12. november 2009

Tilbake i Noreg; velkomst, sjukdom og skulearbeid

Då er vi vel tilbake i Noreg!

Vi landa på Flesland 15.15 søndag ettermiddag, og opp troppa ikkje berre min kjære John Bjarne, men òg nesten heile min kjære familie; mamma, pappa, Per Kristian og Ane Marte! Det var kjempekjekt og fantastisk koseleg! Dei hadde teke den tre timar lange turen til Bergen i dag for å møte meg på flyplassen. Dei er gull!!!

Etter ein fantastisk kveld på søndag, begynte røynda å gjere seg gjeldande. Den er at det til fredag skal inn to praksisoppgåver (gruppe og individuell), i tillegg til at eg har innlevering av arbeidskrav to i Leiing. Mykje å gjere med andre ord. Då var det ikkje heilt kjærkome med vidare diarè frå turen og ei kraftig forkjøling. Men har vore til legen og fått antibiotikakur for førstnemnte, og forkjølinga gir seg vel om ei stund. I mellomtida har eg mini-Madagaskar på rommet mitt (sjølv om temperaturmålaren stadig viser 21 grader celsius (mon tru om det er noko gale med den...)). Klarer ikkje heilt å ta over meg at eg har det travelt, men får tru det går opp for meg i tide til å få ferdige produkt til innleveringsfristen 23.55 i morgon.

Vidare oppdatering med bilete frå Madagaskar vil kome, men tolmod er ein fin ting.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar