23. oktober 2009

Tilbake i Antsirabe

med norsk tastatur!!! Fantastisk!

No er vi tilbake på den norske skulen i Antsirabe, som no blir drive som eit gjestehus. Om litt skal vi rundt om her i byen og sjå/oppleve landbruksskulen, døveskulen og blindeskulen som er starta av misjonen her. Det blir spennande!

Veka i Fandriana har vore flott. Vi har vore travlare i høve praksis, og kjenner at barna er begynt å bli varme i trøya. Det er kjekt! Det skal bli kjekt å komme heim til Noreg, men på ein måte har ein lyst å vere lenger her òg, for å sjå meir på utviklinga til elevane.

No er det faktisk berre ei veke att av praksisen i Fandriana. Neste laurdag reiser vi derfrå og på ferie til ein by på vestkysten, Tolear. Det blir fint, sjølv om det hadde vore kjekt og vore lenger i Fandriana òg. Eg er veldig glad for at det er der vi har hatt praksis! Mange kjekke folk, både vaksne og barn!

So long:)

1 kommentar:

  1. D hørres ud så dåkk har d veldigt kjekt og få oppleva masse! D e bra :) Nyd di siste to vegene, så sees me snart.

    SvarSlett