
Turen til England var verkeleg ei fin oppleving, sjølv om det til tider vart litt travelt. Oppmøte hadde blitt sett til kl. 10.00 laurdag 24. juni, og då dagen kom møtte det meg mange til dels trøtte, men òg spente og oppspilte ansikt, då eg kom til Firda Billag, med ny koffert full av nødvendig pikkpakk. 11.07 var bussen endeleg klar for start, og vi forlot Førde med kurs for ei veke speling og moro i Scarborough, to timar sør for Newcastle.

Jada.. Båtturen gjekk greitt. Vi fekk tida til å gå med kortspel, vandring rundt på båten og snakk, i tillegg til handling i taxfreebutikken:) Etter ei god natts søvn, var det frukost frå 8 og framover til 11. Eg sov på rom i lag med to venninner, Ingvild og Mari, og vi bestemte oss for å komme oss tidleg til frukostbordet, noko som førte til at vi eigentleg fekk for lite søvn den natta... Men før vi kunne entre frukostrestauranten, måtte vi få tak i matbillettane våre. Det var enklare sagt enn gjort, for vi visste ikkje kvar leiaren som hadde matbillettane sov.. Men etter eit par trøtte, og lett irriterte, ansikt, fann vi endeleg rett person, og kunne gå og nyte ein lekker frukost, med både varmt, kaldt og frukt:)
Rundt 18 nådde vi Newcastle, og etter å ha stått på eit bildekk der det var lavt under taket i omtrent ein halv time (nokon hadde assosiasjonar til gasskammera i konsentrasjonsleirane under 2. verdskrig), kunne vi omsider gå ut i lyset att og sette oss på bussen, som skulle ta oss nedover til Scarborough. Veret som møtte oss, var regn og skodde, men så lenge vi var inne i bussen, var jo ikkje det noko særleg stort problem. Utsikta vart så klart litt redusert, men det skulle bli nok tid seinare til å nyte synet av engelske moar.

Etter ei god natt med deilige senger, fekk vi servert English Breakfast halv ni. Vi leverte søndag kveld inn bestilling på kva vi ville ha til frukost, og eg bestilte eggerøre, bacon, vegetarpølse og toast. Det viste seg å smake godt, men eg må seie at størrelsen på baconleivane var meir enn kva eg hadde venta meg:) Klokka 10 var vi ferdige til å utforske byen, og møtte guiden og resten av korpset utanfor Derwent Hotel, hotellet eg, Ingvild og Mari hadde minst å gjere med i løpet av turen, men som omtrent halvparten av korpset overnatta på. Vi spaserte gjennom byen, og fekk mellom anna sjå plassen der vi skulle spele dagen etter.

Då vi var leie Scarborough Castle, gjekk vi i samla flokk tilbake til gågata vi hadde gått gjennom tidlegare på dagen. Der fekk vi oss lunsj på anten Pizza Hut eller McDonalds. Eg og romvenninnene mine valde Pizza Hut, og vart ikkje skuffa. Pizzaen, pastaen og salaten vi fekk servert der var god! Etterpå hadde vi fri til å gjere det vi ville. Eg følte for å gå tilbake til hotellet ein tur, og fekk med meg Ingvild og Mari. Men etter ei stund i ro, gjekk vi på byen igjen og fann oss eit postkontor der vi fekk kjøpt kort og skrive heim. Vi drog óg ein tur innom ein konfektbutikk, der eg kjøpte meg Turkish Delight, slike Edmund et i Narnia-filmen. Syntest det høyrdest så spanande ut at eg måtte prøve:) Men eg vart ikkje overbegeistra for sorten.. Så gjekk vi tilbake att til middag.



På onsdagen fekk vi ikkje English Breakfast, men Continental Breakfast. Den er omtrent lik den vi har i Noreg. Vanleg skive med pålegg på. Så no veit de forskjellen:) Klokka ni var det avreise til den gamle engelske hovudstaden York, der vi gjekk i butikkar, fekk oss mat på Pizza Hut, såg York Minster, spelte og besøkte Jorvik Viking Center. I 17-tida reiste vi attende til hotellet, med litt meir dill enn då vi kom.

Torsdagen var den desidert mest hektiske dagen i løpet av opphaldet i England.

Vidare køyrde bussen oss til Whitby, der vi fekk marsjert og spelt litt for ivrige tilhøyrarar, før vi brukte resten av tida der til for det meste til å sjå i souvenirbutikkar, som fanst langs elva i byen.

Flamingoland var ein stor park, og likna litt på Tusenfryd. Men i tillegg til x tal berg- og dal-baner, ein Japp Spaceshot-liknande sak, ei tømmerrenne og andre karusellar og boder, var her ein heil del dyr. Eg fekk med meg Ingvild og ein annan kamerat, Anders, med på den tidlegare nemnde Japp Spaceshot-liknande saken. Det var kjempekult!!! Det kitla i magen:) Trur den var litt høgare enn Jappen i Tusenfryd. Vidare gjekk vi rundt og såg på løver, skilpadder, sjiraffar, nashorn, fuglar, ein sibirsk tiger, ei gaupe, fiskar og ikkje minst: vi fekk med oss eit forrykande sjøløve-show! Utruleg stilig!


Vi kunne nok brukt mykje meir tid i Flamingoland, men kl. 17 var det på tide å vende nasa mot hotellet att. Der åt vi middag, før gjekk ned på stranda og naut siste kvelden i England.
Så tidleg som kl. 7.30 fredags morgon var det tid for frukost. Ein time seinare sjekka vi ut og reiste med bussen til Newcastle, der vi venta ei god stund før vi fekk kome ombord i skipet som skulle ta oss tilbake til Noreg. Vi fekk altså god tid til å kvitte oss med dei siste punda i kiosken på terminalen der, og til å ete opp restane av snopet reiseleiarane våre hadde kjøpt til avslutninga på sanden kvelden før:)
Deretter var det berre båt og buss att, før vi 20.04 laurdag kveld kunne seie takk og farvel til reisefølgjet, etter ei god veke i flotte, engelske omgivnader og med mange fine opplevingar ferske i minnet.
