å kome igong med den treninga òg. Bortsett frå dei utruleg kalde fingrane vi etter kvart fekk.. og så vart piccolofløyta eg brukte våt av regnet... og det hadde kanskje ikkje gjort noko, om ikkje vassdropane hadde festa seg mellom klaffane og fløyta, slik at lyden vart heilt falsk og omtrent ein halv tone frå der den skulle vere...:D Det hjelpte heldigvis å tørke av den då vi kom inn og så gav fløyta like fin lyd att:)

Fredagen var det vanleg skule... Ganske kjedeleg, men greit nok... Spelte litt fotball i gym, og fekk fri etter å ha gått gjennom løysinga på fysikktentamenen, det vil seie i sjuande time:)

Etter skulen møtte eg resten av familien og Gunn Marit Nymo, ACTA-leiaren i Sogn og Fjordane, utanfor Domus her i Førde. Eg og syskena mine skulle sitte på med ho ut til Teigen, der det var barneleir i helga. Eg og Per Kristian skulle vere leiarar, medan Ane Marte og John Eivind skulle delta. Utanom meg, Gunn Marit og PK var det tre andre leiarar, to på kjøkenet, ein far og 15 barn på leiren (og mellom dei JE og AM). Det vart ein fin leir! Vi vart velsigna med fint ver, og var mykje ute. Herleg! Nokon var til og med så ivrige at dei bada i det iskalde vatnet. Wow, seie no berre eg!!

Så, på måndag, var det bursdagsfeiring på Kråkenes. Eg fylte 19 år, og lillesøstera mi, Ane Marte, fylte 8. Ein flott dag det òg, med sol og godt selskap. Vi fekk besøk av vennar av familien og hadde ei flott stund:)

I går og i dag har eg slappa av og jobba litt med matematikk. Det er den som står for tur no, og tysdag er det tentamen.

Det var ei lita oppdatering frå mi side, og så får de ha det fint framover!!

27. april 2006

Tentamenstid

Jepp, så var våren her:) Veret er skiftande utanfor vindauget, men snøen har i alle fall sluppe taket, og snøklokkene og krokusane, hestehovane og ein og annan blåveis har titta fram frå skjulet nede i den djupe, mørke jorda. Russen har sluppe seg laus, og linerla har komme tilbake til det kalde nord frå heller varmare strøk. Ja, alt som minner om vår er her, til og med tentamenane... og det er her eg stoppar opp litt og tenker: "Er det verkeleg naudsynt å måtte øydelegge alt på denne måten?" Ja, ja... Eg er no nettopp faktisk ferdig med 3/5 av tentamensdosen min. Eg hadde ressursheftedag i sidemål onsdag etter påske (omtala ein annan plass på sida;)), tentamen i fysikk på tysdag og i dag stod kjemien for tur. Det som no står att er matematikk 9. mai og ein fagdag i hovudmål torsdagen etter. Deretter er det berre tre skriftlege og ein munnleg eksamen att, så er eg FERDIG på Hafstad vidaregåande skule!!! Det skal bli flott:D

I helga som var, var eg laurdag til søndag oppe på Fjordly. For dei som ikkje veit det: Ein flott leirstad i Nordfjord i nærleiken av Bryggja. Her hadde ACTAevangelistane samling, og tru det eller ei: Eg er ein av dei:) Helga var ei iallfall førebels avslutning på ein serie rettleiingsgruppesamlingar vi har hatt. Vi fekk undervisning om nådegåver (dei grøne, raude og blå, veit du;)) og brukte ei stund på å be for kvarandre. Mange i gruppa gjorde òg dugnadsarbeid på leirstaden med eit flott resultat (eg skal ikkje skryte på meg å vere ein av dei:)). Og så hadde vi det kjekt og sosialt i lag samstundes. Ei flott helg!!

21. april 2006

Aweee! Eg er blitt russ:)

Ja, og så var tida inne. I går var det russeslepp, og uniforma er klargjort og påført:) Vart ganske fin til slutt:) Eg har til og med utført min første russeknute, i det eg bada i elva etter gymmen. Knuten var å bade før 1. mai, og for det får eg ein ispinne i russelua:) Moro:)

Må jo seie det at eg ikkje er så veldig tilhengar av dette festehysteriet rundt russefeiringa. Synest det må vere vel så kjekt å finne på sprøe ting i edru tilstand! Så det er det eg har tenkt å gjere, og innan rimelege grenser sjølvsagt. Har ikkje tenkt å gjere skade på meg heller, og når ein tek i augesyn alt det andre eg er nøydd til å bruke tida mi på i russetida, så er det nok forståeleg at russefeiringa mi ikkje kjem til å vere den mest prioriterte saka... Satsar heller på å feire når eg er ferdig med eksamen og sommarferien er i full gang. Det er då festen begynner.

Inntil den tid, må eg nok slite og streve for å komme gjennom resten av skuleåret. I går hadde eg prøve i historie, noko som heldigvis gjekk betre enn forventa. I dei to siste timane i går og dei to første timane i dag, såg vi i norsk eit teaterstykke, Semmelweiz, av Jens Bjørneboe. Stykket var ein del av pensum, men likevel ganske interessant. Det kan i alle fall ikkje skuldast for å vere kjedeleg... Det handla om dokteren Semmelweiz som på 1800-talet fann ut at grunnen til at så mange kvinner døde av barselfeber, var at studentane som behandla dei ikkje vaska hendene sine mellom obduksjonsrommet og fødestova, og på den måten førte smitte med seg. Denne mannen hadde ein voldsom kamp mot medisinske professorar som påstod det ikkje var sanning i påstandane hans, sjølv om alt peika mot at Semmelweiz hadde rett og alle andre feil. Eit til dels voldsomt stykke... og slett ikkje kjedeleg.

Elles starta vi å øve på marsjar på korpsøvinga i går. 17. mai er ikkje lenger unna enn at vi treng tida til marsj- og marsjeringsøving. Så neste torsdag skal vi ut å gå:)

Ja, du verda, tida går...

19. april 2006

Skrivedag

I dag hadde vi skrivedag i sidemål, for min del bokmål, på skulen. Vi hadde på førehand fått utlevert eit ressurshefte vi skulle lese gjennom. Det handla for det meste om globalisering, og bar tittelen "En verden". Særs interessant lesning... i alle fall delvis:) Oppgåva eg valde i dag gjekk ut på å vurdere denne påstanden: "Masseturismen og ryggsekkturismen er en industri som i likhet med sexindustrien stadig overskrider grenser og blir skitnere." Vel, kor spennande denne stilen vart, kan sikkert diskuterast, men eg er no ferdig med den, den vart på nesten 3 1/2 side, og eg er nøgd! Jepp... og etter skulen skal eg mest sannsynleg på kammergruppeøving på Kulturskulen, og i mellomtida får eg prøve å gjere eitt eller anna vettugt...:) Etterpå skal eg heim og halde fram med det eg snart skal begynne med. Kva det blir? Vel, i morgon er det utsett prøve i historie, så det er vel ein idè å sjå litt på det, og på tysdag er det heildagsprøve i fysikk, og det bør eg òg arbeide litt med. Så då er det vel berre å sette igong:)

Ha ein fin dag!!

18. april 2006

Første skuledag etter påske

Yes, då var første skuledag etter påske unnagjort... Vi starta friskt med to timar fysikk, der vi fekk utlevert ikkje mindre enn FEM eksamenssett... Det gjorde oss så oppmuntra og ivrige... eller ikkje.. Ja, ja.. Vi heldt eigentleg berre fram der vi slapp før påskeferien, og eg hang vel sånn greitt med i dei fleste faga, med unntak av mattetimen. Eg har gått glipp av ein del timar der, grunna eit to dagars speleoppdrag og ei utsett prøve. I det siste har ikkje arbeidsinnsatsen min vore på topp... slit litt med dårleg motivasjon, og gledar meg MYKJE til eg er ferdig med dette siste året på Hafstad VGS...

I tillegg til skulen, har eg i dag fått meg ein rask tur heim, til avislesing og middag (veldig god middag, faktisk:) pinnekjøt; restar etter påskedagsmåltidet, så takk til mamma!), før mamma og barna i familien reiste til (-bake for min del) Førde. John Eivind, den yngste broren min på 12 år, skulle på trekkspeløving kl. 17, og kl. 18 var det Tysdagsklubb, ein barneklubb for barn i alderen 2 til 12 år. I dag var det eg som leia oss gjennom den timen Tysdagsklubben varer, og vi kosa oss med filmandakt, synging, leirinformasjon, perling, innebandy og til slutt gode kaker og bollar Bedehusforeininga hadde laga til til oss i dag. HERLEG!!

Til slutt, det vil seie ca 19.05, var eg på øving på Kulturskulen her i Førde. Spelte nydeleg musikk, først to trioar, av komponistane Quantz og Mozart, saman med læraren min, Jan Tufteland, og ein medelev, Marte, og deretter ein duett, komponert av Kuhlau, saman med Jan (etter at Marte var gått). Vakker musikk! (Iallfall nydeleg komponert! Kor nydeleg musikken er avhenger jo litt av kven det er som spelar... for min del var det mykje nytt i dag, så nokre gonger gjekk det jo litt over stokk og stein.. men, men:))
I morgon er det skrivedag i norsk sidemål. Skal skrive ut frå eit ressurshefte om globalisering... vel, tida vil vise korleis det går.. men eg har friskt mot:) Norsk er vel det faget eg er støast i for tida, trur eg:)

Inntil vidare, folkens: Ha ei flott veke!!

17. april 2006

VELKOMMEN

Hei!

No har du komme til den sida eg etter kvart vil legge ut hendingar i kvardagen min. Du vil kanskje òg få del i nokre av mine tankar kring litt og kvart, og har du kommentarar, så kom med dei:)

Ha ein god dag!